Høringssvar fra Eikelandsberget Grendalag på Valen i Kvinnherad kommune

Dato: 22.08.2019

Uttale om Nasjonal ramme for vindkraft

Eikelandsberget Grendalag består av 13 husstandar på Valen i Kvinnherad kommune. Vi vil med dette krevja at dei områda i Kvinnherad kommune som er tekne med i forslaget til Nasjonal ramme blir tekne ut av ramma.

Vi stiller dette kravet fordi:

  • Det varierte landskapet er ein av dei viktigaste grunnane til at folk vel å busetja seg i vår kommune. Både fjordlandskapet med holmar og skjer, øyar og sund og fjell-landskapet med storslagne utsyn, bekker og elvar, blinkande vatn, fjelltoppar og isbrear er svært mykje nytta til rekreasjon og friluftsliv.
  • Kvinnherad er ein turistkommune og for ei mengde større og mindre turistverksemder i heile kommunen er naturen ein heilt avgjerande ressurs. Eit vindkraftanlegg i nærleiken vil føra til økonomiske tap for turistnæringa.
  • Det meste av vasskraftressursane i kommunen er utbygd, og kommunen produserer rundt tre prosent av vasskrafta i landet. Innbyggjarane har dermed alt ofra mykje vakker natur for å bidra til grøn energiproduksjon.
  • Dei naturinngrepa som er gjorde i samband med vasskraftutbygging, hindrar ikkje at landskapet framstår som relativt urørt både i forhold til friluftsliv og turisme. Vindkraftindustri vil drastisk endra dette.
  • Ei vindkraftutbygging vil ytterlegare redusera livsrommet for ville dyr og fuglar. FN sitt internasjonale naturpanel har vurdert utryddinga av arter som ein like stor fare som klimakrisa.
  • Dersom ein ønskjer å auka produksjonen av grøn kraft, bør oppgradering av eksisterande vasskraftanlegg vera første prioritet. Eit anna alternativ er havvind, der Norge har gode føresetnader for å bli ein viktig aktør internasjonalt. Eit tredje alternativ er solkraft. Det bør også satsast på enøktiltak i større grad enn i dag.

Vi ber innstendig om at kravet vårt blir teke til følgje.

Vedtatt på allmøtet i Eikelandsberget Grendalag 22. august 2019.