Høringssvar fra Trygve Osvoll

Dato: 30.09.2019

Eg meinar at det ikkje må bli gitt fleire konsesjonar for vindkraftanlegg på land i Norge. Samtidig må tidligare konsesjonar som er gitt, stoppast inntil vidare og gjennomgåast på nytt. Utbyggar må heller ikkje få anledning til å starte opp "arbeidet" (raseringa), slik vi ser mange eksempel på per i dag, før konsesjonen er behandla på nytt.

Utbygging av vindkraft på land i Norge har mange og særdeles store ulemper og gir svært lite tilbake. Klimaeffekten er minimal (om den i det heile tatt eksisterer), og det er kun vindkraftselskapa som tjener store pengar på dette som følge av massiv subsidiering frå det norske folk. Det folket sit igjen med, forutan høgare straumprisar, er fullstendig raserte områder av unik og vakker natur, som betyr enormt mykje for dei. Eg har vore engasjert i dette siste 8-9 månedane og har kome i kontakt med folk over heile landet, som er fortvila, deprimerte og frustrerte fordi dei føler seg overkjørt av vindkraftutbyggarar og NVE, samtidig som dei ser naturen som dei er så glade i og som har vore ein del av dei heile livet blir totalt ødelagt.

Foruten all den urørte naturen som går tapt, så går det selvfølgelig sterkt utover dyre- og fugleliv. Habitat blir borte og vindturbinane er også direkte farlege, og drep store mengder fugl og insekt.

Norge har meir enn nok av fornybar energi allerede, og vil også kunne auke denne produksjonen betraktelig ved oppgradering av eksisterande vannkraft. Det gir lita meining å bygge ned norsk natur for å produsere en ekstremt liten del av total europeisk energiforbruk. Erfaringsmessig (feks frå Tyskland) så fører ikkje auka vindkraftproduksjon til reduksjon av fossilbasert energi.

For meg virkar i tillegg prosessane bak tidligare utdelte konsesjonar lite demokratiske. Lokalbefolkning/politikarar føler seg overkjørte og ført bak lyset.

Vindkraftubygginga på land i Norge må stoppe opp!