Forsiden

Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 270036

Dato: 30.09.2019

Vi har eit nydeleg fjellområde i Fjaler, mykje brukt gjennom heile året, både som friluft-, beite-, jakt- og rekreasjonsområde. Det er og mange stølar her, som er viktig for mange. Med over 70 vindturbiner i dette området vil det ikkje vere mogeleg å hverken nyte eller nytte området. Alle øydeleggingane som ville finne stad for å få turbinane på plass, i tillegg til dei øydeleggingane som drifta av vindturbinene fører med seg. Vi høyrer om 10 m breie vegar og 70 lastebillass per sokkel (x80). Vi høyrer om fjell som må sprengast, knusast og øydeleggast for å få turbinane på trygge soklar. Vi høyrer om rotorblad som skallar av plast som blir strødd ut i naturen. Vi høyrer om at rotorblada blir produsert av eit stoff som blir utvunne i Kina, i helsefarlege gruver som har tatt over og fortrengt jordbruket. Vi høyrer om gigantiske rotorblad som ingen veit kva dei skal gjere av når dei skal skiftast ut. Tyskarane sender dei til Afrika. Vi høyrer om oljelekkasjer frå turbinane som lek ut i naturen. Vi høyrer om helikopter som sprøyter på giftstoffer for avvisning på vinteren. Summen av dette gjør at klimaavtrykker er stort. Vi høyrer om vindkraftperker med adgang forbudt på vinterstid pga fare for iskast. Vi hører om store drap av ørn pga rotorblad. Vi høyrer om store myrområder som tørkar opp pga turbinane, og den påverknad det får for økosystemet. Vi høyrer om fugleliv og innsekt som blir skada, frå dei øvste til dei nederste i næringskjeda. Vi høyrer om pelsdyrfarmer i områder ved vindparkar der dyra har stor auke i skada foster. Vi høyrer at i USA har dei fått ein heilt ny diagnose blant menneske som bur nær vindparkar. Vi høyrer at tapet av natur er ein like stor trussel som klimaendringene. Vi høyrer at Tyskland ikkje vil bygge ut for vindkraft i syd pga omsyn til naturen. Vi høyrer at 80% av selskapa som byggjer ut for vindkraft i Norge er tyskeigd. Vi høyrer om ein hurtiggående industri som går alt for fort fram til at ein rekk å vurdere konsekvensane på eit godt nok grunnlag. Styrt av kapital og veltalte ord. Styrt av utanlandsk interesser som vil framstå som forkjemparar av «grøn energi» ved å utnytte vår natur. Langt borte frå der dei tenner sine millionar av gatelys.

Midt i alt dette er det snakk om eit bygdesamfunn der menneske har sin heim, sine røter, sitt levebrød. Midt i alt dette har vi eit vakkert stykke Sunnfjord. Ei nesten urørd perle mellom fjell, vatn, bre og fjord. Det er ingen tvil om at ein vindpark i dette området vil øydeleggje livskvaliteten for mange menneske. Vindturbinane vil vere synlege, og skape støy for alle som bur i her. Det er heller ingen tvil om at ein vindpark vil øydeleggje dette området for rekreasjon og naturglede for all framtid. Området er et viktig friluftsområde for hele Fjaler, både for voksne og barn, hele året. Ingen av oss som har naturen kjær, ingen av oss som har dette området plassert ein stad i hjartet vil kunne makte å gå tilbake hit etter slike enorme og irreversible inngrep.