Forsiden

Høringssvar fra Hestadgrend Grendalag

Dato: 29.09.2019

Til

Olje og Energidept

Høyringssvar Nasjonal ramme for vindkraft.

Konklusjon

Vi krev at fjellområdet mellom Gaular og Høyanger vert teke ut av den nasjonale ramma for vindkraft.

Vindkraftutbygging i fjella vil medføre øydelagt natur i fjella og redusert nærings- og busettingsgrunnlag i grenda. Dei lokale ulempene er ekstremt store ved vindkraftutbygging, medan den lokale gevinsten er ubetydeleg sett i samanheng. Det bør vere sjølvsagt at eit område med så store verneverdiar og så sterke andre interesser er uaktuelt for så voldsomme inngrep. Vi fryktar for både grenda, dalføret og heile området sin attraktivitet og si framtid dersom vindkraftprosjekt i fjella vert realisert.

Både Høyanger og Gaular kommune har sagt nei til vindkraftutbygging i sine fjell.

Bakgrunn

Hestadgrend Grendalag vil med dette kome med høyingssvar til nasjonal ramme for vindkraft. Hestadgrend Grendalag soknar om fjella mellom Viksdalsvatnet og Høyanger, innanfor område 19 i nasjonal ramme for vindkraft. Vi vil med dette beskrive grenda i dag, og dei viktigaste momenta knytt til grenda og påverknad frå vindkraftutbyggjing i fjella her.

Hestadgrend i dag

Hestadgrend er ei grend midt i Gaular kommune, langs Viksdalsvatnet og Hestadfjorden. Grenda opplever for tida ein auke i folketal og fleire nye barnefamiliar som buset seg. Her er mange hytter og fritidsbustader, samt aktive gardsbruk med mjølk, kjøtproduksjon og reiselivsverksemd. Kulturlandskaper er godt vedlikehelde, og fleire turstiar er siste åra merka og tilrettelagt for ferdsel. Dette delvis som resultat frå grenda si deltaking i fylkesmannen sitt bygdeutviklingsprosjekt for nokre år tilbake. Gaular kommune siste åra har vore ein av få kommunar i Sogn og Fjordane med auke i folketalet.

Grenda er rik på kulturminner og har tilrettelagt for ei eiga kulturminneløype rundt Hestadfjorden. Særleg framstår Hestad Kapell som eit viktig kulturminne, på Øyra, eit landskapsvernområde mellom Hestadfjorden og Viksdalsvatnet. Hestad kapell har vore i Fortidsminneforeningen si eige i over 100 år. I tilknyting til kyrkjestaden på Øyra, er fortids/kulturminnet ved den gamle kyrkjevegen frå Sogn over Bruraskaret til Hestad.

Reiselivsverdiane i grenda heng saman med kulturminnene, landskapet, vassdraget og den urørte naturen. Nasjonal Turistveg prosjekterer to nye rasteplassar langs Nasjonal Turistveg Gaularfjellet. Begge desse plassane ligg i Hestadgrend. Eine plassen i tilknyting til Hestad Kapell og ein ved Eikelandsfossen. Begge stader investerer det offentlege millionar på infrastruktur knytt til reiselivet langs Nasjonal Turistveg.

Om nasjonal ramme for vindkraft i fjella mellom Viksdalsvatnet og Høyanger og konsekvensar av denne:

