Høringssvar fra Kamilla Bakkevig / Bakkevig Gard
TYSVÆR; Kamilla Bakkevig: Høyringsinnspel om nasjonal ramme for vindkraft på land
Eg stiller meg bak Tysvær kommunestyre som krev at Tysvær kommune går ut frå området som er definert som «eigna» areal for vindkraftproduksjon i Noreg. Eg meiner at heile dette området som har fått namn «Sunnhordland og Haugalandet (område 16)», må takast ut av forslaget til najonal ramme for vindkraft. Eg meiner også at heile rammeplanen må leggjast vekk.
Det er mange faktorar som ligg til grunn for standpunktet mitt, og eg vil i det følgjande utdjupa dette.
Eg eig og driv/forvaltar garden Bakkavik i Tysvær (gbnr 140/1) på austsida av Hervikfjorden. Eigedomen strekk seg frå ytterst på Stong og innover i Hervikfjorden. Garden har vore i uavbroten rekkefølgje i familien sidan 1746 og her har alle generasjonar levd av, nytta og utvikla ressursane både på land og sjø i takt med tida. I tillegg eig eg eigedomen 138/1 i Borgenvik litt lenger inne i fjorden. Per i dag er turisme og sauehald av rasen Gammalnorsk Sau hovudgrunnlaget for drifta. For meg personleg vil utbygging av vindturbinar i nærmiljøet ha ulike aspekt. Rogaland og Tysvær er ein del av det området der dei første veidefolka slo seg ned for mange tusen år sidan. Dette finn me spor og tradisjonar etter fleire stader i Tysvær i dag. Tanken på utbygging av vindkraft her gir ei sorgkjensle over det gamle landskapet som vil bli endra/tapt både for meg og komande generasjonar. Eg er også uroa over kva som kan skje med helsa både til folk og fe. Men det har også mykje å seia for kva muligheter me får til å utvikla garden framover, samt redusert verdi av både hus, utleigehytter og eigedomen elles.
Turisme/det estetiske
For enkeltpersonar og bedrifter elles som satsar på reiseliv i vårt område, vil utbygging av vindturbinar i dette området vera dramatisk. Frå andre delar av landet der dette er tilfelle, ser ein at hyttebygging/turisme stoppar opp. Ringverknader vil vera tap av næring for oss og andre som driv med hytteutleige, sal av hyttetomter, gardsturisme og butikkverksemd elles. Eg har snakka med mange, særleg tyske gjester, som blir forferda når dei høyrer om planane om vindkraft i Noreg. Dei kjem hit nettopp for å nyta stillheten og den flotte naturen. Dette gjer også at dei same kjem att år etter år. Far og son har vore gjester her på garden i over 15 år. Dette året kom dei grytidleg ein morgon, tok ein stopp i ei lita vik ein halv km frå garden. «Me sette oss ned for å høyra på stillheten», sa dei. Tysvær kommune ynskjer å satsa på reiseliv i åra framover, og det er lagt til rette for at dette skal skje fleire stader i kommunen. Utbygging av vindturbinar vil også gje færre besøkande til attraksjonane og såleis redusera inntektsgrunnlaget til mange som har satsa på dette.
Den sørlege delen av område nr 16 i NVE sin rammeplan, kalla «Sunnhordland og Haugalandet» ligg i området som er merka av som vakre/meget vakre landskap i rapporten «Vakre landskap i Rogaland». Miljøverndepartementet oppmoda Rogaland Fylkeskommune om laga rapporten i 1995, og den blei utgitt på nytt i Stavanger Turistforening si årbok i 2009. Dette vakre/meget vakre området går m.a. frå Stonghalvøya – Bakkevik – Vik og Borgøy – Romselandsvågen, Muslandsvåg, Hinderåvåg og Nedstrand, samt Falkeidfleet og Austre Bokn lenger ute på vestsida av fjorden. Eit ope fjord- og kystlandskap, det vil vera svært skjemmande og stigmatiserande å plassera vindturbinar i!
Fylkesordførar Tom Tvedt kjem med ei oppmoding i forordet i rapporten: «Det er mitt håp at boka vil ligge godt synlig på pultene både hos planleggere og beslutningstakere»
I september besøkte kulturhistorikar Holger Kofoed Tysvær, og han understreka at landskapet her er av nasjonal verdi. Kofoed framheva at landskapet og det blonde lyset rundt Hervikfjorden i Tysvær var referanseramma for den landskjende målaren Lars Hertervig. I eit intervju med Tysvær Bygdeblad 19.09.2019 seier han «Ei mølle er nok til å øydeleggje naturen. Alle planane må skrinleggjast, kommunen må ikkje seie ja til ei einaste ei. Dette er galskap»
Tap av biologisk mangfald
Tap av natur og anna øydelegging av miljø er ein like stor trussel som klimaendringane, står det i eit utkast til ein omfattande rapport frå naturpanelet i FN. Forskarar reknar med at det er kring 8 millionar ulike artar, dei fleste av dei insekt, på planeten vår.
Området me bur i, og som me kjenner godt, har eit rikt plante- og dyreliv. På eigedomen min er det gammal furuskog, som går heilt ned til fjæresteinane i Hervikfjorden. Her er funn av sjeldne artar som t.d orkideén knerot. Dette er ein indikatorplante på urskog, dvs at skogen må vera minst 70 år gammal for at denne planta skal etablera seg. Det er også fleire gamle, hule eiker med vekst av lav i dette området. Jorda er fleire stader svært næringsrik (fylittbergrunn) og rik på kalk, noko som gjer at varmekjære blomar, urter og tre trivst i dei lune, fine liane her (m.a. kusymre, kristtorn, eik).
