Forsiden

Høringssvar fra Randi Solheim

Dato: 01.10.2019

Nei til vindkraft på land - i Kvinnherad kommune og landet forøvrig

Det er med sterk uro vi registrerer at det igjen planlegges nye vindmølleanlegg på land. Og i områder der havørna flyg inn, kongeørna lev og der vi finn rik flora og fauna. Rapporter kan endelig slå fast at her vil inngripen vera minst, det er ikkje det same som at inngrepet er lite. Det vil vera enormt. Enormt for oss som bruker dei nevnte områda til rekreasjon, eit nærområde med stor betydning. Både for alle oss som bur her, men og for tilreisande. Kvinnherad kommune er kjent for sin natur. Det er difor unge mennesker flytter heim att. For å komme nær naturen. Ikkje for å gå på anleggsvegar til eit stengt område.

Vi har ikkje meir natur å ofre. Så enkelt er det. Vi bur i ein kommune der 85 % av våre vassdrag er bygd ut. Skal vi måtte gje enno meir av det vi så sårt treng aller mest av? Det ligg folkehelse i fri natur. 250 meter høge vindmøller med støy og lys gjer oss ikkje det vi treng.

Vi må reduserer vårt fobruk, ikkje ofre natur for å auke forbruk. Det er irrasjonelt. Overkjører staten kommunen her, angrip det vanlige folks generelle rettoppfatning. Eit samla kommunestyre i Kvinnherad har sagt klårt nei.

Med venleg helsing

Randi Solheim

Kvinnhering