  • Nasjonal ramme for vindkraft har presentert det aktuelle område for vindkraft i grenda vår til å vere fjella på sørsida av Hestadfjorden og Viksdalsvatnet. Utbyggjingsområdet innanfor Hestadgrend Grendalag sin geografi strekkjer seg frå Blåfjellet/Storefjellet i vest til Jemdalsnova i aust, og vidare austover over Snøheia og mot Holsnipa (i Gaular kommune).
  • Eit fleirtal av grunneigarane i Hestadgrend går mot at området skal vere med i rammeplanen, og har sagt frå at dei ikkje ynskjer kontakt med evt. utbyggarar. (9 bruksnr). Dei andre, ca 5 bruksnr, har ikkje gjeve klårt uttrykk for si haldning. Det må føretakast ekspropriasjon av store deler av området om det skal brukast til vindkraft.
  • Det er allereie før nasjonal ramme for vindkraft er ferdig høyrt og behandla, sendt melding om Høyangerfjell vindkraft frå utbyggjar Fred Olsen Renewables i fjella her. I meldinga er det førelagt planar på om lag 80 vindturbinar i fjella mellom Gaular og Høyanger, og eit areal på 78 km2. Dette vert den største vindindustriarealet i landet til no. Vindturbinane vil ha ei høgde på omkring 200 meter utifrå dagens teknologi. Men med notidas teknologiutvikling og økonomi i utbyggingane, kan framtidas turbinar også i desse vindkraftprosjekta bli opp mot 300 meter i total høgde, med høgintenst lys i toppen av turbinmasta. Turbinane vil verte synlege frå storparten av busetnaden i grenda og frå storparten av Nasjonal Turistveg. Sjå vedlagte visualisering.
  • Støy frå vindkraftturbinar er eit lite belyst tema, men som vi ser frå realiserte vindkraftverk har fått store verknader for dei som bur i omkrets innanfor 3,5 km frå turbinane. Erfaringar og ny kunnskap tilseier at støy frå vindkraftverka vil få verknader for grenda og heile dalføret.
  • Utbyggjarar har opplyst at krafta frå vindturbinane må inn på ei 132 kv linje. Uansett kva veg ein går i fjella, er det nokre mil til ei 132 linje. Evt vindkraftverk vil difor utløyse behov for nye kraftlinjer, ein kostnad som igjen i hovedsak vert belasta lokal nettleige.
  • Vindkraftverka vil medføre store irreversible inngrep i naturen i fjella i form av m.a. vegar, fyllingar, standplassar for turbinar og framføring av linjer. Desse inngrepa vil medføre varig reduksjon av naturverdiar og biologisk mangfald i fjella våre. Det vil medføre restriksjonar i ferdsel i fjella, og dermed påverknad for beitedyr og jakt i områder, i tillegg til påverknad på generell friluftsliv i området.
  • Alt etter vind og vertilhøve går inn- og utflyging frå flyplassen på Bringeland anten over Gaulardalføret eller Førdedalføret. Dei planlagde vindturbinane vil liggje i traseen for ruta over Gaular.
  • Gaularvassdraget vart vedteke varig verna i 1993, gjennom Verneplan 4 for vassdrag. Vernet gjeld heile nedslagsområdet, inkludert sidevassdraga. Storparten av det prioriterte området for vindturbinar ligg innanfor verneområdet (sjå vedlagt kart med overlapp mellom utbyggingsområde og verneområde). Vernet legg sterke restriksjonar på bruk av området for oss som bur, eig og har livsgrunnlaget vårt i grenda. Restriksjonane gjeld alle former for utbygging og bruk av ressursar, også småkraftutbygging., og næringsutviklinga i lokalsamfunnet har fleire avgrensingar p.g.a. verneforskriftene. Vindkraftverk i fjella og nedbørsfeltet til vassdraget er i strid med verneplanen for vassdrag, og vil sterkt redusere verdiane som vassdraget er verna med bakgrunn i.
  • Vindkraftverk i fjella vil medføre reduksjon i eigedomsverdiane i dalføret, og dermed også eit svekka nærings- og livsgrunnlag i grenda.

Utfyllande kunnskap om området

Vernet av Gaularvassdraget

Gaularvassdraget er gjennom Verneplan 4 for vassdrag verna som type referansevassdrag. Med dette følgjer det strengaste vernet. St.prp 118 seier m.a.: «Inngrep som skjer utenfor selve vannstrengen kan ha vesentlig innvirkning på verneverdien». Det er utarbeidd Rikspolitiske retningslinjer som gjeld i nedbørfeltet til Gaularvassdraget, og i vassdragsrapport til Samla Plan, vassdrag nr 337, Gaularvassdraget, er dei ulike verneverdiane klassifiserte. Gaularvassdraget har fått 4 stjerner på alle klassifiseringane, noko som betyr topp verdi innanfor naturvern, friluftsliv, vilt, fisk og kulturminnevern.

Det er difor svært underleg at NVE no finn at området ikkje har viktige verdiar. Problemet med press mot naturen frå andre interesser ved verna vassdrag var også omtala i verneplan 3. Statens Friluftsråd seier her m.a. ”Verneinteressene her er sammenfallende og totalt sett meget store”. St.prp. nr 118, side 8 seier at «Stortinget har tidlegere uttalt at en skal forsøke å hindre at andre inngrep enn vassdragsutbygging reduserer verneverdien i vassdragene», og «Utgangspunktet for vernet er at hele vassdragets nedbørfelt er vernet dersom ikke noe annet er utrykkelig fastslått i vernevedtaket».

