Forsiden

Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 436616

Dato: 01.10.2019

Eg er sterkt imot vindkraft i norsk natur. Vi må ta vare den dyrebare naturen vår og artsmangfoldet. Dei store monsterturbinane gjer svært store inngrep i naturen og avgir støy og lavfrekvent lyd som er svært skadeleg for både fuglar, dyr og menneske. Naturen vår er viktig som frilufts og rekreasjonsområde og turbinene øydelegg desse. Eg føler verkeleg med alle som alt er berørt av desse inngrepa. Dei føler avmakt, sorg og sinne. For folkehelsa er dette ikkje bra. Vindkraft splitter lokalsamfunn og skaper sorg og mistrivsel. For meg er det rett og slett heilt ubegripelig det som skjer no rundt om i landet vårt. Mange har vakna og vil stoppe galskapen og det håper eg også Nve og styresmaktene vil gjere. Dette er ikkje eit grønt skifte, turbinene er ikkje nedbrytbare og er derfor heller ikkje klimavennlige. Kven skal ta rekninga for å rydde opp? Vi MÅ ta vare på den dyrebare naturen vår til framtidige generasjonar. Naturen kan ikkje målast i kroner og ører. Kapitalkreftene må ikkje få styre dette. Eg håper inderlig at vi blir høyrt og tatt hensyn til. Det er ein grunn til den sterke motstanden. Ver så snill, stopp raseringa av norsk natur!!