Høringssvar fra Hildegunn Vederhus
Det kan synast som om OED og AS Norge set likhetstrekk mellom uberørt natur og ubrukt ressurs. Men norsk natur er opptatt. Den er «lunga» for Norge.
Landet vårt, verda og den store framveksten av friluftsnæringar og turisme ver skada når det står vindmøller på kvart nes og hakkar ned trekkfugl og raudelista fugleartar, spreier karbonfiber, spillolje og mikroplast, summar og bråkar slik at ein ikkje får eit augneblinks stillhet. Koparen som nyttast i turbinane har stor risiko blir henta frå særleg kritikkverdige og miljøøydeleggjande utvinningsområder. Store mengder av energisvinn skjer i transportprosessen. Straumproduksjonen er ustabil og tenesteleveransen må kompenserast med uheldige alternativ.
Vindindustri øydelegg kulturen og haldningane våre ift. at vi ser departement godkjenne at selskap kan lage innretningar som systematisk vil bryte naturvernlova og dyrevernlova for å drive virksomheta si. Ingen departement bør modellerer ei slik selektiv haldning til norske lover overfor folket sitt. For hvis de kan, då kan andre også.
Det er vidare ikkje å ta vare på landet vårt å lage store industriområder av utmark som har meir infrastruktur i form av vegar og straumnett enn eit hyttefelt.
Eg ber om at ein forkastar denne planen då den i liten grad er forankra til det totale omsyn for lover og landet.
Vindindustri er ikkje noko som ein bør satse på enno i Norge. Til det er tapet den påfører det totale fellesskapet og naturen graverande dårleg og destruktiv.
Det bør stilast klare forventningar til OED og NVE at dei må utvikle planane sine med omsyn til HEILE den norske lova, og ikkje berre eit lite utdrag (energilova) fordi deira si verksemd berører alle sider ved Norge. Planane bør også utviklast i kooperasjon med miljøorganisasjonar og KS, m.fl. Det er ikkje lurt å sitje på sitt eige nes og sende ut høyringar. Ein bør samarbeide ut frå start. Dette forslaget er den største øydelegginga av uberørt norsk natur vi har sett i norsk historie, og forutset tilsidesetting av norske lover som er unikt dyrebare. Det er sjokkerande at denne planen i det heile har fått forlate skrivebordet. Eg er heilt imot at dette må passere.