Forsiden

Høringssvar fra Åge Bjørsvik

Dato: 29.09.2019

Til: Olje- og energidepartementet

Høyringssvar til NVE sitt framlegg til nasjonal ramme for vindkraft på land.

Frå: Åge Bjørsvik, Vikevegen 1 5451 Valen, Kvinnherad

Eg er sterkt imot etablering av vindkraft i Kvinnherad og ellers i fjellheimen i Noreg.

Eg arbeider i ein industri som bruker mykje kraft og veit kor viktig tilgang på kraft er for næringsliv og velferdssamfunnet. Men eg er og eit friluftsmenneske med barn og barnebarn som eg ynskjer skal få oppleva ro og sjelefred slik eg og dei før meg har fått i den fantastiske fjellheimen vår.

For meg går grensa for kva eg er villig til å ofra ved dette dårlege og lite gjennomtenkte prosjektet.

Ein kan ikkje øydelegge naturen, forringa artsmangfaldet og støylegga fjellheimen vår, da mest Norske som finnes, for å skaffa meir straum til andre land i Europa.

I Norge produserer vi allerede meir straum en vi brukar, og i min kommune Kvinnherad er ca 85% av alle vassdraga nytta til kraftuttak. Dette tilsvarar ca 3% av Norges kraftproduksjon. Tross dette har vi klart å bevara verdien av naturen i store deler av kommunen. Vasskraftutbygging er synleg der den vert etablert men ein ser det ikkje før ein er på staden. Den bråkar ikkje og er ikkje lyssatt.

Etablering av industriområder for vindkraft er av heil andre dimmensjonar. Dette legg beslag på meir areal en noko anna industriprosjekt i Norsk historie. Og da i den norske fjellheimen, kanskje da "Norskaste" av alt. Skadane dette gjer på sårbar natur og artsmangfald i fjellheimen er uboteleg.

Vindturbinane på opp mot 250 meter vil vera synleg for nærast alle frå ein står opp om morgonen til ein legg seg om kvelden. Dei som bur i nærleik av turbinane vert plaga av støy døgnet rundt. Blinkande lys i toppen av mastene vil vera synleg i mørket. Det er ikkje slike ting ein vil kvila augene på.

For dei som likar å ferdast i naturen vil ein få begrensa tilgang, vegar, sprengstein, stygge sår og støy vil vera da som møter ein der ein før møtte uberørt natur og fekk ro og fred frå dagliglivets stress og mas. Dette fremmar ikkje god folkehelse!

Utbygging og kraftpris er subsidiert for vindkraft på land. Dette gjer at det er attraktivt og bygge ut. Eg må vera med å betala for dette via dei såkalla "grøne" sertifikat, noko eg misslikar sterkt. Spekulantar,investorar og kraftprodusentar tjener store pengar på dette medan kommunane sit igjen med lommerusk. Utanlandske selskap kjøper opp eller kjøper seg inn i prosjekta så snart konsesjonane er gitt. Denne krafta skal ut av landet! Dette er for meg heilt uforståelig.

Eg er for kraftutbygging og at andelen av fornybar energi må aukast. I Noreg er nesten all kraftproduksjon fornybar og me kan auka den. Men da må gjerast på andre måter. Da første me bør gjera er å gje vannkraftprodusentane liknande rammevilkår som vindindustrien får. Me må så oppgrader, modifisera og bygga ut eksisterande vannkraftverk. Truverdige rapportar peikar på at dette kan gje like stor produksjonsauke som heile vindkraftplanen til saman.

Treng vi ytterligare auke bør vi satse på havvind. Equinor har allerede vunne store kontraktar andre plassar i verda. Norsk maritim teknologi er i verdenstoppen og vi har alle forutsetninger for å lykkast med dette. Prisen på vindkraft til havs vil gå ned og vera konkuransedyktig om forholdsvis kort tid. Seie ein nei til vindkraft på land så vil industrien kjapt snu seg rundt og satse på bygging til havs.

Vindkraft til havs vil ha eit mykje lågare konfliktnivå en vindkraft på land. Sjølvsagt må dette konsekvensutreiast grundig før ein set i gong.

Eg håper inderleg at NVE og OED ser og skjønar folkeopprøret mot dette håpelause prosjektet og vektlegg kommunens og folkets innstilling. Det er det vi kallar lokaldemokrati.

Og kven eig fjella? Vertfall ikkje NVE og OED!

Eg ber på grunlag av dette om at Kvinnherad kommune vert tatt ut av nasjonal ramme for Vindkraft på land og at dere ikkje gir fleire konsesjonar.

Helsing Åge Bjørsvik