Forsiden

Høringssvar fra Jostein Røstbø, Valen i Kvinnherad kommune.

Dato: 02.09.2019

Som norsk statsborgar vil eg krevja umiddelbar stopp i den omfattande, industrielle utbygginga av vindkraft på land som føregår framfor augo våre. Resultatet er ei rasering av norsk natur som er utan sidestykke i historia. Prosessen har langt frå vore demokratisk. Mektige kapitalinteresser med støtte frå profesjonelle lobbyistar, politimakt og styresmakter valsar over små lokalsamfunn.

Som innbyggjar i Kvinnherad kommune vil eg krevja at dei områda i Kvinnherad kommune som er tekne med i forslaget til Nasjonal ramme blir tekne ut av ramma. Eg legg vekt på følgjande faktorar:

  • Det varierte landskapet er ein av dei viktigaste grunnane til at folk vel å busetja seg i vår kommune. Både fjordlandskapet med holmar og skjer, øyar og sund og fjell-landskapet med storslagne utsyn, bekker og elvar, blinkande vatn, fjelltoppar og isbrear er svært mykje nytta til rekreasjon og friluftsliv.

  • Kvinnherad er ein turistkommune og for ei mengde større og mindre turistverksemder i heile kommunen er både fjellet og fjorden ein heilt avgjerande ressurs. Eit vindkraftanlegg i nærleiken vil føra til økonomiske tap for turistnæringa.

  • Det meste av vasskraftressursane i kommunen er utbygd, og kommunen produserer rundt tre prosent av vasskrafta i landet. Innbyggjarane har dermed alt ofra mykje vakker natur for å bidra til grøn energiproduksjon.

  • Dei naturinngrepa som er gjorde i samband med vasskraftutbygging, hindrar ikkje at landskapet framstår som relativt urørt både i forhold til friluftsliv og turisme. Vindkraftindustri vil drastisk endra dette.

  • Ei vindkraftutbygging vil ytterlegare redusera livsrommet for ville dyr og fuglar. FN sitt internasjonale naturpanel har vurdert utryddinga av arter som ein like stor fare som klimakrisa.

  • Dersom ein ønskjer å auka produksjonen av grøn kraft, bør oppgradering av eksisterande vasskraftanlegg vera første prioritet. Eit anna alternativ er havvind, der Norge har gode føresetnader for å bli ein viktig aktør internasjonalt. Eit tredje alternativ er solkraft. Det bør også satsast på enøktiltak i større grad enn i dag.

Eg ber innstendig om at kravet mitt blir teke til følgje. Skulle det koma så langt at det blir snakk om vindkraftutbygging langs fjorden eller i fjellheimen i Kvinnherad, melder eg meg i lenkegjengen.