Høringssvar fra Morten Karlsen
Eg er vaksen opp i Kvinnherad, og er tidvis ein "stor-brukar" av fjella her. Fjella og naturen her er sterkt med å bidra til min eigen, og dotter mi sin livskvalitet.
Eg tykkjer at ein auka respekt for naturen er naudsynt i vår "moderne" verden. Ved å plassere ut vind-turbinar viser ein ringe-akt for naturen. Og folkemeininga. Er målet å verte meir klima-venleg, ved å øydelegge natur? Heile premisset er feil. Og gjev feil signal.
Å anerkjenne naturens eigenverdi gir eit rikare liv - og høgare livskvalitet.
Tilgong til fjell, utan støy, og visuelle forstyrringar gir sjelefred.
Naturen har ein eigenverdi, ein verdi i seg sjølv. FN`s naturpanel peikar ut tap av naturmangfald samt tap av natur-areal som ei av dei viktigaste problema i vår tid. Eg synes me skal lytte til dei.
NTNU, med andre, har vist at klima-effekten av vind-turbinar er diskutabel. Kvifor ikkje høyre på forskings-miljø, og sjå på deira alternativ, som ENØK-tiltak, oppgradering av vasskraft-verk?
Eg bur for tida utanfor kommunen, men har planar om å flytte attende. Det ynskjet er ikkje sikkert eg har dersom det kjem opp vind-turbinar. Og når det gjeld turismen, -ingen kjem til Kvinnherad for å sjå såkalla "vindmølle-parkar".
Fjella gjev ro. Eg likar å la augo kvila på fjella. Dei vil ikkje finna kvile i roterande turbin-blad.
Bed om at det ikkje blir plassert vind-turbinar i det vakraste me har.