Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 238826

Dato: 30.09.2019

Høyringssvar - Privatperson - Viksdalen

Viksdalen er ein bygd som ligg i Gaular og framtidige Sunnfjord Kommune. Viksdalen har blitt lagt inn i NVEs forslag til nasjonalramme for vindkraft på land. Dette har skapt stor debatt blant innbyggjarane i bygda. Viksdalsfjella og Høyanger vil merke ein eventuell utbygging av vindkraft. Utbygging av vindkraft vil få store konsekvensar for kulturlandskapet, lokalmiljøet og næringslivet i Viksdalen. Gaularfjellet er ein av dei Nasjonale turistvegane i landet, og har ført til nye attraksjonar i bygda. Dette er med å sikre at næringsliv som satsar på turisme har eit sikra levegrunnlag. Ved ein eventuell utbygging av vindkraft har Statens Vegvesen åtvara at statusen som Nasjonalturistveg kan bli fjernet og framtidige planar om nye attraksjonar blir vraket.

Høvring - NVEs forslag til ein nasjonalramme for vindkraft på land.

Kommunane Gaular og Høyanger har einstemmig stemt over å blir tatt ut av NVEs rammeplan for vindkraft. Eg er ein av innbyggjarane i Gaular og Viksdalen som er imot NVEs forslag til nasjonalramme for vindkraft på land. Nasjonalramme for vindkraft på land er øydeleggjande for Viksdalen og vil få store konsekvensar for bygda. Dette vil føre til at framtidige tilflyttarar vrakar Viksdalen som følgjer av dei store inngrepa i fjellandskapet og naturen. Eg ser ikkje nokon framtid i Viksdalen dersom utbygginga av vindkraft blir gjennomført. Vegvesenet har varsla at statusen Gaularfjellet har som nasjonalturistveg kan bli fjerna dersom det NVE hald fram med planane. For næringane i Viksdalen som er basert på turisme vil dette få store konsekvensar. Nærbutikken i bygda vil også få påkjenning. Lokalmiljøet vil bli svekka. Det blir dårlege relasjonar mellom personar i Viksdalen, som vil føre til ein splitta bygd. Det vil føre til ein «oss mot dei» haldning. Vindkraft vil øydeleggje bygda og landskapet. Området er også eit fellesbeite for bøndene i Høyanger og Viksdalen. Mange er avhengig av dette området som beite for dyra sine.

Vidare vil det få konsekvensar for det biologiske mangfaldet i området. For dyrelivet vil det føre til tap av fuglar og insekt. Pollinerande insekt vil døy ut i stor fart. Dette vil på sikt føre til at fruktbar jord og reint drikkevatn blir mangelvarer i området. Biologisk mangfald kan bremse klimaendringar og er svært viktig for klima og miljø. Raudlista artar kan døy ut. Verdens insekt er på veg mot utrydding. Ein av dei større faktorane for dette er vindkraft. Øydelegging og oppstykking av naturen utgjer ein stor del av dette. Ved ein eventuell utbygging av vindkraft på land vil det bli utført store inngrep i naturen som er totalt øydeleggande og tar vekk livsgrunnlaget til dyr og insekt. FN har også slått fast at tap av natur og biologisk mangfald er ein like stor trugsel som klimaendringar.

For at det skal vere noko framtid med biologisk mangfald, levande bygder, gode relasjonar mellom folk, eit levande Noreg bør NVE stoppe all utbygging av vindkraft på land. Det betyr eksisterande vindkraftanlegg og framtidige anlegg. Det bør satsast på effektivisering og oppgradering av eksisterande vasskraftanlegg.