Høringssvar fra Marita Myklebust Tonning
Heimbygda mi er industrieventyrbygda Høyanger. For å gjere industrieventyret mogeleg, starta ein vasskraftutbygging i fjella våre for over 100 år sidan. Her er det røyrgater og vegar. Demningar og regulerte vatn. Høgspentmaster. Vasskrafta har satt sine spor. Og då gjer det vel ingenting å lage eit par ekstra vegar og setje opp nokre vindturbinar, tenkjer kanskje de i NVE? Då tek de feil.
Eg og barna mine brukar Høyangerfjellet året rundt. Der hadde barna si første teltnatt, og der lærte dei å stå på ski. Sidan har eg mista teljinga på kor mange teltnetter det har blitt, og kor mange timar og dagar som har gått med i skisporet. Vi går på fjellet når vi treng å få ut energi, eller når vi treng å nyte stilla. Når den beste juledesserten, moltene, skal sankast. Vi går dit for å leike, bade eller for å slappe av. Far min og bror min går dit for å jakte på hjort, og inviterer heile familien på nydelege hjortemiddagar i etterkant. Naturen vår, fjella våre, byr på dei beste leikeplassane, dei flottaste badelanda, det største treningssenteret og flust av mat. Og det beste av alt er at det er gratis og ope for alle.
Kjem det vindturbinar i fjella våre, vil skadane bli uopprettelege, både når det kjem til naturinngrep og bruk. Blir hjorten verande i området når turbinane kjem? Blir fjellturen og teltturen den same med bakgrunnsstøy, øydelagt utsikt og skuggekast? Kjem vi til å tørre å ta med ungane på ski, vel vitande om at dei risikerer å bli treft av iskast frå vindturbinane? Kor langt kjem vi til å måtte reise for å nyte stilla? Og kva vil skje med drikkevatnet vårt, det beste i fylket, når det plutseleg lek olje frå ein av turbinane? For ikkje å snakke om all mikroplasten.
Eg stiller spørsmål ved korleis NVE kan vurdere å øydelegge store naturområde for å produsere kraft vi ikkje har bruk for. Kva er det som gjer vindkraft viktigare enn å ta vare på landet vårt, dyra og menneska i det?
Fjella våre er for verdifulle! Eg oppmodar med dette NVE om å ikkje gje konsesjon til utbygging av vindkraft i Høyanger, eller nokon annan stad i Noreg.