Høringssvar fra Vestland SV
1.10.2019
Til Olje- og energidepartementet
Oslo
Frå Vestland SV
Høyringsfråsegn til NVE sitt «Forslag til nasjonal ramme for vindkraft»
Forslaget til nasjonal ramme for vindkraft syner at store område kan verte bygd ut med vindindustri. Målet med planen var å dempe konfliktar, men det motsette har skjedd. Folk har sett kva konsekvensar ei storstila utbygging av vindindustri i fjell- og fjordlandskapet på Vestlandet kan få. Dei alt etablerte, vedtekne og påbyrja utbyggingane har også vist kva dramatiske fylgjer ei bygging av hundrevis av vindturbinar i urørt natur vil få.
Gjennom forslaget til ramme har det kome fram meir kunnskap om områda som er peika ut, og moglege konsekvensar. Men det er ikkje tilstrekkeleg og godt nok. Noko som er påpeika av fleire, både av lokale grupper, kommunar og Forum for natur og friluftsliv. I fleire fråsegner vert det peika på manglar om verknader for både næringsliv, friluftsliv, landskap og artsmangfaldet.
Ramma ser ut til å ha vorte oppfatta som ein utbyggingsplan. Utbyggingsselskap har alt starta med å planlegge utbyggingar i dei utpeika områda og gjer avtalar med grunneigarar og andre. Dette også i område der kommunane har sagt eit klårt nei til utbygging. Utbyggingsselskapa tek seg på denne måten til rette og prøver på ein udemokratisk måte å presse fram eit ja til vindkraftutbygging.
Vestland SV meiner at fleire område burde ha vore teke ut av ramma utifrå dei kriterier NVE har lagt til grunn. I mellom anna område Sunnfjord og Sogn er det lagt opp til vindkraftutbygging nedslagsfeltet til varig verna vassdrag, Gaularvassdraget og Guddal-Flekkevassdraget.
Olje- og energidepartementet må i den vidare handsaminga av saka ha som mål å lage forslag til ein samla plan der områda som er uaktuelle for utbygging av vindkraft på land vert peika ut. Vestland SV meiner det må kome ein verneplan for kyst- og fjellandskap fri for vindkraftutbygging og andre tunge, tekniske inngrep.
For å få meir kunnskap om verknadene ber Vestland SV om det vert gjennomført ei evaluering av alt gjennomførte, store vindkraftutbyggingar. Vi meiner det vil gje eit betre grunnlag for å vurdere konsekvensane av framtidige utbyggingar.
I mai 2019, etter at NVE kom med forslag til ramme for vindkraft, kom FN sitt naturpanel med melding om at tap av urørt natur og artsmangfald er ein vel så stor trussel som klimatrusselen.
Noreg har eit unikt landskap, og ein viktig del er dei større samanhengande områda med urørt preg. Dei er ikkje berre avgjerande for landskapet, men for å sikre eit representativt utval av norsk naturmangfald. I det vidare arbeidet må olje- og energidepartementet oppdatere kunnskapsgrunnlaget med de som kjem fram i FN-rapporten.
Vestland SV meiner at allereie gjevne konsesjonar må vurderast på nytt på grunn av manglande naturkartleggingar. Miljødirektoratet peika på dårleg praksis alt i 2015 Det har vore ein praksis at kartleggingar fyrst er gjort etter at utbygginga har starta. Og når utbygginga er i gang kjem det fram at vindturbinar vert bygd midt i trekkruter til fuglar.
Vestland SV vil peike på at kartet som syner dei 13 utpeika område som aktuelle for utbygging, ikkje gjev eit godt nok bilete av kor omfattande utbygginga av vindkraft vil bli i Nor. Karta syner ikkje alt utbygde område og område der utbygging er starta eller konsesjon gjeve. Her viser vi til kart utarbeidd av pan og er å finne her:https://www.harvestmagazine.no/pan/det-totale-vindkraftkartet
Kartet gjev full oversikt både på kva som er utbygd, planlagt og forslag. Kartet syner også kor store område som vil sjå vindturbinar og bli påverka av støy.
