Forsiden

Høringssvar fra Jan Øvstebø

Dato: 29.09.2019

Hei!

Eg bur i Uskedalen i Kvinnherrad komune.Har budd her sidan 1994.

Kjem i frå den lille bygda Åkra i Åkrafjorden.

Har brukt fjella i Heile Kvinnherrad mange ganger.Det er eit rikt dyreliv her,svært mykje ørn.Både kongeørn og havørn.Havørn såg me aldri då eg var liten,no er den eit dageleg syn over heile komunen.

Mange ganger har eg vert på orreleik og Tiur leik i områdene påMatre, Baugstranda/Åkra og Uskedalen.Dei siste 10 åra har mine 3 barn vert med kvart år.

Eg ser det som katastrofalt dersom det vert bygd vindturbinar i dette området,og for så vidt resten av landet.Den fortvilelsen eg kan sjå i frå befolkningen på t.d Frøya er vondt å sjå.

Den raseringa av natur eg har vert vitne til den siste tida er vanskelig å ta innover seg.Eg reagerer med vanntru på at noko slikt kan foregå i Norge.Har alltid sett på Norge som eit land som tek omsyn til både folk og natur.Ikkje no lenger.

Å kalle vindkraft for grønn energi er heilt uforståelig.

Til avsluttning :NEI TIL VINDTURBINAR !

Jan Øvstebø Uskedalen