Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn
Referanse: 326611
Vindkraft ser ut til å ha ei mengd negative sider:
Skade på fugl og flaggermus
Skade på insekt
Forstyrrande for dyrelivet
Store naturinngrep
Svært ressurskreevjande konstruksjon
Dominerande i landskapet
Mikroplastforureining
Forureining ved brann og riving
Øydelegging av CO2-lagrande myrer
Farlege iskast om vinteren
Kraftig motstand blant innbyggjarane i dei aktuelle områda
For meg verkar det dermed som det glade vanvit å satse på dette. Det vert snakka om det grøne skiftet, men ein må ikkje øydeleggje naturen i iveren etter å berge han. Miljø er ikkje berre CO2, og det må då finnast andre løysingar enn dette. Er det ikkje betre å oppgradere dei eksisterande vasskraftanlegga om ein treng meir elektrisitet? Skulle der vere EU-/EØS-reglar som hindrar oss i dette, må regjeringa ta grep og få igjen kontrollen over landet!
Vi får dessutan vite at Noreg har meir enn nok elektrisitet til eige bruk frå vasskrafta. Grunnen til å byggje vindmøller må vel dermed vere at ein vil selje straum til utlandet? Det ser også ut til at det i stor grad er utanlandske investorar med i biletet. Kva har dei her å gjere? De må ikkje selje landet vårt berre for kortvarig vinning!
Mange artar i Noreg, både fuglar og insekt, står i fare for å verte utrydda. Då må vi ikkje byggje konstruksjonar som vi veit tek livet av fuglar og insekt, og vi må ikkje øydeleggje områda dei lever i. 23 September 2019 oppmoda statsminister Erna Solberg aktuelle land i Sør-Amerika om å redde Amazonas, det er vel og bra, men kva med vår eigen natur? Det er vi som har ansvar for den!
Etter mi meining er ikkje vindmøller til havs noko betre. Problema vert langt på veg dei same, berre at folk flest ikkje ser vindmøllene. Men naturen til havs er like viktig! Sjøfuglane er heilt avhengige av havet til ei kvar tid. Mikroplastforureining vil kanskje vere endå meir skadeleg til havs.
Eg vil råde regjeringa til å sjå på absolutt alle sidene ved denne saka. Tenk langsiktig, både når det gjeld miljø og sjølvråderett, og ikkje berre på kortvarig vinning!