Høringssvar fra Gulen kommune
Høyringsuttale til Nasjonal ramme for vindkraft på land
Saksnr. 056/19
Utval Kommunestyret
Møtedato 05.09.2019
Behandling i Kommunestyret 05.09.2019
Handsaming og røysting
Samrøystes.
Vedtak i Kommunestyret KOM sak 056/19
Gulen kommune kjem med følgjande fråsegn til NVE sitt framlegg til Nasjonal ramme for vindkraft, datert 1. april 2019:
Gulen kommune meiner at NVE sin konklusjon om lågt konfliktnivå for Gulen i analyseområde 18 byggjer på eit mangelfullt kunnskapsgrunnlag. Planen ikkje er tilstrekkeleg utgreidd og bør difor ikkje vedtakast i si noværande form.
På bakgrunn av vurderingane i saksutgreiinga, ber Gulen kommune om at kommunen, samt resten av analyseområde 18, vert teke ut av NVE sitt framlegg til Nasjonal ramme for vindkraft.
Bakgrunn for saka:
NVE har utarbeidd eit framlegg til Nasjonal ramme for vindkraft, som vart publisert 1. april 2019. Framlegget inneheld eit samla kunnskapsgrunnlag om verknadar av vindkraft på land, samt temakart med framlegg til det NVE meiner er dei 13 mest egna områda for lokalisering av ny vindkraft i Noreg. Innanfor desse områda vil det vere områder som ikkje egnar seg for vindkraft på grunn av konflikt med viktige interesser, eller som følgje av mindre gode vindressursar. NVE seier dei har lagt vekt på å unngå konfliktar med viktige naturområder, og tatt ut omsyn til tema som til dømes friluftsliv, støy, fugle- og dyreliv og kulturminner.
Gulen kommune er nesten i si heilheit ein del av analyseområde 18 –Nordhordland og Gulen. Grensa går omtrent midt på Sandøy, og området vest for denne er ikkje med i analyseområde 18. NVE meiner at området har gode produksjonsforhold for vindkraft, og lågare konfliktnivå knytt til friluftsliv, landskap og fugl enn i store deler av landet elles.
Det er Olje- og energidepartementet (OED) som skal ta endeleg stilling til politikken for vindkraft på land. Dei vil leggje til rette for god lokal og regional medverknad og ynskjer difor innspel til NVE sitt framlegg til nasjonal ramme, og til om det bør fastsettast ei slik ramme for vindkraft i Noreg.
Høyringsfrist er 01.10.2019.
Saksvurdering og konklusjon:
I følgje oppdraget frå OED til NVE skal den nasjonale ramma byggje på eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om verknadane av vindkraft. NVE har konkludert med at det er eit høvesvis lågt konfliktnivå knytt til viktige miljø- og samfunnsinteresser i Nordhordland og Gulen.
Eit viktig prinsipp innan offentleg forvaltning er at saker skal vere forsvarleg utgreidd før det vert gjort vedtak. Gulen kommune meiner at NVE sin konklusjon om lågt konfliktnivå byggjer på eit mangelfult kunnskapsgrunnlag. Problemet med manglande kunnskap vart også diskutert på innspelsmøtet i Bergen og stadfesta av Miljødirektoratet.
Administrasjonen vil i den vidare utgreiinga gje dømer på tilhøve me meiner ikkje er godt nok utgreidd eller ikkje er vurdert i det heile.
1 Manglande kartlegging og verdsetting av friluftsområder
Det manglar oppdatert kartlegging og verdsetting av viktige friluftsområder i Gulen. Arbeidet er starta opp, men framleis ikkje fullført, og det ligg difor ikkje inne i tilgjengeleg database.
