Forsiden

Høringssvar fra Monika E. V. Sande

Dato: 01.10.2019

Generelle merknader til Nasjonal Ramme for Vindkraft – heretter kalla rammeplanen.

Det mest positive med rammeplanen er at den, saman med blant anna motstandarane mot vindkraft på Frøya, har fått det norske folk til å forstå kva konsekvensar vindkraftindustri i norsk natur føre med seg. Eg meiner vi ikkje kan akseptere inngrepa som følgjer av vindkraftanlegg i mange av områda som er føreslege eller søkt/gitt konsesjon for, fordi topografien i mange av områda ikkje er eigna til tiltaka.

Det er også mykje uvisse om verknadane vindturbinane har for både folk og dyreliv. Utbygginga kan ikkje halde fram utan det vert sett ein fot i bakken for å hauste erfaringar frå utbyggingane som er gjennomført.

Det er også mykje snakk om at det er stort potensiale i å hente meir kraft med opprusting og fornying av eksisterande vasskraftverk, både med ny teknologi og endra skatteregime som oppmuntrar til slike prosjekt. Det må vere meir framtidsretta å gjere slike grep for å spare nedbygging av naturområde.

I dag verkar utbygginga å vere styrt av store kapitalinteresser som profitterer på gunstige skatteordningar under fana om utsleppsfri energi. Vi kan ikkje la kapitalen styre rasering av naturområde, ei heller om det er registrert ein eller hundre turgåarar, ti ryper eller tusen ryper, hubro eller ikkje hubro. All natur har sin verdi, og samfunnet må innrette seg mot eit mindre forbruk framfor stadig økonomisk vekst. Globalt er det tal menneske på jorda som er den store utfordringa, då vert det absurd når vi heile tida skal snakke om vekst og verdiauke. På kort sikt kan (kanskje) det hjelpe med reduksjon i utslepp med å mate kraft frå vindturbinar inn på eit globalt marknad, men det er til liten nytte når forbruket berre går oppover og vi brukar meir og meir både natur og energi.

NVE har gjort eit omfattande arbeid som grunnlag for å velje ut aktuelle område, men bruk eller nedbygging av natur er ikkje sett verdi på. Det er også mykje uvisse i parameterane som er lagt til grunn. Generelt meiner eg at verknader for landskap, transport, verna vassdrag er nokre element som ikkje er godt nok vurdert. Framføring av vegar for å bygge anlegga vil måtte ha ein standard der ein må vurdere enorme skjeringar i både låglandet og på høgfjellet, og kanskje også lange tunellar. Korleis har rammeplanen vurdert slike forhold?

Inngrepa kan ikkje samanliknast med inngrepa som har vore gjort i samband med kraftutbyggingar i etterkrigstida og eventuelle kraftlinjer i nyare tid. Sjølvsagt viser det at vatn er regulert, men generelt følgjer inngrepa terrenget på ein heilt annan måte enn eit vindkraftanlegg slik det vert bygd ut i dag.

Sist men ikkje minst må det stillast spørsmål ved prosessen for rammeplanen og konsesjonsprosessane for vindkraftanlegg. Dette er meir omtala i konkret merknad til område 19, men som ei generell merknad meiner vi det er behov for å sjå på rammene i lovverket for realisering av vindkraftanlegga.

Rammeplanen må ende i ein breiare diskusjon om kva som er rett omlegging til grønare energi i Norge. Vi kan ikkje forsvare framleis utvinning av olje og gass med å forplikte oss til å levere energi basert på vindkraft som raserer naturen vår.

Konkrete merknader til framlegg til område 19 Sunnfjord og Sogn i rammeplanen.

Det er ikkje akseptabelt at verneplan for vassdrag ikkje er tillagt meir vekt som eksklusjon. Alle andre tiltak krev omfattande vurderingar i høve til Rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag, medan for vurderingar av vindkraftanlegg er ikkje dette tillagt noko vekt. Det aktuelle området omfatta nedbørsfelt til to verna vassdrag; Gaularvassdraget og Flekke/Guddalsvassdraget.

Landskapsverknad av eventuelt anlegg vil være svært konfliktfylte. Store delar av aktuelt område er i høgfjellet frå 6-700 moh til 11-1200 moh. Sjølv om det er veg til delar av fjellområdet etter kraftutbygging, er ikkje desse vegane av ein slik standard at dei kan nyttast til å få fram vindturbinar. Det medfører at eventuell utbygging krev omfattande ny infrastruktur i form av vegar som vil forandre landskapet radikalt frå i dag.

Det er sågar snakk om å bygge tunell frå om lag 200 moh til 6-700 moh. Kva lengde ein slik tunell må ha og kva konsekvensar det vert av deponi av tunnellmassar er ikkje vurdert i det heile.

Det er også store høgdeskilnader i fjellområdet som inneber uakseptable terrenginngrep. Inngrepa som tidlegare vasskraftutbygging har medført er i dag «lite» synlege.

I område som er med i rammeplanen, har utbyggarane av vindkraftanlegg starta planar for utbygging, medrekna samtalar med grunneigarar om lag på same tid som framlegg til rammeplan vart kunngjort. Delar av argumentasjonen er bygd på at område er peika ut i rammeplanen.

At selskapa var i ein slik posisjon, viser at dei må ha hatt kunnskap om rammeplanen før den vart offentleg presentert. Kva tiltru skal ein då ha til demokratiske prosessar? Det er fristande å bruke ordet korrupsjon, det skal eg ikkje påstå men heller la spørsmålet henge i lufta til ettertanke for dei som skal handsame merknadane.

Når selskapa også sender melding om oppstart av planarbeid for vindkraftanlegg til NVE i ein periode der NVE har gjort det klart at det ikkje skal vere noko handsaming av slike saker, og rett før kommunar skal ta stilling til rammeplanen, viser at selskapa ikkje har respekt verken for styresmaktene eller demokratiske prosessar.

Når selskapet også påstår at meldinga ikkje har noko med nasjonal ramme å gjere, viser det kva dobbeltmoral som rår for å sikre sine økonomiske verdiar.

Område 19 har store verdiar for natur og friluftsliv sjølv om NVE ikkje har fått det fram i sine parameterar i rammeplanen. Området må difor takast ut av rammeplanen