Høringssvar fra Kristin Lindseth
Stortingsmeldinga (Meld. St. 25 (2015-2016)) våren 2016 slo fast at «regjeringa vil legge til rette for en langsiktig utvikling av lønnsam vindkraft i Norge", og at "Olje- og energidepartementet vil utarbeide en nasjonal ramme for konsesjonsbehandling av vindkraft på land".
Olje- og energidepartementet ga i februar 2017 NVE i oppdrag å leda eit arbeid med å laga eit forslag til ein nasjonal ramme for vindkraft på land. NVE kom i april dette året med følgjande rapport: http://publikasjoner.nve.no/rapport/2019/rapport2019_12.pdf.
NVE sin rapport peikte ut 13 område som dei meist eigna for vindkraft på land i Norge, deriblant i Kvinnherad kommune.
Det er etter mitt syn fleire grunnar til at dette aldri må skje med den flotte kommunen vår:
Flora og fauna:
Som menneske som forvaltar og nyttar naturen følgjer det med eit stort ansvar. IBES – rapporten frå FNs naturpanel slår fast at tap av natur er ein like stor trussel mot planeten som klimaendringane. Arealinngrep er den desidert største akutte trusselen mot natur og artsmangfald både nasjonalt og globalt. 90 prosent av alle rødlista arter i Norge, samt andre trua og sårbare arter, trues nettopp på grunn av arealendringar og arealøydelegging. Ei utbygging av vindturbinar er såpass inngripande at sårbare og sjeldne naturtypar byggjast ned. Kvinnherad har mellom anna viktige habitat for havørn, kongeørn og hubro. Det seiast at det trengs menneskelege renovatørar til å plukke fuglelik omkring mastene…. Vindturbinane vil også kunne påverka trekkruter, kalvingsplassar, ørtero og andre behov som ulike dyre- og fugleartar treng.
Biomassen av insekt synker med 2,5% årlig. Det er målt over 75% reduksjon av biomassen på flygande insekt i naturvernområder i Tyskland, bare på de siste 27 år. Med stort bortfall av insekt vert det færre igjen til økosystema. Desse er sårbare og utsatt frå før, særleg i norske fjellområder med marginale somre. Bortfall av insekt betyr press på blomsterfloraen - frå lyng til rødlista orkidear. Økosystemet vårt er forbundet og lever i eit symbiotisk forhold. Vert ein art forstyrra eller får øydelagt livsgrunnlaget sitt, så påverkar dette heile økosystemet.
Naturinngrep:
Store deler av Kvinnheradfjella er svært kuperte. En eventuell vindkraftutbygging vil krev store inngrep i terreng, eksempelvis sprenging ved bygging av tilkomstveier. Detta vil medføra massive og permanente spor i den sårbare høyfjellsnaturen. Kommande generasjonar av kvinnheringar og besøkande bør kunne få oppleva naturen i Kvinnherad slik den er per i dag, og ikkje som store industriområde. Det er overhodet ingen muligheit å tilbakeføra naturen etter så store inngrep. Og kva med vedlikehald og reperasjonar av vindturbinane? Dersom ein kollapsar vil mengda olje gjera stor skade. Det seiast også at blada ikkje kan resirkulerast grunna dei inneheld giftige stoffer.Det er kun 23% urørt natur igjen på planeten vår; la oss behalda det lille me har att.
Friluftsliv:
Fjella i Husnesområdet er eit viktig område for friluftsliv i den mest folkerike delen av kommunen. Når ein kjem opp på fjella framstår dei nærast som urørt. Eksempelvis Ulvanåso, Geitadalstind, Englafjell og Mjelkhaug. Lengre øst finn du områda
Blådalen / Fjellhaugen og Åkrafjorden. Områda er populære for fjellturar og skisport. Skisenteret i Fjellhaugen er eit populært tilbod. Dette området grensar til Folgefonna Nasjonalpark. Vindturbinar vil øydeleggja opplevinga av å kunne nyta norsk natur
Turisme:
Vindkraftutbygging i fjella våra vil føra til ein reduksjon i antal turistar som kjem til kommunen. Turistane kjem for å oppleva den flotte naturen Kvinnherad har å by på, og synet av vindturbinar i fjella vil redusera besøksverdien for store deler av kommunen. Turismen i kommunen bidrar til bosetting, lokal verdiskaping og arbeidsplassar. Og det kan seiast at dersom turismen går ned enkelte plassar vil dette også kunne påverka andre plassar. Vindkraftutbygging vil også kunne hindra vidare utvikling av turisme i Kvinnherad.
Andre grønne alternativ:
Den finns fleire alternativ med tanke på grøn energi og desse bør utreiast og forskast meir på. Eksempelvis vindkraft til sjøs, solkraft, energiøkonomisering og andre klimavennelege tiltak. Norge har allereie eit stort utbygd vasskraftverk som med midlar kan oppgraderast slik at dei produserast meir strøm. Leif Lia, professor ved NTNU/HydroCen skrev i Dagens næringsliv i mai 2019 at "Opprusting og utvidelse av norske vannkraftverk kan gi like mye strøm som all planlagt vindkraft på land – og med minimale naturinngrep" (https://www.dn.no/innlegg/energi/vindkraft/fornybar-energi/vindmoller-overflodig-om-vi-fornyer-vannkraften/2-1-600733).
Derfor: NEI til vindkraftutbygging i Kvinnherad, og Nei til meir vindkraftutbygging i Norge.