I Gulen kommune fins det fire idrettslag med tilhøyrande fjelltrimgrupper som alle jobbar aktivt med å tilretteleggje turstiar både på fjellet og langs kysten. Me er også ein del av Ytre Sogn Turlag, og har eiga Barnas Turlag gruppe som er aktiv med turaktivitetar frå ung alder. Til saman er det i overkant av 100 tilrettelagte turløyper i kommunen og dette seier noko om verdien av friluftslivet for både innbyggjarane og dei mange hytteeigarane.
Nærleiken til Bergen gjer til at Gulen kommune er nest største hyttekommune i Sogn og Fjordane. Vindkraftanlegg i fjellet vil påverke kommunen sin attraktivitet som vert for potensielle hyttebyggarar.
Sjølv om det i Gulen kommune ikkje er like mange innbyggjarar som t.d i større byar, er verdien på urørt natur minst like stor for dei som bur i Gulen som verdien på Byfjella er for bergensarar eller verdien på Oslomarka er for oslofolk. Umiddelbar tilgang til friluftsliv og urørt natur er for mange, og spesielt unge tilflyttarar, sjølve hovudårsaka til at dei vel å bu her. Urørt natur, stillheit og ro er ein kvalitet dei har valgt å sette over bylivet sine tilbod. Å opne opp for utbygging av vindturbinar i kommunen sine friluftsområder vil difor vere svært øydeleggjande for mange av innbyggjarane i kommunen og regionen.
Utøving av jakt og fiske er også populære fritidsaktivitetar i Gulen. Utbygging av vindkraftanlegg vil påverke moglegheitene for denne typen aktivitetar negativt. Fleire av friluftsorganisasjonen har kome med uttale der dei stiller seg negative til utbygging av vindkraftanlegg i fjellet. Gulen kommune har også påpeikt dette ved fleire høver gjennom handsaming av konsesjonssøknadar om vindkraftverk.
Gulen kommune meiner at lokalmiljøet si verdsetting av uberørt natur og friluftsliv ikkje har vorte tilstrekkeleg teke omsyn til i NVE si ramme for vindkraft.
2 Kulturminner og kulturlandskap
Kulturminner og kulturlandskap er også to tema som ikkje er tilstrekkeleg kartlagt og verdsett på ein slik måte at det er lagt inn i allmenn tilgengeleg database. Det vert jobba med ein kulturminneplan som skal ta føre seg dette arbeidet. I St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand står det at kulturlandskapet skal forvaltast slik at kulturhistorie og estetiske verdiar, opplevingsverdiar, biologisk mangfald og tilgjengelegheit vert oppretthaldt. Med utgangspunkt i lokal kjennskap kan me konstatere at det er viktige kulturminner og kulturlandskap i Gulen som vil verte øydelagde ved ei eiventuell utbygging av vindparkar.
Gulatinget
I Gulen finn me opphavet til Gulatingslova og den autentiske tingstaden der Gulatinget vart halde. Gulatinget var truleg skipa av kong Harald Hårfagre og var det største lagtinget i Noreg frå 900 til 1300 A.D. Tinget var lovgjevande, utøvande og dømmande makt, der lovområdet femna heile kysten, samt Hallingdal, Setesdal og Valdres.
Gulen kommune har i fleire år jobba målretta med å utvikle Gulatinget med tingstaden og området rundt som kulturminneattraksjon og reiselivsdestinasjon. Når det er viktingtida og historia rundt denne som er attraksjonsmomentet, vil det vere øydeleggjande for opplevinga at fjellområda rundt er utbygde med store vindmølleparkar.
I AMBIO Miljørådgivning sin fagrapport «Konsekvenser for landskap» som vart utarbeidd for Zephyr som del av konsesjonssøknad om utbygging av Dalsbotnfjellet vindkraftverk, er Gulatinget berre nemnt ein gong, og det som del av ei oppsummering i ein tabell. Det verkar då tydeleg at viktigheita av Gulatinget, både lokalt, regionalt og nasjonalt ikkje har kome tydeleg fram verken hjå AMBIO eller NVE.
