Høringssvar fra Tor Daniel Kvandal
Som bonde og sjølvstendig næringsdrivande i Kvinnherad, seier eg eit klart nei til vindkraft i fjella våre.
Vindkraft vil ha ein svært negativ verknad i den reine og uberørte naturen vår,både under anleggstida,grunna massive inngrep for å byggja opp logistikk og også utvilsamt , gjennom drift og vedlikehald .
Eg har og gjennom 20 år vore med på å utvikla og drive med jaktturisme og har det enno som tilleggsnæring. Det vil væra direkte ødeleggjande å forstyrra i kjerneområder for hjorteviltet slik ein planlegg vindmølleparken i Kvinnherad.
Kundane våre vil også reagere sterkt på dette og opplevinga av jakta i fri natur vil kjennast sterkt redusert. Det er store og vitale beiteområder for sauer også i dei skissert områda.
Kvinnherad har vore ein sterk bidragsytar for rein energi (vasskraft) opp gjennom åra der vi har bygd ut 85 % av vassdraga og områdene her er er belasta nok frå før med høgspentlinjer .
Det vi har igjen i fjella er stillhet,frisk luft ,dyr og fugleliv. Vi vil framleis reindyrka naturen vår mot friluftsliv ,rekreasjon, forvaltning, landbruk ,event og anna turisme.
Det vert difor å rekna som eit overgrep å gjennomføra planlagte vindmølleparkar på fjella våre.
Mvh Tor Daniel Kvandal