Høringssvar fra Motvind Nordvest (Nei til Vindturbinar Nordvest)
Olje- og energidepartementet
Hareid 30.09.2019
Høyringsuttale til NVE si nasjonale ramme for vindkraft
Kommentarar knytt til område 48 i nasjonal ramme; Søre Sunnmøre og Nordfjord
Den politisk uavhengige interessegruppa Motvind Nordvest (tidlegare Nei til Vindturbinar Nordvest), ser enorme negative konsekvensar ved vindindustriutbygging i område 48. Blant desse konsekvensane finn vi rasering av populære turområde, store problem for turistnæringane, øydelegging av artsmangfald, lite lokal medbestemming og generelt redusert livskvalitet for innbyggjarar og dyreliv.
Vi vil òg nemne klimabløffen som har blitt selt inn til folket i høve andre vindkraftutbyggingar, i og med at denne straumen ikkje vil erstatte noko som helst fossilbasert straum på kontinentet. I praksis er situasjonen den at vi øydelegger naturen for at nokre få skal tene store pengar på dette – på bekostning av fellesskapet.
På dei delane av Søre Sunnmøre som er påverka av område 48 bur det nesten 50 000 menneske, med andre ord eit godt befolka område der dei fleste bur tett i bygdelag ved sjøen og i dalane rundt om. Fjella har ei avrunda preg, i motsetnad til dei alpine fjellformene lenger aust. Det gjer at desse fjella er lite krevjande å gå på, og dei er særs mykje brukt som turterreng året rundt. Mange idrettslag har trimgrupper der Fjelltrim med postar rundt om på fjella er særs populært. Mange tusen skriv seg inn i turbøkene som er plasserte rundt på fjelltoppar i heile området vårt, og sidan dette er eit relativt lite geografisk område, så har ein veldig godt utsyn til dei fleste andre fjella. Ei vindkraftutbygging i desse områda vil for alltid øydelegge turmoglegheitene som tusenvis av oss nyttar oss av både til trim, rekreasjon, avkopling, jakt og fiske. Vi har rett og slett få moglegheiter, og veldig mange bur slik at ein kan spenne på seg sko eller ski og kome seg rett opp på fjellet frå stovedøra.
Turistnæringane på Sunnmøre er særs viktige, og hundretusenvis av turistar kjem årleg til området for å sjå på fjell, fjordar, skjergard og hav. Dette er eit unikt område i global samanheng med store mengder urøyvd natur – både ved hav og på fjell. Turistane kjem ikkje hit for å sjå på vindturbinar som står som skjemmande symbol på rovkapitalisme som har vunne over naturen. Både masseturismen vil bli skadelidande, men ikkje minst vil dei lokale turistaktørane som driv høgkvalitetsturisme i form av hytte- og rorbu-utleige, fisketurisme og high-end hotell få svekka sine innsalgsmoglegheiter for å selje urøyvd natur.
Artsmangfaldet globalt er trua, og FN meiner at dette er ein endå større trussel enn klimakrisa, og naturinngrep i form av arealendringar er den største trusselen her. Då høver det særs dårleg at vi skal inn og øydelegge fjella våre og for alle artane som lever der, i tillegg til å setje opp enorme roterande knivblad som drep enorme mengder insekt og fuglar.
No har samtlege sju kommunar på Søre Sunnmøre som er ramma av NVE sin rammeplan tydeleg lagt fram sin motstand mot planen og dei fleste kommunestyra har einstemmig sagt nei til denne og bedt NVE om å skrinlegge heile planen, subsidiert ta ut område 48 av denne. Likeeins har Fylkesrådmannen bedt NVE om å skrinlegge heile planen. Denne massive motstanden er det ulike grunnar til, men manglande lokal medbestemmingsrett og villeiande opplysningar frå utbyggarar og NVE si side hjå andre stadar med utbygging og konsesjonar har nok vore sentralt. Folk føler seg overkøyrde dei fleste stadar der det har kome og blir bygd vindindustrianlegg, noko som fører til avmakt, manglande tiltru til myndigheitene og politikarar samt aukande polarisering by mot land. For å unngå fleire konfliktar og for å sikre NVE og OED sitt truverd i klimasaken så bør heile rammeplanen skrotast og gitte konsesjonar som ikkje har blitt sett i drift bør gjennomgåast på nytt med all den nye kunnskapen som har kome siste ti åra. Viss målet er å produsere mest mogleg klimavenleg straum, så kan vi få meir straum enn alle vindkraftutbyggingane ved å oppgradere eksisterande vasskraftanlegg, styrke ENOVA for å gjennomføre ENØK-tiltak – samt innføre ein utstrakt bruk av solcellepanel på sørvendte tak rundt om.
Det siste punktet vi vil få fokus på er livskvalitet. Mange av oss som er herfrå, og mange av dei som flyttar hit gjer det på grunn av nærleiken til ein særs variert og urøyvd natur. Vi har store fjellområde rett ut stovedøra og sjøen og vassdrag framfor oss. Storhavet lurer rett utanfor og høge tindar med skianlegg ein halvtimes køyring austover. Naturen er integrert i oss som bur her, og vi har til alle tider (i alle fall dei siste hundreåra) utnytta naturen på ein berekraftig måte, anten det er beiting av husdyr, jakt, fiske, bær-og soppsanking, skogdrift og torvspaing. Dette har vore matauk og skaffing av brensel, men i dagens samfunn er det aller viktigaste rekreasjon. Vi treng naturen – både til å vere i, men også til å sjå på. Ei vindindustriutbygging i fjella våre vil føre til ein kraftig reduksjon i livskvalitet sidan friluftsområda våre vert øydelagde for all tid, i tillegg vil veldig mange av oss måtte sjå på desse roterande monstera i alt dagslys, og blinkande diskolys nattestid.
Kjære Olje- og Energidepartement, tenk berekraft og styrka samfunn rundt om i landet. Skrot denne rammeplanen og gjennomgå kritisk samtlege konsesjonar som ikkje er komne i produksjon.
For styret i Motvind Nordvest,
Øyvind Grimstad Gryt, Nestleiar