Stølsområder
Gulen, og også deler av Nordhordland, har eit heilt unikt omfang av steinbygningar der det har vorte brukt avansert tørrmuring som byggeskikk. Nokre av murkonstruksjonane og bygningane er rekna å vere blant dei mest avanserte og beste murarbeid som fins i dei norske bygdene (AMBIO Miljørådgiving, 2011) Mange av desse steinbygningane finn me som stølar på fjellet, og fleire av desse er i aktiv bruk i dag. Å få nærområda til desse stølane utbygde med vindkraftverk vil heilt klart forringe både verdien av stølsmiljøa og opplevinga av å bruke dei.
Den Trondhjemske Postveg
I Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner er det valt ut tre vegstrekningar i vest som skal stå som representantar for Den Trondhjemske postvei. Saman skal dei syna både utforming, byggjemetodar og ulike landskapstypar som vegen går gjennom. I Sogn og Fjordane fall valet på strekninga frå Postvåg i Halsvik til Rutledal i Gulen kommune. Dette vegstrekket vart freda i 2009. Utbygging av vindkraft i områda rundt postvegen vil forringe turopplevinga av å besøke vegen.
Andre kulturminner
Ved handsaming av konsesjonssøknaden til Zephyr, vart det understreka av Fylkeskommunen og gjennom private innspel at det ikkje er søkt etter kulturminner i deler av det då omsøkte området. Det same er gjeldande for andre deler av analyseområde 18 i Gulen. Fylkeskommunen framheva at det er potensiale for funn av automatisk freda kulturminner knytt til utmarksressursar, og at sjølv om utbygging ikkje rører ved automatisk freda kulturminner eller nyare tids kulturminner direkte, vil utbygging av vindkraftanlegg gje visuelle verknadar på kulturminner og kulturmiljø som vil verke negative.
3 Reiseliv
Sognefjorden er verdas lengste isfrie fjord og har alltid hatt ein spesielt viktig posisjon som eit av Noregs fremste reisemål. Sognefjorden er også ein svært internasjonal destinasjon. Over 60 prosent av kommersielle gjestedøgn er utanlandske, noko som er langt meir enn det nasjonale gjennomsnittet på rundt ein tredjedel, og også mer enn dei andre vestlandsfjordane.
Sognefjorden er eit av områda som vil verte mest visuelt påverka av utbygging av vindturbinar innan analyseområde 18 i Gulen. Dette vil medføre at landskapskarakteren langs fjorden og innseglinga til Sognefjorden vert endra frå ubrutte fjellrekker til å innehalde tekniske inngrep, i praksis industriområder. Vindkraftverk vil medføre negative visuelle verknadar i forhold til nærliggande områder og det viktige regionale og nasjonale referanseområdet som Sognefjorden er i seg sjølv. Påverknad på landskapskarakteren er vurdert som stor negativ, og eventuelle vindparkutbyggingar vil kunne få store negative konsekvensar for landskapet. Dette synet er støtta av AMBIO Miljørådgiving, men er i samband med konsesjonssøknad på Dalsbotnfjellet ikkje tatt omsyn til av Zephyr som på trass av rapporten påstår at verknadane ved innseglinga til Sognefjorden vil vere ubetydlege.
NHO Reiseliv viser også til Sognefjorden som ein internasjonal reisedestinasjon, og påpeikar at 85% av utanlandske turistar oppgir at å «oppleve fjordane» er svært viktig for norgesferien. Dei visuelle verknadane ved innseglinga til Sognefjorden vil vere negative ettersom vindturbinane vil vere godt synlege frå både skip som går inn og ut av fjorden og svekke inntrykket av uberørt natur. NHO Reiseliv har gått gjennom konsesjonssøknadar og vurderingar frå NVE og er av den oppfatning at lokaldemokratiet sine innvendingar og reiselivsnæringa sine behov for at ikoniske reiselivsdestinasjonar vert ivaretatt, vert handsama svært lettvint av NVE. Dette støttar Gulen kommune opp under.
