Høringssvar fra Naturvernforbundet i Ørsta og Volda

Dato: 30.09.2019

Naturvernforbundet i Ørsta og Volda krev at område 20 Sunnmøre og Nordfjord vert tatt ut av planen til NVE, og grunngjev dette med:

1. FN sin rapport om biologisk mangfald

6. mai i år la FN sitt naturpanel fram rapport om verdas naturtilstand, og den konkluderer med aukande kollaps i økosystema på jordkloden. Arealendringar er hovudtrusselen. Rapporten gjeld også for Noreg, og vi krev at ingen inngrepsfrie naturområde i Noreg vert utbygd verken til vindkraft eller anna.

2. Naturmangfaldlova

Dette området er viktige leveområde for dyre- og plantelivet. Området er særmerkt med kystlynghei og ein del myr. Her er olivinområde med rikmyr. Her finst fleire raudlista artar, m.a. taksvale, lomvi, åkerrikse, fjell- og lirype, solblom, brunburkne, brudespore, kystengkall.

Å øydeleggje naturen er ein svært dårleg måte å redde klimaet på. Urørt natur er framtida til menneskeheita, og viktig for folkehelsa. Vi er ueinige i NVE si vurdering av paragraf 9 i Naturmangfaldlova, føre-var-prinsippet. Tvert om er det grunn til å trekke fram avgjerande manglar ved både kunnskapsgrunnlaget og bruken av det. NVE tek ikkje omsyn til Norge si miljøvernlovgiving, våre internasjonale avtalar for å ivareta natur eller fagetatane sine råd.

3. Fuglar

Mange fuglebestandar er i fritt fall på grunn av habitatøydeleggingar, matmangel og spreiing av plast. Bygging av vindkraftverk kjem som ei tilleggsbelasting for fleire artar, særleg hubro og rovfuglar. Området som er utpeika på Sunnmøre og i Nordfjord ligg midt i trekkorridoren for fugl. Vår- og hausttrekket for flyttfuglane går akkurat her, mellom ope hav og fastlandsfjella.

NVE har i tidlegare vindkraftsaker (t.d. Bremanger) undervurdert dimensjonen av fugletrekket. Vindturbinane på Smøla har drept omlag 100 havørner, og ei rekkje andre rovfuglar, samt ca. 20 ryper. Det er manglande kunnskap om hubro i området.

4. Insekt

Insektnedgangen er svært faretruande for jordkloden. Det er fleire årsaker til det. Men å bygge ned meir natur bidreg til å forverre situasjonen. Vi må la det verte meir plass til insekta sine naturlege leveområde, og unngå at dei vert moste i turbinane.

5. Friluftsliv

Vi misser verdifulle område for friluftsliv. I det gjeldande området er det fleire hyttefelt, t.d. ved Storlivatnet i Volda kommune. Fjellområda er allereie fleire stader endra for all framtid gjennom vasskraftutbygging (t.d. Åmela kraftstasjon eigd av Tussa kraft).

6. Kulturminne

Setra i Storelida ved Storlidvatnet i Volda kommune ligg midt i området som NVE meiner er eigna for vindkraft. Denne setra er eit kulturminne med regional verdi. Med ein vindpark rett i nærleiken vil dette kulturminnet misse mest all sin verdi.

Vennleg helsing

Naturvernforbundet i Ørsta og Volda

Knut Festø

Geir Helge Nilsen

Trude Nordal