Forsiden

Høringssvar fra Synnøve Bredal Bjelland

Dato: 26.09.2019

HØYRINGSUTTALE OM NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT

Til NVE

Eg nyttar meg av retten til å uttala meg som samfunnsengasjert borgar og varamedlem for Tysvær SV i i kommunestyret i saka om nasjonal ramme for vindkraft. Me ser no eit aukande opprør mot vindturbinane sin vandalisering av natur og fauna over heile landet, og det med god grunn.

Erfaringane viser oss fakta på ein heilt annan måte enn kva utbyggjarane sine prospekt og mangelfulle konsekvensutgreiingar tidlegare har gjort, og mange med meg protesterer på det kraftigaste. Folk har vakna! Visuell og lydmessig forureining, eit spekter av helseplager, skader på dyr, insekt og fuglar, bygdefolk i fullt opprør og splittelse, ei oppleving av overgrep - alt dette må ta slutt!

Styresmaktene sentralt og lokalt, OED og NVE kan ikkje ha slikt på samvitet når dei samstundes veit at dette gagnar nokre få personar - nokre av dei med tilnamnet "oljebaronar" - og sterke utanlandske kapitalinteresser. Dei seglar under falsk flag; kallar dette det "Det grøne skiftet" medan det i røynda destruksjon av natur og areal og biologisk mangfald. Me vil ganske enkelt ikkje øydeleggja det mest verdifulle me har - naturen - for å eksportera straum til utlandet. Stans dette no, leit etter andre energiformer (ikkje minst solenergi), oppgrader eksisterande vannkraftverk, stimuler energiøkonomisering osb.

Denne formen for industriell utbytting av naturen høyrer ikkje framtida til! På det tidspunktet desse konsesjonane vart innvilga, forstod ikkje politikarar og byråkratar skadeomfanget. No ser me det tydeleg demonstrert gjennom forsking, rapportar, filmar og dokumentasjon av redusert helse.

I demokratiet sitt namn krev me difor STANS i desse prosessane. Eg vil òg leggja til at massiv offshore vindindustri synest å vera basert på same lest, dvs manglande forståing for sårbare økosystem, og at det er ein fare for at øydeleggjingane vil fortsetja til havs.

Aksdal, 26. september 2019

Synnøve Bredal Bjelland