Høringssvar fra Havrefjell Turlag
Høyringsuttale til Nasjonal ramme for vindkraft på land
Havrefjell Turlag vil be om at vindkraft ikkje blir bygd ut på land i inngrepsfrie naturområde (INON), viktige friluftsområde, verneområde, føreslegne verneområde, villreinområde, verdifulle kulturlandskap og i nærleiken av slike område.
Agder og Telemark har i dag tatt ein stor del av ulempene med dagens energiproduksjon i form av svært mange utbygde vassdrag og fleire nye vindkraftkonsesjonar. Vi vil be om at NVE ikkje går vidare med områda nr. 52 (Vest-Agder og Rogaland) og nr. 53 (Aust-Agder.)
I nordre del av område 53 (Åmli og Bygland kommunar), er det spesielt viktige å unngå vindkraftutbygging. Her det det mykje urørt natur, eit av landsdelens viktigaste turløypenett og DNT-hytter. Området er svært viktig både for dei som vil gå i merka løyper frå hytte til hytte, men også for dei som vil oppleve villmarka på eiga hand.
Nordre del av område 53 ligg også i kanten av villreinområdet i Setesdal Austhei. Villreinnemd for Setesdalsområdet uttaler at: «Det må her understrekast at villreininteressene vil kunne vere svært viktige også i denne sona, noko som må vere eit sentralt tema i ei eventuell konsekvensvurdering. Ikkje minst må villreinen si tilpassing til klimaendring vere i fokus. På grunn av nedising av vinterbeitene kan villreinen måtte ta i bruk vinterbeiteområder langt utanfor det som i dag er klassifisert som nasjonalt villreinområde og omsynssone villrein.
Det er likevel positivt at dei viktige villrein- og naturområda på begge sider av Nisser og områda sør for Gautefallheia og nord i Gjerstad nå er tatt ut av planen. I desse områda ligg nokre av Europas finaste klatreruter, store landskap med opne urørte svafjell, og natur av same kvalitet for friluftslivet som vi finn i våre nasjonalparkar. Her ligg også Gjerstadskogane, som er ein av svært få store sør-norske statskogar, med tilgang for jakt-, fiske- og friluftsliv til alle. For ein stor hyttekommune som Nissedal er det viktig å ta godt vare på friområda både for bygdefolk, hyttefolk og andre tilreisande.
Klima, biologisk mangfald og friluftsliv
Havrefjell Turlag ser med bekymring på at vårt klima er i endring, og meiner at det er viktig å ta i bruk fornybare og berekraftige energikjelder. Men vi ser også ei aukande nedbygging av vår natur, som resulterer i stadig mindre områder til friluftsliv og eit minkande biologisk mangfald.
Områder med villmarkspreg har dei siste åra blitt dramatisk redusert og fragmentert som følgje av bygging av vegar, bustadfelt, hyttefelt, vassdragsreguleringar, vindkraftutbygging, store kraftlinjegater m.m.
I ein meir urbanisert verden vil dei attverande og samanhengande områda med rein natur få stadig større verdi for friluftsliv, folkehelse og artsmangfald. I tillegg til lokal bruk blir naturen i vårt område (Agder og Telemark) i stadig større grad brukt også av folk frå våre ennå meir urbaniserte naboland i Europa.
Forsking viser at friluftsliv betyr mykje positivt for både fysisk og psykisk helse. Ute i naturen får mange både mosjon og livsglede. Det å ta vare på turområda og stimulere til friluftsliv er ei god investering i betre folkehelse. Kanskje ei av dei mest lønsamme investeringar eit samfunn kan gjere?
Vindkraft
Moderne vindkraftutbygging med grupper av opptil 250 meter høge vindturbinar, førar med seg store utsprengingar og planering i terrenget, bygging av breie bilvegar og store kraftlinjegater som splitter opp landskapet. Alt dette fører med seg enorme inngrep i naturen, med store negative konsekvensar for både menneske og dyreliv. I nåverande anlegg blir mange fugl spidda av rotorblada. Støy, is-kast og visuell forsøpling vil påverke store område.
Fornybar energi
I følgje Statkraft har Noreg i dag eit overskott av fornybar kraft på ca. 10 TWh. Og dette overskottet vil auke til ca. 20 TWh med dei vindkraftkonsesjonane som alt nå er gitt.
Det finnast i dag mange gode alternativ til utbygging av landbasert vindkraft. Oljenasjonen Noreg bør ha store fortrinn og god kompetanse for å utvikle vindkraft i havet.
Det mest miljøvennlege alternativet når det gjeld energi er likevel energiøkonomisering, som etterisolering, smart løysingar der ljos og varme berre blir brukt der er behov m.m.
Solkraft er blitt stadig billegare og meir effektivt, og det er ei aukande satsing på geotermisk varme og biovarme.
Våre eksisterande vasskraftverk har eit stort potensiale i opprusting og effektivisering.
Det er likevel eit problem at vindkraft på land får skattemessige særfordelar og enklare konsesjonshandsaming enn andre alternative fornybare former for energi som gir «mindre fotavtrykk» i naturen.
Internasjonalt er det stort behov for grøn energi. Det er derfor viktig at samfunnet kan legge rammer for at vi kan ta i bruk den mest miljøvennlege produksjonen av energi og skape arbeidsplassar utan å øydelegge naturen.
Havrefjell Turlag sluttar seg også til uttale som blir sendt inn av Forum for natur og friluftsliv Agder (FNF-Agder).
For Havrefjell Turlag
Ole Jakob Bråten