Forsiden

Høringssvar fra Torkel Stensletten

Dato: 03.09.2019

Vindmøller i Kvinnherad kommune.

Eg er opphaveleg kvinnhering og har feriebustad i Kvinnherad kommune. Eg ser med otte på planane for ei utbygging av vindkraft i dei vakre fjella i denne kommunen. Naturinngrepa med tilførselsvegar vil totalt rasera naturen og laga uopprettelege sår i landskapet. Frå fjella i Kvinnherad ser ein lett vindmøllene på Fitjar og det er heilt klårt at dersom dei skulle verta bygde i våre fjell, vil dei verta endå meir synlege enn dei på Fitjar.

Fjella i Kvinnherad ragar høgt og er gamle seilingsmerke for sjøfarande langs kysten vår i uminnelege tider. Dei er porten for innseglinga til Hardangerfjorden som er eit av dei områda i landet med størst turisttrafikk. Vindmøller på fjelltoppane her vil verta særs skjemmande.

Når Regjeringa ivrar så sterkt for utvikling av fornybar energi, er det underleg at vindkraft skal byggjast ut av utanlandske investorar. Inntektene av krafta vil gå til slike selskap og det kommunane sit at med er berre "knappar og glsnsbilete". Tyskerane vil ikkje ha vindmøller i eige landskap, og då kan dei ikkje venta at vi skal ta børa med å ha dei her.

Dersom det skal byggjast ut meir vindkraft i Noreg, må det føregå til havs, utanfor synsranda frå ytterste skjer.

Og ikkje minst. All utbygging av energi skal koma innbyggjarane til gode. Inntektene skal ikkje ut av landet. Det er innbyggjarane som "eig" både vinden og nedbøren som fell over landet. Det er ikkje utanlandske investorar som skal tena seg rike på vår energi.

Med venleg helsing

Torkel Stensletten