Forsiden

Høringssvar fra Tormod Sætre Mortensen

Dato: 18.08.2019

Eg ynskjer svar på kvifor dette blir gjort?

Eg ynskjer svar på kven som kjem til å tene penger på dette?

Eg ynskjer svar på kvifor det verkar som inhabile personar er med på å påverke prosessen i si eiga favør?

Eg ynskjer svar på kven og kva land som har behov for denne krafta? Og kvifor Noreg skal produsere denne krafta for dei?

Eg ynskjer svar på kvifor Noreg nok ein gong går fram med ei kortsiktig "løysing" og tankegong utan å ta hensyn til kva folk i dei påverka stadane seier og tenkjer?

Eg ynskjer svar på kvifor uerstattelig natur vert øydelagd for eit såkalla "grønt skifte"?

Eg ynskjer svar på kvifor byggeprosessen vert sett i gong utan tilstrekkeleg informasjonshenting av kva denne øydelegginga vil gjere med naturen, insekta, trekkfuglar, flora, fauna, dyr og menneskers forhold til naturen i det heile?

Eg ynskjer svar på korleis allemannsretten vil fungere slik eg kjenner den?

Eg ynskjer svar på kvifor eg må forklare mine ungar at Noreg ikkje står noko særleg opp for naturen lengre?

Kvifor skal eg akseptere at pengar er viktigere enn naturen? At eg må sjå på at uerstattelig landskap og natur skal gå tapt til fordel for at private selskap blir rikare medan me blir fattigere på natur?

Nei, eg aksepterer det faen ikkje!