Høringssvar fra Torill Storhaug Fotland
VISUELL FORSØPLING AV NATUR - MED KLIMAET SOM ALIBI !
Eg har saman med far min delteke på Kvinnherad Turlag sitt møte om vindmøller i Kvinnherad. Det politiske miljøet lokalt er mot utbyggingsplanane og me støttar dette og ynskjer å ropa eit høgt NEI til utbygging av vindmølleparkar i Kvinnheradfjella.
Naturen og fjella i Kvinnherad er fantastiske, det finnes ikkje make til våre fjell i verden. Gleda over å gå tur har eg fått inn frå eg var barn. Mine foreldre har frå første stund teke oss med til fjells for å få gode opplevingar. Det same har me som foreldre gjort. Det er utrulig kor mange fine stunder me har hatt i fjellet med jentene våre. Motivasjonen har vore å få nystekte pannekaker på bål, i kombinasjon med fysisk aktivitet og fantastiske utsyn ned mot fjorden.
I dag er far min i sitt 80.år og ein av dei ivrigaste turgåarar me har i kommunen. Årleg besøker han omlag 200 turmål i heile kommunen. Det gjer han ikkje for å bli yngre, men for å ta vare på helsa si og bli eldre. Slik ynskjer eg at både eg, mine døtre og kommande barnebarn og generasjoner også skal få mulighet til.
Det kan virka som om dei som har peika ut Kvinnherad som eigna område til vindkraft har manglende kunnskap om kva friluftslivsområder dei har valgt.
Den visuelle effekten av vindkraftanleggene er omfattende. vegane og vindmøllene vil virka som barrierar i landskapet, og opplevinga av støysnde, roterande møller oppe på fjelltoppar vil øydeleggja inntrykket av det naturlige. Eg ynskjer ikkje å vakna opp og sjå at Svaneheio, Mjelkhaug, Handelandshorjo, Englafjell, Ulvanåså og Uskedalsfjella er blitt teppebomba med svære vindkraftanlegg opp mot horisonten. Heller ikkje øyane Halsnøy, Fjelbergøy og Borgundøy må rørast. Me må ta vare på det vesle me har igjen av uberørt natur i Norge.
NVE opplyser at "vindturbiner kan være synlige over avstander på 40-50 km og gi en signifikant visuell påvirkning på avstander opp til 15-20 km".
Vindmøller er overflødig om vi fornyer vannkraften.
Kvinnherad produsere ca 3% av landets EL-energi, samtidig så har vi ca 0,3% av arealet og 0,3% av befolkninga.
Opprusting og utvidelse av norske vannkraftverk kan gi like mye strøm som all planlagt vindkraft på land – og med minimale naturinngrep.
Det er sjølvsagt dette eg håper på fremfor Monsterturbinene. Det vert mykje mindre inngrep i naturen, me slepp blinkende lys på natta, me slepp støy og me slepp øydelagt natur.
Høyr på folket, stopp vindkraft utbygging i uberørt natur i Kvinnherad
Helsing
Torill Storhaug Fotland, Valen - Kvinnherad