I Nasjonal ramme for vindkraft har ikkje NVE teke til seg viktigheita av Sognefjorden, med ei urørt innsegling, som reiselivsdestinasjon og verdiskapar.
4 Inngrepsfrie naturområder (INON)
I St.mld. nr. 1 (2004-2005) frå Miljøverndepartementet er inngrepsfrie naturområder (INON) ført opp som eige arbeidsmål: «Sikre at attværande naturområde med urørt preg blir tekne vare på». I Gulen er areal med store, samanhengande områder utan inngrep sterkt redusert dei siste tiåra, på linje med store deler av resten av landet. Dei områda som i praksis vil vere aktuelle for utbygging av vindkraft, ligg dei få resterande INON-områda som er igjen i kommunen. Å sikre at desse områda ikkje vert utbygd er viktig både for å sikre biologisk mangfald, og for å ivareta føremålet i friluftslova.
Riksrevisjonen har ved fleire høver (2007 og 2011) påpeika at dagens arealforvaltning bidreg til nedbygging av område som skal takast vare på. Då er det naturleg at kommunen som ansvarlege for arealforvaltninga reagerer på at me ikkje vert høyrd av NVE når me prøver å forvalte arealet i tråd med dei statlege retningslinjene som er lagt.
Verneområder
Gulen har sju verneområder; Grima (myrområde), Ramsbarden, Kvernøyna, Sogneoksen, Guleskjeret, Lihellene (sjøfuglreservat) og Vassøyane (våtmarksområder). Totalt er ti stadar båndlagt for naturføremål i kommuneplanen, og fem av desse er innvilga som naturreservat.
To vassdrag, Ynnesdalsvassdraget og Dingjaelva, er varig verna.
Dette viser at det er naturområder av høg verdi innanfor det føreslåtte område 18.
5 Landskap
Konsekvensane for landskapet er nært knytt til kor synlege turbinane vert, og kor store inngrep som må gjerast i naturen med tanke på tilkomstvegar og oppsettingsplassar rundt turbinane, samt leidningsnettet. Ved konsekvensutgreiinga som vart gjort i samband med konsesjonssøknadane for Brosviksåta, Sandøy og Dalsbotnfjellet, vart det slått fast at utbygginga ville ha store negative konsekvensar for fleire av områda som då ville verte berørte av utbygging. Dei andre få middels negative konsekvensar. I dag er turbinane betrakteleg høgare enn det det vart søkt om i første konsesjonsrunde, og dette tilseier at konsekvensane for landskapet er betydeleg større no.
Utbygging av vindkraft i Gulen vil få store negative konsekvensar for landskapet.
6 Biologisk mangfald
Nyare forsking slår fast at det å oppretthalde biologisk mangfald er like viktig som å redusere klimagassutslepp dersom me skal nå FN sine berekraftsmål. Artar er avhengige av kvarandre, og dersom me mister ein art kan heile næringskjedar verte øydelagde. For kvar art som vert utrydda, svekker ein samanhengane i naturen som me er avhengige av for mat og utvikling.
Artsmangfaldet, både når det gjeld naturtypar, fugl og vilt er stort innanfor analyseområde 18 og Gulen. Norsk Ornitologisk Forening, avd. Hordaland og avd. Sogn og Fjordane, har uttala at det er mangelfull ornitologisk kunnskap om området, og det vert av fleire naturvernorganisasjonar hevda at trugselen som vindturbinar har for fugl og dyr vert bagatellisert.
Kongeørn og havørn
Det er kjent at store rovfuglar som kongeørn og havørn har relativt stor kollisjonsrisiko med vindturbiner. Dette er m.a. vist for havørn på Smøla der det frå 2005 til og med 2010 er funne 39 kollisjonsdrepte havørner. Dette betyr i gjennomsnitt 7,8 drepte ørner/år eller 0,11 ørner/turbin/år. Det er registrert havørn fleire stader i kommunen, og det utgjer også ein viktig del av eit kongeørnterritorium. For kongeørn vil både anleggs- og driftfasen medføre uønska forstyrringar og kollisjonsrisiko. Tiltaket er vurdert å ha stor negativ konsekvens for ørn.
