Høringssvar fra Sosialistisk Fellesliste av SV og Raudt
Sosialistisk Fellesliste av SV og Raudt i Kvinnherad har følgjande uttale om bygging av vindparkar i Kvinnherad kommune: SF er imot bygging av vindparkar og vil røysta imot eit kvart framlegg i kommunestyret som opnar for bygging av slike parkar i Kvinnherad og i alle område som vart utpeikt av NVE som potensielle utbyggingsområde for slike parkar.
MILJØ
Ved all moderne vindkraftutbygging må mykje natur øydeleggast til oppstillingsplassar og tilførselsvegar. Dette er ekstra ille i Kvinnherad: topografien er særs kupert. Store deler av fjellheimen må sprengast vekk/fyllast/planerast for å få oppstilingsplassar og veg som er tilstrekkeleg brei utan bratte bakkar eller krappe svingar. Dermed vil eventuelle utbyggingsområde her bokstavleg tala leggjast i grus.
Dette vil øydelegga omfattande naturområde som i dag framstår som heilt eller delvis urørte. Også område som i dag er berørte av vasskraftutbygging eller kraftliner vil i dag vera biotop for ei rekkje artar over store, samanhengande område. Dette gjeld bl.a. havørn, fiskeørn og hubro, som vi veit er svært utsett kring vindparkar. Insekt blir også drept i store antal, og det er først i seinare år vi har fått opp augene for deira rolle i økosystema og kor truga dei er. Øydelegging av biologisk mangfald er peikt på som ein grunnleggjande trussel, ref. rapporten frå FN sitt natrurpanel i år.
Ved vindkraftutbygging vil områda bli daude, i overskodeleg framtid. Dette vil også frigjera karbon, noko vi ikkje har sett omtala i høyringsnotatet. Det er ikkje opplagt at det finst ein signifikant positiv klimaeffekt innanfor rammene av dagens kraftmarknad og -regime.
FRILUTSLIV
Dei aktuelle områda som er peika ut i Kvinnherad er fulle av svært attraktive og velbrukte turmål. Det gjeld også kring område som i dag er berørt av vasskraft: slike område får redusert verdi, men vert ikkje fullstendig lagt aude slik dei blir med vindkraft. Kvinnherad Turlag og kommunen har laga ein brosjyre med 69 merka turstiar i Kvinnherad. Eit besøk på visitsunnhordland.no - Naturopplevingar - Vandring - Kvinnherad burde også gje eit visst inntrykk.
Mange har stølar i fjellheimen som eksisterer frå den gongen det var seterdrift. Fleire slike er også sett i stand av ideelle lag og står tilgjengelege for alle.
Vi meiner også at dersom det vert bygd ein vindpark i eller ved natur/frilutsverdiar, så vil tilgrensande område i stor radius bli drastisk forringa pga støy (opp mot 110 dB, motorsag = ca. 105 dB), synsinntrykk (moderne turbinar er enorme og synlege på lang avstand, utstyrt med skarpt blinkande lys) og estetisk forsøpling elles.
Ein del av dei aktuelle områda som er peika på i Kvinnherad ligg også tett opp til Folgefonna Nasjonalpark med tilhøyrande landsksapsvernområde.
Forutan fotturar så er Kvinnheradsfjella populære på ski, bl.a. for toppturar. Ein må også nemna Fjellhaugen Skisenter med alpintrekk og lysløype, det einaste i Sunnhordland. Anlegget er også eit viktig utgangspunkt for mange turmål.
Friluftslivet er glimrande for folkehelsa, fysisk og psykisk.
REISELIV
Mange turistar brukar også av turmål og stiar i Kvinnherad. Dette gjeld ulike grupper, frå regionen, frå utlandet. Her er ein eigen "toppturfestival". Natur- og kulturbasert reiseliv gjev høg verdi pr. reisande, og er ei næring i vekst sonm vi ønskjer meir av. Den naturen som måtte vera att, sterkt forringa, vil neppe halda fram å trekka turistar.
BUSETNAD, IDENTITET OG TILHØYRSLE
Kvinnherad er ein landkommune med nokså kronglete kommunikasjon med dei næraste byane (Bergen og Haugesund). Eitt moment som gjer oss attraktive og får folk til å flytta hit og bli buande, er dei omfattande friluftsverdiane. Ein skal ikkje ta lett på kva som skje for Kvinnherad mtp. å trekkja til seg arbeidskraft og kompetanse dersom fjella vert øydelagde av vindmøller.
Det å bu mellom fjell og fjord blir ein del av identiteten for oss som bur her. Landskap og natur pregar folk. Dersom verdiane som fjellheimen representerer vert øydelagde så vert noko heilt fundamentalt teke i frå oss, som kanskje er vanskeleg å kartleggja, måla eller telja. Men det er viktig å ta det inn over seg viss ein skal forstå det valdsame raseriet som har reist seg.
ØKONOMI
Som det går fram her vil kommunen garantert lida store tap. Vi tviler på at dei inntektene som kommunen kan venta seg av eventuell vindpark på langt nær vil kompensera for dei direkte økonomiske skadeverknadene. Så kjem dei enorme skadene på natur og folkehelse m.v. som diverre ikkje er satt økonomisk verdi på i premissa for slike planar.
KVINNHERAD SIN SITUASJON
Kva er spesielt med Kvinnherad i desse spørsmåla? Då vil vi framheva: Krevande topografi gjev store øydeleggingar. Friluftsverdiane utgjer ein spesielt viktig del av kommunen sin attraktivitet, både for turistar/gjester og fastbuande. Kvinnherad har fått bygd ut svært mykje vasskraft. Vi er under 0,3% av folka i Noreg, men vi bidreg med 3% av den grøne kraftproduksjonen. Dette har forringa mange natur- og friluftsverdiar, men ikkje øydelagt dei slik vindkraft vil gjera. Framleis er store område urørte eller tilnærma urørte.
VINDKRAFTA GENERELT
Vi vil på generell basis gå imot landbasert vindkraft i Noreg. Særleg på dei premissa som ligg no: Lite og ingen arbeidsplassar, lite inntekter for kommunane som vert rasert, liten lokal medverknad. Vi stiller oss solidariske med alle andre kommunar som er blitt føreslått råka. Vi meiner det er i hovudsak feil at vindkraft produsert i Noreg, i det store biletet, kan vera eit effektivt klimatiltak. Denne prosessen er udemokratisk, i det NVE har overkøyrt lokale innspel allereie (bl.a. frå Kvinnherad alt i 2018) og har sett faglege råd frå Miljødirektoratet til sides.
Sosialistisk Fellesliste vil peika på at vi har mykje meir å henta på å oppgradera eksisterande vasskraftverk, redusera energiforbruk og -sløsing. I tillegg burde Noreg satsa tungt på havvind for å bidra til teknologiutvikling her, der vi har viktige industrielle kompetansemiljø og fortrinn. Landbasert vindkraft treng ikkje bidrag frå Noreg for å utvikla teknologien.
KONKLUSJON
Det bør absolutt ikkje opnast for utbygging av vindkraft i fjella i Kvinnherad.
Vi viser også til Kvinnherad Turlag sin høyringsuttale for meir detaljar og analyser, og stiller oss 100% bak denne òg.