Høringssvar fra Arnljot Myrene

Dato: 24.09.2019

Kvifor denne høyringa?
Dette er eit "skodebrød", ein unnamanøver for å kunne fortsette raseringa av vår unike natur, i kyststroka generelt og øyane spesielt. Kva med fugle- og dyrelivet? Kva med det biologiske mangfaldet som er avgjerande for alt liv - både lokalt og globalt? Forureining av gearolje- og hydraulikkoljelekkasjar, mikroplast av slitasjen på komposittmaterialane, forureinande destruksjonsmetode (nedgraving/ brenning) etter sitt korte liv på slagmarka.

Kva med konsekvensane av å bygge ned gytefelt i havet?

Kva med konsekvensane av å overkøyre folkeviljen på denne måten?

Kvifor ikkje gi vasskraftverka økonomiske ordningar på line med vindindustrien, så eksisterande, eldre anlegg kan oppgraderast til å auke kapasiteten på stabil kraft (med opp mot 30%) utan vidare inngrep i naturen?

Eg spør kvifor dette hastar slik når landet vårt - og verda - ville vere betre tent med å la naturen ligge urøyvd.

Arnljot Myrene