Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn
Referanse: 148432
Høyringsuttale – NEI TIL VINDMØLLER I HEIMFJELLA
Eg er ei nitten år gammal jente og studerar i Sogndal. Hjarta mitt høyrer heime i Kvinnherad og eg skal ein gong tilbake til Kvinnherad. Det er her eg trivast best! Fjell, Fjord og Fonn. Ein leikeplass både vinter og sommar! Skiturar i «Rosendalsalpane», klatring i Ulvanåso, kajakk i øyane utanfor Sunde og sommarjobb som breførar på Fonnabu. Vi har fantastisk mange moglegheitar i kommunen vår. Det er nettopp dette som stadig trekk meg heim.
I tillegg til naturen trekk også garden og odelsretten meg heim! Eg ønskjer å gje borna mine ei like fin oppvekst som den eg sjølv har hatt! Vise dei flotte moglegheitane i fjella som ligg rett utanfor døra. Som grunneigar er vern av naturen mykje viktigare enn dei pengane ein evt. hadde fått for vindkraftutbygging.
NEI til vindmøller i Kvinnherad!!!
Favoritt turdestinasjon og hvorfor?
Ulvanåso!!! Her er det ingen tvil. Ulvanåso er rett og slett 1250 høgdemeter med opplevingar rett utanfor døra! Ein ettermiddagstur til Låganåso, topptur vinter og sumar, telttur, ettermiddagstur, testløp, overnatting under open himmel på toppen, bading i elva, tur med rumpeakebrett om våren og alle dei spennande klatrerutene. Om vi ikkje er på tur sjølve, er det heller ikkje verst å sitja heima med sein frukost og sjå skikøyrarar som svingar seg nedover.https://turjenter.no/ukens-turjenter-uke-38/