Høringssvar fra Uskedalen Solfjellgjengen

Dato: 01.10.2019

Solfjellgjengen går ofte tur til Solfjell og der har vi møtt både kongeørn og havørn mange gongar. Solfjell er eit veldig populært fjell i Kvinnherad pga den fantastiske utsikta til både Uskedalen og Omvikedalen, fjord og fjell, og så er det akkurat passe lang trimtur for ein søndag. Solfjell er mykje nytta av lokalbefolkninga frå desse to bygdene og også frå dei andre bygdene i Kvinnherad.


Vi krev at Solfjell og alle fjell og all natur i Kvinnherad vert teken ut av Samla plan!

Beste helsing

Venke Vetrhus

Håkon Øvreås

Mona Vetrhus

Anita Murel

Wermund Vetrhus