Høringssvar fra Signe Tonning
Dato: 01.10.2019
Høyringssvar frå Signe Tonning.
Dato: 30.09.2019
NEI TIL VINDKRAFT I URØRD NATUR !
Dette gjeld område 19, i Nasjonal Ramme for vindkraft.
Vi er 4 kommunar i dette området, Fjaler, Hyllestad, Gaular og Høyanger. Alle kommunane vedtok: Nei til vindkraft på land!
Vi har i Norge eit folkestyre og eit demokrati. Det er difor viktig at dei folkevalgde i kommunane har vetorett i slike saker som gjeld nærmiljøet og naturen i kommunane.
I Hyllestad viser Zephyr sine utbyggingskart, vindturbinar berre nokre hundre meter frå bebyggelsen i fleire grender. Dette kan vi ikkje ha. Folkehelsa, dyreliv, fugleliv og faunaen vår, må bety meir enn vindturbinindustri i den flotte naturen vår.
Norsk vannkraft bør oppgraderast og tilbake i nasjonal eige i staden for utbygging av vindkraft. Det vil gje meir kraft enn vindturbinane kan gje. Mange land har lagt ned vindkraft. Dette er dokumentert.
Stans all vidare utbygging av vindkraft straks, naturen får vi aldri tilbake.