Høringssvar fra Erling Søyland
Utbygginga av vindkraftverk på land utgjer eit svært stort inngrep i landskapet me ikkje kan gå tilbake på. Turbinane kan me sikkert venna oss til, og dei kan òg verta tekne ned etter ei stund. Vegane og oppstillingsplassane gjev derimot sår i landskapet som aldri kan gro.
Vindkraftverka vert typisk bygde i utmark som er nært tilknytt annan infrastruktur, og det er som oftast kort avstand til andre store inngrep. Slik sett vert områda gjerne ikkje oppfatta som villmark, og det finst tross alt meir enn nok av større urørte område. Det er likevel desse områda som utgjer ryggrada av urørt natur som er tilgjengeleg for brorparten av innbyggjarane i dagleglivet. Desse områda er gjerne berre brukte til utmarksslått og beiting, og ligg no som små urørte oasar mellom alle andre mennesklege inngrep.
Å halda slike område veglause er ein verdi i seg sjølv. Sjølv om turbinane eventuelt vert tekne ned i framtida, vil eit tidlegare vindkraftverk aldri verta kvitt vegane. Folk kan gjerne velja å gå i terrenget i staden for vegen, men det gjev ei heilt anna glede å oppleva eit landskap når du veit at du ikkje kan koma dit på anna vis enn med føtene.
Fornybar kraft vert viktigare i framtida enn nokon gong før, men det gjer òg naturopplevingar. Me som samfunn er nøydde til å setja meir pris på ikkje-materialistiske gleder, og me sparkar bein under ein stor del av desse ved å byggja ut heia vår.