Høringssvar fra Arnout IJzermans
Nei til utbygging av vindkraft i Kvinnherad/høyring til Nasjonal ramme For vindkraft
Min kone, tre born og eg har flytta til Kvinnherad og Rosendal grunna den unike naturen vi kan bu tett på her i kommunen. Som klatre- og friluftsentusiastar nyttar vi alle mogelege dagar ute i naturen på små og store turar i fjellet, ved sjøen og i skogen. Vi ikkje berre vil, men VI KREVAR at våre barn og barnebarn skal kunne oppleva kjent og kjær natur, fjell og fjord slik eg kan det utan at landskapet er øydelagd av store, skjemmande inngrep for å leggja til rette for vindkraftutbygging!
Kvinnherad har allereie bygd ut 85% av vasskrafta i kommunen og mykje av naturen er prega av dette med anleggsvegar, tippar, fyllingar, damanlegg og regulerte vatn og elver. Kommunen leverer 3% av Noregs grøne energi og er ein svært stor bidragsytar med rein, fornybar vasskraft.
Det er ytterlegare potensiale innan kommunen til oppgradering av eksisterande anlegg. Kvinnherad gjer alltid seriøse og grundige vurderingar av dei prosjekt som vert fremja ved å sjå nytte for samfunnet opp mot dei naturinngrep og ulemper prosjektet kan medføra. Det er difor av verdi å merkja seg følgjande: Då denne høyringa om vindkraft var oppe i 2019 sa eit samla kommunestyre eit eintydig nei til landbaserte vindkraftanlegg i Kvinnherad. Dette er eit tungt argument for å ta alle områder i Kvinnherad ut or planen.
Dagens statlege subsidiar og skattlegging favoriserer vindkraft så mykje at betre, billigare og meir skånsame alternativ som enøk og oppgradering av eldre vasskraftverk blir mindre lønnsame. Dette medfører at private selskap får gjera uboteleg skade på nasjonale naturverdiar utan å betala eitt øre til samfunnet for øydeleggingane. Med ei politisk omlegging av rammevilkåra tilsvarande dei som gjeld for vindkraft, ligg forholda særs godt til rette for ei effektiv modernisering av dei gamle vasskraftanlegga i kommunen med eit stort potensiale for uttak av meir grøn energi og med minimale og mykje meir skånsame naturinngrep.
Utbygging av vindkraft vil, slik eg ser det, øydeleggja desse enda vakre landskapa sin verdi som frilufts- og rekreasjonsområde med ubotelege skadeverknader på natur, artsmangfald, dyr, fugl og insektliv. Vi kan ikkje redda klimaet ved å øydeleggja naturen. Intakt natur og økosystem er tvert i mot ein føresetnad for å ta vare på klimaet. Desse inngrepa vil vera permanente og irreversible i form av opptil 250 m høge turbinar med støy opp mot 110 desibel, blinkande høgintenst lys og farlege iskast frå turbinane. Frå andre stader i landet ser vi at landskapet blir omgjort til industriområde med massive og permanente inngrep, skjeringar, oppstillingsplassar og anleggsvegar.
Som klatreentusiast vil eg og løfte fram Uskedalsfjella i analyseområde 15 som spesielt verdifulle.
Med sin alpine natur og karakteristiske granittveggar er Uskedalen eit reisemål av internasjonal storleik. Hit kjem klatrarar frå mange ulike nasjonar med det til felles at dei ønsjer ein naturoppleving utanom det vanlege. Kombinasjonen av fantastisk steinkvalitet og utsikt til både bre, fjord og fjell gjer Uskedalen til eit Eldorado for klatring og anna bratt friluftsliv. Området høster rosende omtalar i både nasjonal og internasjonal klatrepresse med blant anna ein 10- siders reportasje i det internasjonalt anerkjente Climbing Magazine som beskriv Uskedalen som det ultimate klatreeventyr.
Desse mogelegheitene blir også nytta av lokale entusiastar og vi har dei siste åra sett framveksten av eit lokalt klatremiljø i Uskedalen beståande av born, ungdom og vaksne. Dette miljøet har klatrarar frå både Uskedalen og tilstøtande bygder, noko som trolig heng saman med idrettslagets systematiske og målretta utvikling av lokale klatrefelt.
Uskedal idrettslag jobbar og med å etablere eit flerbrukssenter med klatretårn som spydspiss for prosjektet. Senteret er planlagt som ein aktivitetsarena for både lokalbefolkning og tilreisande og er tenkt som eit symbol på den fantastiske naturen her i Kvinnherad.
Motivasjonen bak prosjektet er å gjere kommunen meir attraktiv med tanke på både naturturisme og tilflytting. Det seir seg sjølve at vindkraftutbygging i desse fjellområda er uforeneleg med ein reell satsing på denne typen verdiskapning. Naturopplevinga forbundet med klatring og anna friluftsaktivitet i desse fjellområda vil bli kraftig redusert ved ein vindkraftutbygging med turbinar opp mot 250m. Sett frå eit klatreperspektiv vil Uskedalen gå frå å være eit av dei flottaste områdene i verda for moderat storveggsklatring til å bli eit uinteressant reisemål for dei fleste klatrarar.
Reiseliv og turisme, basert på natur og kulturopplevingar, blir ei stadig viktigare næring i Kvinnherad. Moglege vindkraftområde er peika ut kloss i nasjonalparkgrensa og Hardangerfjorden og vil fullstendig underminera føresetnadene for turisme knytt opp mot bruk av naturen, som til dømes klatring, hytteutleige, organisert jakt og turar til fjells og på fjorden. Dette er særs viktige aktivitetar og næringar som er med å halda liv i utkantbygdene og som samstundes gjer at natur og kulturlandskap blir ivaretatt. Uskedalen er i ferd med å utvikla seg til ein internasjonal klatredestinasjon, noko som vindmølleutbygging effektivt vil setja ein stoppar for.
I eit folkehelseperspektiv er tilgang til vakker natur og friluftsliv særs viktig. Utnytting av natur, landskap og kultur til rekreasjon og friluftsliv sommar som vinter vil bli øydelagt dersom det blir vindkraftutbygging. Dette vil og verka negativt i høve tilflytting og rekruttering til lokalt arbeidsliv, trivsel, folkehelse og livskvalitet generelt. Konsekvensen av vindkraftutbygging er ei struping av lokalt liv i utkantnoreg.
Det er og demoraliserande og undergravande for folks rettsoppfatning at ein tilsynelatande kan rasera natur og landskap med sentralmaktas velsigning mens det, i mange tilfelle, er nærast umogleg t.d. å få reist ei lita hytte eller hus på farsgarden.
Eg kan ikkje sjå nokon gode argument for å bygga ut landbasert vindkraft korkje i Kvinnherad eller andre plassar i landet når vi har så mange andre betre alternativ. Dei einaste som tenar på det er private selskap i inn- og utland sterkt subsidiert av gunstige statlege rammevilkår.
Konklusjon
På bakgrunn av punkta over krev eg at Kvinnherad vert tatt ut av Nasjonal Ramme for Vindkraft.
Med helsing
Arnout IJzermnas
Rosendal, 25. september 2019