Forsiden

Høringssvar fra Lars Ivar Tungesvik Dahle

Dato: 29.09.2019

Høyringsvar til OED angåande vindkraft i Kvinnherad kommune

Me har drive gard i Åkra i fleire generasjonar, og har stølshus og beiterett ved Steinsvatnet og Børstølsvatnet på Vikastølen.

Våre dyr beitar i eit område som i følge NVE er veleigna for vindkraft. Det er jaktløyve på garden, og det er mykje hjort i dei same områda.

Vindindustri i Kvinnherad vil ha stor negativ innverknad på vårt livsgrunnlag, og vil gjere det endå vanskelegare å ha gard i ei lita vestlandsbygd.

Vindkraftindustri er ein stort inngripen i vår natur og utmark, og vil øydelegge dyre- og fuglelivet i fjellet. Det vil og true vår helse. Naturen gir oss krefter, overskot og rekreasjon, og om dette blir tatt i frå oss vil det true både vårt livsgrunnlag og vår identitet.

MVH

Lars Ivar Tungesvik Dahle

Sigbjørn Tungesvik Dahle

Sindre Tungesvik Dahle

Inger Børve

Marie Tungesvik Dahle

Rune Dahle

Sigbjørn Laurits Tungesvik

Gyda Tungesvik