Høringssvar fra Dagfinn Norang

Dato: 01.10.2019

Oppmodar OED om å trekke tilbake rammeplanen og skrote alle planer om vindturbiner på land. Dette hovudsakleg fordi: FN framla 6/5-19 ein rapport som viser at areal/naturmangfaldstap er den største utfordringa vi har ved sidan av klimautfordringa, fordi vindkraft på land ikkje kan dokumentere noko form for klimagevinst,fordi stadig fleire lokalsamfunn og kommunar ikkje ønsker vindindustri i sine nærområder og fordi lokalsamfunna har serdeles lite/ingen økonomisk gevinst å hente frå anlegga.

Ser og i konnesjonser som er gitt at NVE har valgt i gi blaffen i førevar prinsippet og vektlegger hensynet til sårbare dyr og planter veldig lite. Når sjølv Skorveheia som er ein del av skandinavias største rovfugltrekk er planlagt rasert so er tilsynelatande ingenting vært å ta vare på. Skorveheia er og hekkeområde for Hubro ref. lokale ornitologer. Konsekvens utredninga stadfester at Hubro bruker planområdet som sitt habitat. På Tysvær blei det under befaring i planområdet oppservert Hubro og Kongeørn uten at det stoppa NVE å tildele konsesjon. Stor skam. Har dermed ingen tiltru til at NVE er kabable til å forvalte vår sårbare og ekstremt verdifulle natur på ein ansvarsbevisst måte. NVE bør snarast grundig sette seg inn i naturmangfoldslova som dei bryter i hytt å pine.

I Norge er det fleire tusen utrydningstrua artar. Mange av desse artane er fuglar og innsekt. Studier frå tyskland konkluderer med at vindturbiner der dreper ca. 1 200 000 kg innsekt i året. Tyskland er eit land med mykje vindkraft og ein enorm tilbakegang på innsekt. Som birøkter veit eg ein del om kor utrulig viktig jobben til innsekta er. Det er rett og slett eit være eller ikkje være for oss mennesker om dei får gjere jobben sin eller ei. Om mennesker skal prøve å gjere samme polineringsjobben som 1 bikube gjer so trengst det ca 100 000 mennesker! Vi må og forstå at mange planter er heilt avhengig av ein heilt spesifikk type bie eller homle for å bli polinert. Dette fordi planter er veldig forskjellig konstruert reint fysisk. Nokre planter treng små bier for å bli polinert, andre trenger store med lang snabel/tunge.

I Norge har vi ca 200 forskjelige homler og bier (ca 15 er allereide utrydda) og om ein av dei blir utrydda vil det føre til at dei plantene som er avhengie av den spesifikke typen insekt og vil bli utrydda. Det blir med andre ord ein dominoeffekt som vil få vidtrekkande konsekvensar for økosystemet som vi alle er so avhengige av.

Vi bør heller legge bedre tilrette for oppgradering av vannkraft og sjå på energieffektivisering av sammfunnet generelt.

Vil og gjere dokke i OED oppmerksomme på studien som professor Ståle Navrud ved Norges miljø og biovitenskapelige universitet gjenomførte allereide i 2003. Han gjennomførte en nasjonal verdisettingsundersøkelse om folks betalingsvillighet i form av økt strømregning for å unngå disse miljøeffektene som vindkraft fører til frå den gong 0,3 Twt til 7 Twt. Anslaget blei at folk var villig til å betale 41 øre meir for Kwt for å la være å bygge vindkraft tilsvarande 7 Twt.

Dette sei mykje om kor enorm verdi naturen har for Norges befolkning. Vi må slutte å rasere naturen. Det er det norges befolkning ønsker. Og det er folket dokker er satt til å tjene. Ikkje enkeltpersoner som er ute etter å berike seg på folkets og naturens bekostning.

Mvh:Dagfinn Norang.