Gaular kommune har vedteke ein forvaltningsplan for heile nedbørfeltet i samsvar med Rikspolitiske retningslinjer. Fjellområda har her fått det strengaste vernet. Det er difor strenge restriksjonar på alle typar inngrep i Gaularvassdraget sitt nedbørfelt. Dette gjeld m.a. all bygging, av vegar og alle inngrep i terrenget, utnytting av sidevassdraga til småkraftverk m.m. Grunneigarane og lokalsamfunnet sin handlefridom og sjanse til utnytting av ressursane i nærområdet er såleis sterkt avgrensa.

Vernevedtaket for Gaularvassdraget må opphevast, dersom det vert gjeve konsesjon for vindkraftutbygging i fjellområda.

Nasjonal Turistveg Gaularfjellet

Nasjonal Turistveg Gaularfjellet strekkjer seg frå Balestrand ved Sognefjorden, går langs Rv5 over Gaularfjellet og vidare frå Eldalsosen til Sande langs Rv610. Sentralt for utvalet av strekninga som Nasjonal Turistveg står opplevinga av vakre natur- og kulturlandskap. Desse opplevingane skal ikkje bli forringa av inngrep, men tilby turistar opplevingar av urørt natur i samsvar med sine forventningar til Norge. Nasjonal Turistveg er ein turistattraksjon som byggjer opp under landet som reiselivsmål. Vindkraftverk i fjella mellom Gaular og Høyanger vil øydelegge grunnlaget for Nasjonal Turistveg Gaularfjellet, og dermed også for dalføret vårt som reiselivsmål.

Friluftslivet i dette området er sterkt undervurdert av NVE

Området er mykje brukt som friluftsområde både sommar og vinter. Både folk frå Gaular og Høyanger har mange stølar og hytter i fjellet. Desse er populære utleigeobjekt, både for turgåarar, jegerar og sportsfiskarar. Blant dei som leiger regelmessig her, er det folk frå heile Sør-Noreg, og frå dei større byane, Bergen, Stavanger og Oslo. Vegen frå Vadheim forbi Markeset og inn i fjellområdet sør for Snøheia og Jemdalsnova gjev lett tilgjenge til storparten av området. Vert det bygt vindturbinar her, vil storparten av fjella her verte stengde og utrygge å ferdast i. Dette gjeld m.a. fare for iskast i store deler av området slik klimaet er her.

Dyreliv, jakt og fiske

Rypebestanden har vore god, eit av dei beste områda i vår del av fylket. Rypa har vore på grensa til å verte raudlista, men bestanden er no aukande att etter nokre svake år. I fyrste del av jakttida er her mykje hjort, sommarbeita er viktige for hjortebestanden. Rypebestanden kan verte utrydda med vindturbinar over heile området. I fagrapportane til Samla Plan for vassdrag (1984), er området merka som svært viktig både for fugle – og dyreliv, med viktige trekkruter for hjort gjennom det planlagde anleggsområdet. Det er og observert regelmessig hekkande kongeørn vest for Snøheia.

Så lenge vi kan kjenne til, har det vore observert hubro i Hestadgrend. Av rovfuglar finns her hønsehauk og spurvehauk, ymse slag ugler og falkar, varierande tal i samsvar med smågnagarår.

Dei vanlege rovdyra i området er rev, røyskatt, mår, snømus, oter, villmink. Jerv og gaupe som streifdyr. Grenda har også gode bestandar av storfugl og orrfugl, rugde m. fl.

Fjellbeita har alltid vore viktige, no særleg for sauehaldet.

Fjellområdet her har svært gode beite, høge lammevekter og lite tap. Vert området utbygt som eit industriområde, med vegar, store fyllingar og skjeringar i det kuperte landskapet, og 60 – 80 vindturbinar, vil store deler av beiteområdet gå tapt. Det er og svært usikkert korleis sauene vil oppføre seg både under og etter anleggstida.

Oppsummering

Vindkraftprosjekt i fjella mellom Høyanger og Gaular vil ha ein høg kostnad for det lokale samfunnet her i form av konsekvensar forklart ovanfor. Både lovgjevinga omkring energikonsesjonar, framstilling av behov for krafta og andre alternativ med lågare kostnad for det lokale samfunnet, samt skatteinsentiva som ligg bak framdrifta av vindkraftprosjekta, gjer oss uroa for den demokratiske prosessen knytt til kraftpolitikk og vindkraftkonsesjonar. Vi finn ubetydelege samfunnsmessige gevinstar ved vindkraft som tilfell oss her i grenda, men derimot uboteleg skade for framtida og miljøet i grenda. Vi krev difor at området vert fjerna frå nasjonal ramme for vindkraft, og at det ikkje vert gjeve konsesjon til vindkraftverk i området i framtida.

For Hestadgrend Grendalag

leiar Ingunn Kjelstad

Vedlegg