Eit storstila vindkraftutbygging på land er grunngjeve med klimatrusselen og at Noreg må bygge ut meir fornybar energi som kan erstatte fossil energi både her i landet, i nabolanda og i Europa elles. Det er fram til no ikkje lagt fram nokon dokumentasjon på at det er ein samanheng mellom utbygging av vindkraft på land og reduksjon i bruken av fossil energi. Tvert om aukar bruken av fossil energi og utsleppa går ikkje ned, trass i ei stor utbygging av vindkraft i mange land. Noreg sin produksjon og eksport av vindkraft vil ha svært lite å seie for bruken av fossil energi i Europa. Dette vert nyleg stadfesta i ein framlagt rapport frå organisasjonen Global Carbon Project. Her vert det konkludert med at bruken av olje og gass framleis veks, trass i den sterke veksten i fornybar energi (Klassekampen 24.9.2019).
Før vidare utbygging av vindkraft på land og i havet må det gjennomførast ei grundig vurdering av kor mykje fornybar energi vi treng og korleis det er mogleg å redusere behovet for både fossil og fornybar energi. Alternativ til vidare utbygging slik som meir effektiv bruk av energi, opprusting og modernisering av vasskraftanlegg og tiltak for redusert forbruk må vurderast i denne samanhengen.
Kommunane sine syn må i stor grad verte lagt vekt på. Kommunane i dei områda som er peika ut i Sogn og Fjordane og Hordaland (nye Vestland) har så langt vi kjenner til sagt nei til vindindustri. Noreg er forplikta til å sikre lokal medverknad mellom anna gjennom Aarhuskonvensjonen, den europeiske landskapskonvensjonen og Europarådets Charter (konvensjon) om lokalt sjølvstyre. Kommunane må difor ha ein rett til å seie nei til utbygging.
Vindkraft på land har vorte svært bedriftsøkonomisk lønsamt på grunn av grøne sertifikat og lite skattlegging. Vestland SV meiner vindkraft må få det same skatte- og eigarregime som vasskraft. Det må innførast grunnrenteskatt og heimfall. Vestland SV meiner det må krevjast 2/3 offentleg eigarskap i vindkraftverka.
Oppsummering:
1. Kunnskapsgrunnlaget i forslaget til nasjonal ramme for vindkraft har manglar om følgjene for næringsliv, friluftsliv, artsmangfald og busetting
2. Målet for den vidare handsaminga må vere å få ein samla plan der område som er uaktuelle for vindkraftutbygging vert peika ut.
3. Vestland SV meiner det må kome ein verneplan for kyst- og fjellandskap fri for vindkraftutbygging og andre tunge, tekniske inngrep.
4. Vestland SV meiner at allereie gjevne konsesjonar må vurderast på nytt på grunn av manglande naturkartleggingar.
5. Det er fram til no ikkje lagt fram nokon dokumentasjon på at det er ein samanheng mellom utbygging av vindkraft på land og reduksjon i bruken av fossil energi.
6. Før vidare utbygging av vindkraft på land og i havet må det gjennomførast ei grundig vurdering av kor mykje fornybar energi vi treng ,og korleis det er mogleg å redusere behovet for både fossil og fornybar energi.
7. Kommunane må ha ein rett til å seie nei til utbygging.
8. På grunn av svært omfattande konfliktar knytt til planane m.a. regionale og nasjonale verdiar innnan landskap, friluftsliv, naturmangfald, kulturminne/kulturmiljø og reiseliv må alle areal i Hordaland og Sogn og Fjordane verte tekne ut av nasjonal ramme for vindkraft.
For Vestland SV
Hege Lothe
(fylkesleiar)
Marthe Hammer
(fylkesstyremedlem og gruppeleiar for SV i Vestland fylkesting)
Åsmund Berthelsen
(fylkesstyremedlem og medlem for SV i Vestland fylkesting)