Ornitologen Dag Brynjelsen, har gjort registreringar av fugl, vilt og planter i området Tveitsheia, Hellebrekkene, Hest, Topnes og stong sidan 1983. Dei mest artsrike områda i Tysvær ligg nettopp i dette området, og Hellebrekkene er i dag naturreservat på 1166 daa, freda i 2018. Naturen her er svært variabel, med mange ulike biotopar. Utbygging av vindturbinar vil truleg verka svært negativt på bestanden av m.a. havørn. For ikkje så mange år sidan var havørna ein sjeldan gjest. No har bestanden teke seg opp, og det er noko heilt spesielt å sjå desse flotte fuglane sveva over husa, fjorden og fjella her. Bilde av døde ørnar frå fleire område med vindturbinar er tragisk å sjå. På Smøla er over 100 havørnar drepne i industriområdet med vindturbinar. Også andre fugleartar vil vera truga (totalt er 500 fuglar registrert døde i vindkraftanlegget på Smøla). Det same gjeld vilt, som t.d. hjort og rådyr. For desse artane er det rapportar som seier at dei får endra vandringsmønster etter oppsetting av vindturbinar på grunn av skuggekast frå vindturbinane. Frå Tyskland kjem rapportar om insektsdød på 1200 tonn insekt per år. Dette er relevant for overleving av artar og påverkar pollinering og produksjon av mat. Som bonde og matprodusent blir eg svært uroa over dette. Kjemikaliar til bruk i reingjering av rotorblada, samt partiklar frå rotorblada, hamnar i vassdraga/grunnvatnet og forureinar desse. Det er grunn til å tru at det same vil skje i landet vårt.
Friluftsliv
Tysvær har mange område som blir nytta til jakt og friluftsliv. Det er mange populære fjelltoppar, der Hest (352 moh) er ein av dei mest brukte. Frå 08.07.18 og eit år framover har over 2.300 skrive seg i boka på toppen. I tillegg kjem alle som ikkje vel å skriva seg inn. Frå denne toppen har ein 360o panoramautsikt til Ryfylke - utover Boknafjorden – Stong – Hervikfjorden med Gudbrandsfjellet og innover til Vindafjord og Sunnhordland. Andre populære fjelltoppar på Nedstrandshalvøya er Lammanuten, Himakånå, Stølanuten og Dalvanuten. Utbygging av vindkraft vil få svært negative konsekvensar for friluftsliv, jakt og fiske i dette området. Store delar av områda vil bli bandlagde pga av fare for iskast i vinterhalvåret. Elles vil sprenging av fjell, breie vegar, fyllingar og oppstillingsplassar ved turbinane redusera naturopplevinga og gjera områda om til månelandskap. Ein vil aldri kunna gjenskapa det vakre landskapet vårt, og det er lite truleg at t.d. hjortedyra her kjem tilbake.
Folkehelse
Vindturbinar skaper støy. Den ein kan høyra, men vel så mykje lågfrekvent støy og infralyd. Standardmålingane ein nyttar for støy i Noreg er altfor dårlege, og målte berre i dbA, ikkje dBLin, som reflekterer all påverknad, også den ein ikkje høyrer (infralyd). Nyare forsking viser at infralyd kan bera minst 20 km. Denne lyden når balansesenteret, og kan påverka oss både fysisk og psykisk. I Tyskland blir det mest ikkje bygd vindturbinar lenger pga av krav om 10 gonger turbinhøgda som avstand til næraste bustad. I Noreg er dette kravet minimun 4 gonger turbinhøgda. Det er urovekkande og skremmande at styresmaktene ikkje gjer det dei skal for å verna oss mot støy frå vindturbinar. Regelverket er dårleg (fråverande) og NVE krev ikkje utgreiingar om lågfrekvent støy.
Forutan støy, vil tap av landskap, det å ikkje kunna kvila blikket mot horisonten som ein gjorde før vindturbinane kom, påverkai negativ lei. Som ei frå Haugesund så treffande sa etter ho hadde fått turbinane på Storøy i synsfeltet frå kjøkkenvinduet sitt « Blikket mitt søkjer automatisk turbinane, som eit påslått tv i rommet gjer. Det blir meir uro i hovudet, blikket kviler ikkje på same måte som før». Mange menneske reagerer med sorg og depresjon når dei får vindturbinar i nærmiljøet sitt. Bygder blir splitta, og me har høyrt og lese om m.a.innbyggarar og kommunale styresmakter som kjenner seg overkøyrte og lurte i prosessane over tidlegare tildelte konsesjonar.
Oppsummering
Utfrå det som er skrive ovanfor, krev eg at Tysvær kommune blir teken ut av forslaget til nasjonal ramme for vindkraft, samt nabokommunane Bokn, Vindafjord og Sveio.
I grunngjevinga for område 16, Sunnhordland og Haugalandet, heiter det frå NVE: «I det utpekte område er det samtidig viktige miljø- og samfunnsinteresser knyttet til blant annet fugl, friluftsliv og bebyggelse. På tross av disse interessene framstår det utpekte området frå et nasjonalt perspektiv som et av de mest egnede…..». NVE har lagt såkalla harde og mjuke eksklusjonskriteriar til grunn, «lag på lag» på Norgeskartet, for å finna såkalla «eigna» område for vindkraft. Til slutt var det ingen av dei 13 områda som er peika ut som «eigna», som er utan interessekonflikter. Med bakgrunn i dette og mitt eige skjønn bør heile planen leggjast bort.
Bakkavik 30.09.2019
Kamilla Bakkevig
Liarvågvegen 681
5560 Nedstrand