Forsiden

Høringssvar fra Jorunn Liv Kleiven

Dato: 29.09.2019

Sist eg var på Holstnipa i Viksdalen sat vi seks personar på toppen, heilt musestille og såg ei ørn sveve på vide venger under oss. Majestetisk, stolt, stille. Eit ledd i økosystemet som skaper den balansen den er skapt til å vere. Ei magisk stund som eg håpar generasjonane etter oss også kan få oppleve. Holstnipa er ikkje den staden eg er oftast, men det er den staden eg oftast ser ørn i Sunnfjord. No er det planlagt ein vindturbin på denne fjelltoppen og 79 turbiner like ved.

I 2017 ville son min leve som Lars Monsen, og han planla ein tur frå hytta vår inst i Viksdalen til Høyanger og tilbake. Ikkje beine vegen, men på kryss og tvers mellom dei to målepunkta. Det blir brukt som argument at ein skal nytte områder til vindkraft som allereie er skjenda av m.a. vasskraft. Sommarveka vår i området mellom Viksdalen og Høyanger er ei av dei beste eg nokonsinne har hatt. Over fjell og gjennom dalar, utsyn til fjord og vatn. Ligge på rygg i lyngen, fiske, drikke frå klare bekkar, bade i reine vatn. Fred, ro, stillhet. Sjå på sauene som beita og nyte synet av tusenvis av molteblomst. Ein liten familie på vandring med telt og sovepose i dette området er rein lykke. Sjølvsagt såg vi spor etter utbygging av vasskraft. Lite nær Viksdalen, mest di nærare vi kom Høyanger. Likevel er dette etter måten små inngrep som er mogeleg å leve med; etter måten små inngrep som det er mogeleg å nyte naturen til tross for.

Med 80 vindturbiner i dette området vil det ikkje vere mogeleg å hverken nyte eller nytte området. Alle øydeleggingane som ville finne stad for å få turbinane på plass, i tillegg til dei øydeleggingane som drifta av vindturbinene i seg sjølv fører med seg. Vi høyrer om 10 m breie vegar og 70 lastebillass per sokkel (x80). Vi høyrer om fjell som må sprengast, knusast og øydeleggast for å få turbinane på trygge soklar. Vi høyrer om rotorblad som skallar av plast som blir strødd ut i naturen. Vi høyrer om at rotorblada blir produsert av eit stoff som blir utvunne i Kina, i helsefarlege gruver som har tatt over og fortrengt jordbruket. Vi høyrer om gigantiske rotorblad som ingen veit kva dei skal gjere av når dei skal skiftast ut. Tyskarane sender dei til Afrika. Vi høyrer om oljelekkasjer frå turbinane som lek ut i naturen. Vi høyrer om store myrområder som tørkar opp pga turbinane, og den påverknad det får for økosystemet. Vi høyrer om fugleliv og innsekt som blir skada, frå dei øvste til dei nederste i næringskjeda. Vi høyrer om pelsdyrfarmer i områder ved vindparkar der dyra har stor auke i skada foster. Vi høyrer at i USA har dei fått ein heilt ny diagnose blant menneske som bur nær vindparkar. Vi høyrer at Tyskland ikkje vil bygge ut for vindkraft i syd pga omsyn til naturen. Vi høyrer at 80% av selskapa som byggjer ut for vindkraft i Norge er tyskeigd. Vi høyrer om ein hurtiggående industri som går alt for fort fram til at ein rekk å vurdere konsekvensane på eit godt nok grunnlag. Styrt av kapital og veltalte ord. Styrt av utanlandsk interesser som vil framstå som forkjemparar av «grøn energi» ved å utnytte vår natur. Langt borte frå der dei tenner sine millionar av gatelys.

Midt i alt dette er det snakk om eit bygdesamfunn der menneske har sin heim, sine røter, sitt levebrød. Midt i alt dette har vi eit vakkert stykke Sunnfjord. Ei nesten urørd perle mellom fjell, vatn, bre og fjord. Det er ingen tvil om at ein vindpark i dette området vil øydeleggje livskvaliteten for mange menneske. Vindturbinane vil vere synlege, og skape støy for alle som bur langs heile Viksdalsvatnet. Det er heller ingen tvil om at ein vindpark vil øydeleggje dette området for rekreasjon og naturglede for all framtid. Ingen av oss som har naturen kjær, ingen av oss som har dette området plassert ein stad i hjartet vil kunne makte å gå tilbake hit etter slike enorme og irreversible inngrep.

Det er ingen tvil om at det også i Viksdalen er usemje om kva som er rett og gale i denne saka. Eg har full forståing for at grunneigarar på små veslandsbruk som blir lova ein «lottogevinst» kan finne dette forlokkande. Likevel, grunneigar forvaltar eit ufatteleg stort ansvar. Eit ansvar for eit stykke natur som har ein umåteleg stor verdi for så mange fleire enn akkurat den som eig dette «stykke jord», og som også inngår som ein del av allemannsretten. Og sist, men størst: Dei forvaltar eit ansvar for ein del av eit økosystem som påverkar naturen og miljøet, samt livskvaliteten til menneske, langt utanfor det stykke jord grunneigar eig. Derfor kan ikkje dette vere ei avgjerd som blir teken mellom kyniske kjøparar og grunneigar. Det bør heller ikkje vere ei statleg avgjerd tatt av menneske som aldri vil kjenne konsekvensane av si avgjerd på kroppen. Folket, representert ved dei lokale politikarane vi har valt til å tale for oss og bestemme for oss, dvs kommunane, må derfor få stor makt og råderett i desse sakene.

Mitt håp, min draum er at du som har makt og posisjon til å gjere ein skilnad i denne saka har hjartet på rett stad! Eg ber dykk ta gode val og kjempe for at framtidige generasjonar kan leve, bu og finne rekreasjon og glede både i Viksdalen og i andre liknande naturområder som er trua av øydeleggingane som vindindustrien fører med seg!