Andre fugleartar
Både storlom og smålom hekkar i vatna i planområdet for Dalsbotnfjellet. Desse artane er sårbare for inngrep som ei eventuell utbygging vil medføre, og det er vurdert som svært sannsynleg at lommene kan oppgi planområdet som hekkeområde. Utbygging av vindkraft vil difor ha stor negativ konsekvens for desse artane.
Generelt er utbygging av vindkraftanlegg vurdert til å ha stor negativ konsekvens for artane over, og middels/lite negativ konsekvens for artar som rype, andefuglar, strandsnipe og ulike vadere for utbygging på Dalsbotnfjellet. (Jfr. Konsekvenser for biologisk mangfold ved utbygging av Dalsbotnfjellet vindkraftverk, Gulen kommune, AMBIO Miljørådgivning, 2011).
Samla konsekvens for planområdet som gjeld Dalsbotnfjellet er at artsmangfaldet vil endrast, og at levevilkåra til fleire artar vil forringast. Verknadsomfanget er difor vurdert eksternt til å vere middels/stort negativ. Det er naturleg å leggje til grunn at ein vil komme til liknande resultat for andre områder som vil vere aktuelle for utbygging i kommunen.
Naturtypar
Gulen kommune har naturtypar som er representative for Vestlandet, og med stor variasjon frå fjell til fjord frå aust til vest. Direkte arealbeslag som følgje av vindkraftutbygging vil kunne føre til fragmentering av naturtypar og vegetasjon. Vegnett og andre inngrep vil i praksis fungere som barrierer slik at artar som har vanskeleg for å spreie seg risikerer å verte isolert. Dette vil føre til at førekomstar av vanlege artar vil få redusert populasjon, og artar som førekjem berre på avgrensa areal i utbyggingsområdet vil risikere å forsvinne.
I dei områda det vil vere nødvendig å grøfte, vil forholda for vegetasjon kunne verte påverka i stor avstand frå tiltaket. Etablering av vegar i skråande terreng og andre inngrep vil føre til drenering, som vil kunne redusere førekomst av fuktigheitskrevjande plantar, og føre til endringar i artssamansetninga i det påvirka området. Det vil også i nokre tilfeller vere sannsynleg at slik drenering vil kunne føre til ureining av drikkevasskjelder.
Auka ferdsel i utbyggingsområder vil kunne føre til auka slitasje på vegetasjon, og samla sett vil utbygging av vindkraft føre til negative effektar på eit område med representative natur- og vegetasjonstypar for denne landsdelen.
Gulen kommune meiner at den samla negative påverknaden på det biologiske mangfaldet og naturtypar ikkje er teke tilstrekkeleg omsyn til av NVE.
7 Lokaldemokratiet
Gulen kommune har ved fleire høve sagt nei til konsesjonssøknadar knytt til vindkraft. Dette gjeld både konsesjonssøknadane på Setenesfjellet i 2008, på Sandøy og Dalsbotnfjellet i 2012, samt klage på NVE sin konsesjonssøknad på Dalsbotnfjellet. Kommunen var positiv til utbygging på Brosviksåta. Avgjerande grunnar for det var at det var semje mellom grunneigarane, og området hadde allereie naturinngrep.
Kommunen si haldning dei siste 10 åra har vore at utbygging av vindkraftanlegg som ligg i område med stort konfliktpotensiale ikkje kan aksepterast.
Samlokalisering med industriutbygging, og liknande, skal telje positivt ved vurdering av vindkraftprosjekt. Vidare er det lagt til grunn at lokalisering av vindkraftanlegg bør skje på ein måte som minimaliserer behov for ny infrastruktur utanfor anlegga (kraftleidningar, veg, transformatorstasjonar, mv.). Kommunen er ikkje prinsipielt imot utbygging av vindkraft på land, men meiner at der kommune/grunneigarar er imot eit prosjekt så må det vere avgjerande i ei sak.
