Høringssvar fra Jan Ingve Bernssen
Då det er mogleg å oppgradere allereie utbygde vasskraftverk, vil det vera ei mykje betre løysing enn å rasere naturen. Det bør absolutt ikkje verta tillete å øydelegge det beste med Noreg, ein natur der ein kan kvile både auge og øyre, og finne ro i ei hektisk tid. Som student lærte eg at forsking viser at dei som aktivt nyttar naturen statistisk sett har mindre psykise plager enn resten av befolkninga. Eg meiner dei positive konsekvensane av å byggje ut vindkraft ikkje er i nærleiken av dei negative konsekvensane dette vil få for naturen og befolkninga.
Spesielt dersom vindkraftutbygging vert tillete i områder der ei samla lokalbefolkning seier nei til vindkraft, vil det vera eit stort demokratisk problem.