Forsiden

Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 115922

Dato: 24.09.2019

I Tyskland syner det til at ikkje energiforbruket har minka, men heller auka trass vindkraftutbygging. Billegare straum fører til større forbruk. Det er industrien som aukar forbruket sitt. Det burde vere eit lovverk på kva som er lov å bruke fellesressursen energi på. Ikkje all industri er meiningsfull. Det er eit forbruksmønster som ikkje kan oppretthaldast.

Forslaget er eit omsorgssenter i byte mot tretti vindmøller på storleik med seksti fotballbaner.

Alle veit det gjeld øydelegging av vegetasjon, fugleliv, insekter, forsaking av roen som har vore der til oppbygging av både menneske og natur i all fortid, for ei framtid på 20 år.

Korleis stiller regjeringa seg til at det er ein reell prosess når det kjem i nyhende at:

1.utbyggar har erfaring med at «det går seg til» når vindmøllene fyrst er oppe.

2. folkemøte sa nei, vedtaket i kommunen var nei, men nve seier ja.

3.nve ikkje kan syne til verken ei kartlegging av insektsdød på vindmøller eller ei detaljert utgreiing av dyre-, plante-, fiske-, fugle- og insektslivet eller betydninga naturen har for folk i det spesifikke området?

4. Når eit naturområde vert vald med argumentasjon om at det vert mindre motstand, har det vel lite med tanken om at ein offrar naturen eller at ein ynskjer å faktisk høyre på folk.

5. Når eit naturområde vert vald med argumentasjon om gode vindforhald, har det vel heller lite med tanke på at området og ligg heilt ute med kysten for der fugletrekka går. 

Etter du har lest tenkjer du kanskje me har mykje natur å ta av, ein får alltid motstand for nye idear, byfolk må tole endringar utanfor huset sitt utan å verte spurt og at me må sjå dei store samanhengane med samarbeid om energi til Europa. Dersom me ser på historia har mykje endra seg med industrialiseringa, såleis er dette berre ei endring til, men trur du det går i lengda? Er det framføre TVen folk skal slappe av eller i eit hyttefelt? Hadde utfordringa di vore eit år på fjellet med deg sjølv i stilla? Hadde du klart det? Korleis ville du verdsatt naturen etter eit år trur du? Er den noko som skal brukast slik du tenkjer, eller skal den brukast slik at den er like god for neste generasjon. Behovet for å skape noko og bety noko i industrien, kan gjere at ein gløymer kvar ein høyrer til og er avhengig av.