Forsiden

Høringssvar fra Ragnhild Gjørven

Dato: 02.10.2019

Eg er fortvila over at mi eiga regjering tillet rasering av vår sårbare, urørte natur. Såkalla grønne sertifikater har stimulert grådige investorarar til hensynslaus ødeleggelse av unike, vakre landskap.

Det har føregått i stillhet, og i stor fart. Media har vist lite interesse for saka. Folk som meg har ikkje vore klar over kva som har skjedd, før vi fekk informasjon via Facebook.

Vindselskapa er ikkje underlagt byggelova. Det er heilt uforståelig. Dei er heva over verne - og fredningsbestemmer for areal, fuglar og fauna, plantar, biotopar som myr, historiske levningar og ikkje minst, hensyn til folkehelse.

Fuglar blir drept i tusenvis, insekta blir borte, reinen mister areala sine. Eldgamle CO 2-bindande myrar blir fyllt att med stein. Store naturområde blir nedbygde. Dette bidreg ikkje til grønt skifte.Det er forurensing.

Kva med microplasten, som blir spreidd over store område på land, elvar og innsjøar, frå dei gigantiske turbinvingane av glassfiberlignande stoff?Desse forvitrar pga slitasje og reknast å vare berre ca 10 år. Dei kan ikkje gjenvinnast. Det blir eit gedigent søppelproblem.

Vi veit no mykje meir om kor øydeleggande vindindustrien er for naturen, enn då dette kom på bana i 2012 med Ola Borten Moe m. fl. Då trudde vi på at det var naturvennlig. No veit vi betre, derfor må dette herverket av landet vår stoppe. Den som kan greie det, er de som styrer landet.