Høringssvar fra Sigrid Monsen Alvestad
Eg ynskjer å gje ei fråsegn i denne saka. Store omåde i norsk natur er tenkt aktuelle for vindindustri i planene som ligg føre.
Friluftsliv er ein særs viktig faktor for norsk folkehelse, både fysisk og psykisk. Bygging av vindturbinar vil øydelegge gleda ved friluftsliv i dei aktuelle områda. Vakre naturområde vert endra til industriområde med støy og svære konstruksjonar. Natur, dyre- og fugleliv vert endra for alltid. Tilgjenge vil også verta avgrensa, og farleg, særleg vinterstid.
Til dette kjem uvissa om kva for fylgjer lågfrekvent lyd/ infralyd har for helsa.
Eg går difor sterkt imot vidare utbygging av vindindustri i Norge.