Høringssvar fra Hyllestad Senterparti
Hyllestad Senterparti meiner at det ikkje er akseptabelt at kommunen vert fråteke mynde og ansvar i arealdisponering. Det er udemokratisk at vindkraftkonsesjonar og vidare behandling av dei er regulert etter energilova og ikkje plan- og bygningslova. Vi er opptatt av at sakene skal bestemmast lokalt. Hyllestad SP har stor skepsis til denne storstila vindkraftutbygginga som kjem fram i «nasjonal ramme for vindkraft på land». Kommunar skal kunne påverke og ha vetorett mot vindkraftutbygging.
Vindkraftanlegg gjerne høgt til fjells, er eit stort industrianlegg som vert plassert i eit lokalt verdifullt naturområde med enorme master med eit breitt vengespenn. Anlegga legg beslag på mykje større areal enn der dei fysiske vindturbinane er plasserte. Tilkomstvegane vil i tillegg gje store sår i naturen som ikkje er reversible, anlegga vil vere til sjenanse og mange er redd for støy og andre plager.
Innan område i Ytre Sogn og Sunnfjord, område 19 er det lite nedbygd natur med viktige og unike landskapsareal, med både fjord og fjell. Desse varige inngrepa er ikkje akseptable. I tillegg har vi andre viktige miljøomsyn og samfunnsinteresser. Det har over tid vore kjent at vindkraft utfordrar fuglelivet, særleg i trekk. I det siste har det vore fokus på at eit stort tal insektsdød på grunn av vindmøller.
I Hyllestad er det omkring 400 historiske steinbrot som er freda av Kulturminnelova/Riksantikvaren i nærleiken av eit av områda som er peika ut som aktuelt område for vindkraftutbygging. Kvernsteinsbrota og kulturlandskapet står på UNESCO si tentative liste til verdsarv, og kommune i HAFS har fått midlar til å jobbe fram ein UNESCO Geopark. I følgje informasjon frå avdelingsdirektør for Norsk Kvernsteinssenter er det eit spørsmål om ei eventuell vindkraftutbygging med vindturbinar og utbygde tilkomstvegar i dei aktuelle fjellområda kan foreinast med desse planane.
Når det gjeld økonomisk kompensasjon avgrensar det seg til eigedomskatt, og det er ein skatt som er under press frå styresmaktene. I tillegg meiner Hyllestad Sp at modernisering av eksisterande vasskraft vil gje ein mykje betre effekt enn landbasert vindkraft. Hyllestad Sp meiner at ulempene er klart større enn fordelane både for kommunen og innbyggjarane, og krev difor at Hyllestad kommune sine areal vert tekne ut av område 19.