Høringssvar fra Else Kamsvåg og Fridtjof Jaatun
Høyring Nasjonal ramme for vindkraft
Vi er hytteigarar, og vil gje vår tilbakemelding frå den synsstaden.
Vi har hatt eit lite paradis inne på heia i Sirdal; ei lita hytte utan straum og innlagt vatn. Minst ein time å gå. Nokre få, gode naboar. Der har vore byggestopp i mange år; INON-område der ingen fekk byggja nye hytter, grunneigarar kunne ikkje laga ein traktorveg ein gong.
Her er milevis med urørt terreng. Vi har sett reinsdyr, eit majestetisk syn der dei sto i silhuett mot himmelen. Ørnen seglar på breie vingar, våk og hauk ser etter bytte, og rypa skvett opp framfor føtene våre. Om våren spelar orrfugl, og gauken gjel i liene. Her hekkar hubroen.
Så for vel 10 år sidan kom melding om at det var planlagt vindkraftverk rundt hytta og milevis sørover. Men grunneigarane i nord let seg ikkje lokke med feite leigeinntekter, dei ville ikkje ha naturen sin øydelagt. Dette var og eit område der rein kom når beitetilhøva var dårlege lenger nord. Dessutan var det ”bymarka” for dei som budde i bygda, og mange engasjerte seg med underskriftaksjonar og protestar mot vindkraftverket. Lenger sør var det grunneigarar som ville ha vindkraftverket, og utbyggjar dreiv lobbyverksemd mot kommunen, så dit vart det lagt. Like før det avgjerande kommunestyremøtet kom utbyggjar med tilbod verd fleire millionar. Så det vart knepent ja. Og no er Tonstad vindkraftverk under bygging. Men dei utanlandske eigarane har ikkje halde det som ein gong vart avtalt. No seier Sirdal kommune klårt nei til meir vindkraft.
Vi har medkjensle med bygdefolk som har fått øydelagt heia si, og hyttefolk som må leva med støy og svivande turbinvengjer og blinkande lys, og blir tilbode små summar for å skifta vindauge og dører, men ikkje nokon kompensasjon for verditap. Snart blir det vår tur til å få Buheii vindkraftverk i nærleiken. Det ligg i nabokommunen Kvinesdal, men tett opp til grensa mot Sirdal, og heilt inntil den delen av ”bymarka” som blei spart ved utbygging av Tonstad vindkraftverk. Innsigelse frå Sirdal og fylkesmannen hjelpte ikkje, det blei konsesjon til å rasera eit vakkert fjellplatå med mykje blankskurt berg, der turbinane vil synast mange mil til alle kantar. Og no er resten av heia, den som Tonstad vindkraftverk trekte seg frå, lagt inn i Nasjonal ramme for vindkraft.
Så no kan hubroen i eit av Noregs beste hubrohabitat få ei svært usikker framtid, med statleg velsigning. Det same gjeld rype, som har vore talrik. Tonstad vindkraftverk hadde mange raudlista fugleartar. Det einaste vindkraftverket, Smøla, der fugledød har vore dokumentert, viser at turbinane har vore ein drapsmaskin spesielt for ørn og ryper, men og andre artar. Og vi får neppe sjå reinsdyr her meir. Det biologiske mangfaldet blir redusert, og sårbare artar blir enno meir sårbare.
Frå ein hytteigars synspunkt er det ei stor sorg å sjå eit kjært landskap der vi har mange gode minner frå turar åleine og med born og venner, bli rasert. Det er sørgjeleg å vita at det går ut over andre levande skapningar, som har vore der mykje lenger enn vi. Det er og ein del av naturopplevinga å sjå dyr og fuglar. Likså å oppleva den stilla som berre har naturen sine lydar; no vil sus frå turbinar skjemma mykje av turområdet.
Veks du opp på ein stad, blir din identitet også knytt til landskapet rundt deg. Vi forstår den sorg og avmakt som folk kjenner når dei opplever at eit kjært landskap blir teke frå dei, og at årevis kamp ikkje hjelper. Ein føler seg lurt når ein innser at det som utbyggjarane seier om å hjelpa verda med å redusera CO2-utslepp slett ikkje stemmer. Meir kraft kan hentast inn ved modernisering og effektivisering av vasskraftverk, og ved å finne smarte måtar å spara straum på. Solceller er berre i startgropa i Noreg. Og når vindkraftverk blir bygd til havs i stadig fleire land, også av norske Equinor, kvifor har ikkje rike Noreg råd til det? Lagt utanom fiskebankar, fugletrekk og korallrev kan havvind gje mykje meir straum enn kva vi får ved å byggja ned naturen vår. Etterkomarane våre vil lasta oss dersom vi let urørt natur bli industriområde.
Som hytteeigar kan vi forlate området. Riktig nok med stort tap, for kompensasjon for tapt hytteverdi eller at ein ikkje får selt hytta blir ikkje gitt. Men det er verre for lokalsamfunnet når vi og andre hytteigarar dreg. For vi har lagt igjen mykje til lokale handverkarar som har reparert hytta, til mat og brensel og så bortetter. Vi vil påstå at det vi og andre hytteigarar bidreg med av inntekter og arbeidsplassar, er meir enn kva som kjem inn i eigedomsskatt frå vindkraftverk. Og det gir varige verdiar, noko vindkraftverk med ei levetid på max 25 år, ikkje gir.
Vår konklusjon er: Ikkje meir vindturbinar i urørt natur!
Oslo, 30.09.10
Else Kamsvåg Fridtjof Jaatun