Høringssvar fra Linda Hjartholm
Stopp utbygging av vindmøller på i fjella Gulen/Dalsbotnfjella og andre vestlandsfjell til konsekvensane er utreda på forsvarleg vis med f.eks. 2019-2021 tallmateriale lagt til grunn. Gamalt utgreiingsmateriale (10-20 år), kan ikkje være einaste sanninga å støtte seg til i ei så viktig sak, som bl.a. kjem til å gjere uboteleg skade på fjella, på fugl og alt dyreliv ellers som lever i dei aktuelle fjellområda. Fornybar energi er nødvendig og eit svært viktig bidrag til å få ned totale klimautslepp; men at møller på fjella av slike dimensjoner som er beskrive dei siste åra; kan ikkje være løysinga her. Slike gigantprosjekt som berører so mange i uendeleg med år framover, treng forankring. Vi som innbyggjarar har rett til å faktisk forstå samanhengen mellom inngrep/utbygging, resultat og kva effekt dette får på både på landskap og ikkje minst kva vi får ut av denne produksjonen. Kva får kommunane/innbyggerne igjen for dette? Korleis er vedlikehald over tid på monstermøllene? Korleis kan vi sette i sving dette utan ein ny konsekvensutredning, når sjølv det minste inngrep av ein grunneigar i dag, såvidt kan godkjennast fordi det gjer "uboteleg" skade? Det mest skremmande med heile planen; er at det er blitt slik hastverk med å setje det ut i livet. Eigarsida/investorene er på utanlandske hender; og dei leitar alltid etter lønsame investeringar. Med nesten negative renter i fleire land d siste året; er sjølv investeringar med eit potensiale på kanskje ned mot 2-4 % avkastning lønsamt for ein investor. Norge subsidierer med svært gode skattefordeler for vindkraftutbygging; det har bidratt til at den "ulønsame" utbygginga som har latt vente på seg sidan dei første konsesjonene blei gitt for mange år sidan, no er blitt lønnsame utfrå dei utanlandske investorene sitt perspektiv. Vi må forstå at Norge frå ein utenlandsk investor sitt ståstad er den trygge "småbanken" som tilbyr høg rente på investeringa med låg risiko; drøymescenariet for ein storinvestor. Skremmande og uforståeleg at vi har latt oss føre slik bak lyset i under dekning av "miljøengasjement". Stopp i alle fall utbygging no, konsekvensutred bl.a. Dalsbotnfjella på nytt, vi skal, og ikkje minst bør ta oss den tida det tek for å få forankra om dette faktisk er den beste løysinga Norge vi kan delbidra med for å få ned dei totale klimautsleppa. Alvorleg talt!
Linda Hjartholm