Forsiden

Høringssvar fra Håvard Haraldson Hatløy

Dato: 25.09.2019

Høyringssvar til NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft på land


- NATUR omfattar både land og hav og vi har ansvar for å ta vare på begge deler. Fortsette vi å auke forbruket og byggje ned naturen, øydelegg vi livsgrunnlaget vårt.

- 71 % AV BEFOLKNINGA ER MOT vindindustri i norsk natur.

- TAP AV NATUR er ein like stor trussel som klimaendringane.

- NORGE TRENG IKKJE VINDINDUSTRI: Oppgradering av eksisterande vasskraft vil gi meir energi enn all planlagt vindkraft - med minimale naturinngrep.

- VINDINDUSTRI HAR STORE NEGATIVE KONSEKVENSER for natur, dyreliv og folkehelse, både i Norge og i land der turbinar vert laga og skrota.

- OPPRINNELEGSGARANTIAR - eit gigantisk pengesvik.

- KVEN FJERNAR TURBINANE etter 15-20 år?

- INFRALYD: Vindturbinar lagar lågfrekvent støy som er veldig farleg for menneske og dyr.
KRAV:

1) Det bør ikkje byggjast ut meir vindkraft på land i Norge enn det som allereie er bygd. Stans all utbygging av vindkraftverk i Norge, uavhengig av plan- og utbyggingsstatus.

2) Alle konsesjonar som er gitt, må trekkast tilbake. Leveområde for menneske og dyr vert øydelagde for framtida, berre ei ny istid kan fjerne desse inngrepa. Ein kan ikkje redde klimakrisa ved å øydeleggje natur, men tvert om take vare på det som er att.

3) Områda langs kysten vår, urørte naturområdet i fjordstrøk, innland og fjell må takast ut av Nasjonal ramme for vindkraft. Områda har store og viktige landskaps- og naturverdiar, og har høg regional verdi for friluftsliv, folkehelse, busetnad og reiseliv. Ikkje berre for Norge, men heile Europa.

4) Stortinget må arbeide for å sikre at areal- og energiforvaltninga / politikken er sosialt, økonomisk og miljømessig bærekraftig.

Med helsing

Håvard Haraldson Hatløy