Det har heile tida vore signalisert tydeleg frå NVE at det ikkje skal verte gitt konsesjon til utbygging i vindkraftverk i områder der det ikkje er lokal oppslutnad om prosjekta. I sak om utbygging av Dalsbotnfjellet har Gulen kommune så langt opplevd at innspel og politiske vedtak ikkje er teke omsyn til.
Mange bygder har opplevd det som ei stor påkjenning å kjempe ein kamp mot vindmøller i snart 10 år. Kommunen opplever at engasjementet mot utbygging likevel er større enn nokon gong, slik det vart tydeleg demonstrert då Olje- og Energidepartementet var på befaring i samband med klagen på konsesjonssøknaden på Dalsbotnfjellet.
Gulen kommune vil hevde at skal lokaldemokratiet ha verdi, må nasjonale myndigheiter, her ved NVE og OED ta kommunen sine innvendingar til følgje.
8 Samla vurdering
Administrasjonen meiner at NVE sin konklusjon om lågt konfliktnivå for Gulen i analyseområde 18 byggjer på eit mangelfullt kunnskapsgrunnlag. Den påstanden er grundig dokumentert i saksutgreiinga. Det er lagt opp til at nærare vurderingar knytt til miljø- og samfunnsinteresser skal gjerast i samband med handsaming av ein konkret konsesjonssøknad. I utgreiinga er det imidlertid gjeve døme på manglar me har sett i faktiske konsesjonssøknader. Fleire moment må difor vurderast i første instans som i nasjonal ramme. Vår vurdering er at planen ikkje er tilstrekkeleg utgreidd og difor ikkje bør vedtakast i si noværande form.
Nabokommunane i Nordhordland er av same meining.
Vindkraftanlegg kan gje kommunar inntekt gjennom eigedomsskatt. Administrasjonen har ikkje gjort nærare vurderingar rundt det i denne saka. Kommunane har dei seinare åra opplevd at regelverk rundt utskriving av eigedomsskatt på kort varsel har vorte endra i disfavør kommunen og med det hatt negativ innverknad på kommunen sitt økonomiske handlingsrom. Me legg difor til grunn at økonomiske effektar av ei eventuell utbygging er ein x-faktor og finn det ikkje naturleg ta det inn som eit moment som må vurderast når kommunen skal gjere sine vurderingar rundt Nasjonal ramme for vindkraft på land.
Vindkraft engasjerer, og i tida etter at framlegg for Nasjonal ramme for vindkraft vart lagt ut på høyring har debatten rast både om Noreg faktisk har bruk for kraft i den skala som planen legg opp til, og vidare om det ikkje heller burde vore prioritert å satse på vindmøller til havs.
Gitt tankane over er administrasjonen i sterk tvil om tidspunktet no er det rette for å fastsettast ei ramme for vindkraft i Noreg.
Skal planen likevel godkjennast er det administrasjonen si vurdering at Gulen kommune og resten av område 18 bør ut av Nasjonal ramme for vindkraft.
Administrasjonen sitt framlegg til vedtak:
Gulen kommune kjem med følgjande fråsegn til NVE sitt framlegg til Nasjonal ramme for vindkraft, datert 1. april 2019:
Gulen kommune meiner at NVE sin konklusjon om lågt konfliktnivå for Gulen i analyseområde 18 byggjer på eit mangelfullt kunnskapsgrunnlag. Planen ikkje er tilstrekkeleg utgreidd og bør difor ikkje vedtakast i si noværande form.
På bakgrunn av vurderingane i saksutgreiinga, ber Gulen kommune om at kommunen, samt resten av analyseområde 18, vert teke ut av NVE sitt framlegg til Nasjonal ramme for vindkraft.