Forsiden

Høringssvar fra Signe Ekeland

Dato: 31.07.2019

NVE sitt forslag er dramatisk inngripande for Kvinnherad-naturen. NVE og regjeringen er svært i utakt med dei folkevalde, friluftsorganisasjonar, næringsdrivande, turismen og sist og ikkje mindre viktigare innbyggjarane i Kvinnherad.

Primært er mitt bodskap fylgjande: Ei utbygging vil bli synleg og merkbar i store deler av kommunen. Det vil ha negative konsekvensar for innbyggjarane, lokalmiljø, for bygdene og for samfunnsutviklinga generelt. Sekundert vil eg også poengtere at underteikna har eigedom på Valen i Kvinnherad, og fryktar at utbygging kan få fylgjer for utleige av eigedomen og for verdien på sjølve eigedomen. Eg fryktar for støyen, eg fryktar for den massive inngripen vindturbinar vil ha i naturen i nærmiljøet på Valen. Det vil bli dramatiske endringar og forringing av naturen og enkeltmennesket sin oppleving av naturen. Dette igjen vil kunne føre til negativ utvikling i høve trivsel, livskvalitet og folkehelse.

Eg vil også trekkje fram at det er viktige nasjonale kulturminne i det aktuelle området. På Halsnøy vil Halsnøy kloster vere heilt i nærleiken til vindturbinområder. Dette er også totalt uakseptabelt, då det er svært viktig å ta vare på klosteret si historie og sine kvalitetar. Halsnøy kloster er eit kulturminne som av Riksantikvaren er rekna som eit av dei få kulturminne som har direkte betydning for etableringa av nasjonen Norge. Eg ber regjeringa orientere seg og syte for at dette viktige forhold også vert teken med til vurdering.