Høringssvar fra Astrid Sandvik

Dato: 30.09.2019

NVEs forslag til en nasjonal ramme for vindkraft på land

Høyringsuttale

Astrid Torill Sandvik, grunneigar og brukar av «Dalsbotnfjellet», del av vindkraftområde 18 i planen.

Olje- og energidepartementet (OED) skriv at dei vil legga til rette for god lokal og regional medverknad og ønskjer difor innspel til NVE sitt framlegg.

«Dalsbotnfjellet» og resten av område 18 må ikkje byggast ut, og området må ut av «Nasjonal ramme for vindkraft».

Personlege argument som eg ber om vert teke omsyn til

Den viktigaste årsaka til at eg og mange med meg er i mot utbygginga, er at me bur og lever her og at me vil behalda fjellet, utmarka, gleden, identiteten og tilhøyringa til naturen og landskapet her! Området er ein viktig del av identiteten vår og naturen og turområda her er svært viktige for livskvaliteten. Me som bur på gardane og i bygda her har «Dalsbotnfjellet»- i ryggen og Sognefjorden nedanfor. For meg personleg betyr det alt å ha denne naturen så nær innpå. Me brukar område som sommarbeite for sauene og til rekreasjon. Me bur i dette og me nyt utsynet til landskapet som me føler er ein del av oss.

Hadde det vore kamelhalsfluge (DD) eller snerpstjernemose (NT) her, hadde område blitt karakterisert som konfliktfylt og ikkje blitt bygd ut, -fordi dei to artane skal beskyttast. (Me som bur her er dessverre ikkje på raudlista.) Me føler det djupt urettferdig at me skal bli overkøyrde og ikkje lytta til. Politikarane beskyttar ikkje oss som bur her mot aggresive og pågåande utbyggarar som vil tena store pengar på å selga vår natur til store utanlandske konsern (Utbyggarane får til og med subsidiar frå staten til å bygga ut og ikkje treng dei byggeløyve). Utbyggarane, viss dei får konsesjon, kan ekspropiera grunnen vår sjølv om ekspropriasjon berre skal gjelda når det er «livsviktig» for nasjonen Noreg.

Me føler at regjeringa ser på kystlandskapet som ein stor ubebudd stein-bakgård langt vekke frå Oslo og at me ikkje er like viktige som folk som bur sentralt. Me som bur her skal sitja att med rasert natur og over 200 m høge tårn og turbinar med roterande, blenkande og støyande venger og milevis med vegar og store oppstillingsplassar. Me vil ikkje oppleva dette!

Friluftsliv, stilla i naturen og folkehelse, er ikkje dette viktig? I ei høyring så vert slike menneskelege og livsviktige argument som dei ovafor ikkje vektlagde, vil eg tru.

Argument som de truleg ta omsyn til.

Administrasjonen i Gulen kommune har, før kommunestyremøte den 4. sept. 2019, gjort ei grundig saksførebuing med faktaopplysningar, -som eg kan nytta meg av i noko av det eg skriv under her.

NVE seier dei har lagt vekt på å unngå konfliktar med viktige naturområde, og teke omsyn til tema som friluftsliv, støy, fugle- og dyreliv og kulturminne. Innanfor område 18 vil det vera område som ikkje egnar seg for vindkraft på grunn av konfliktar med viktige interesser, eller som følge av mindre gode vindressursar. NVE meiner at område 18 (som Dalsbotnfjellet er ein del av) har gode produksjonsforhold for vindkraft, og lågare konfliktnivå knytt til friluftsliv, landskap og fugl enn i store deler av landet elles.

Eit viktig prinsipp innan offentleg forvaltning er at saker skal vera forsvarleg utgreidd før det vert gjort vedtak. NVE sin konklusjon om lågt konfliktnivå bygger på eit mangelfult kunnskapsgrunnlag. Problemet med manglande kunnskap vart ma diskutert på eit innspelsmøte i Bergen og stadfesta av Miljødirektoratet. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har kritisert NVE for det same.

Nedanfor er døme på tilhøve som ikkje er godt nok utgreidd eller ikkje er vurdert i det heile.

1 Manglande kartlegging og verdsetting av friluftsområde

Det manglar oppdatert kartlegging og verdsetting av viktige friluftsområde i Gulen. Arbeidet er starta opp, men framleis ikkje fullført, og det ligg difor ikkje inne i tilgjengeleg database.

I Gulen kommune fins det fire idrettslag med tilhøyrande fjelltrimgrupper som alle jobbar aktivt med å tilrettelegga turstiar både på fjellet og langs kysten. Ytre Sogn Turlag med både eige barnelag og eige ungdomslag er turlaget som me høyrer til. Turlaget er svært aktivt. Til saman er det i overkant av 100 tilrettelagte turløyper i kommunen og dette seier noko om verdien av friluftslivet for både innbyggarane og dei mange hytteeigarane. I tillegg har «Kystarven» bidrege med turstimerking og god skilting.

Gulen kommune er nest største hyttekommune i Sogn og Fjordane. Vindkraftanlegg i fjellet vil øydelegga for hyttefolk og for anna turisme.

Eg trur verdien av urørt natur er stor for oss som bur i Gulen, -me har umiddelbar tilgang til friluftsliv og urørt natur. Naturen, stilla og roen er kvalitetar mange av oss som bur her og som flytter hit, set over bylivet sine tilbod. Å opna opp for utbygging av vindturbinar i kommunen sine friluftsområde vil derfor vera svært øydeleggande for dei fleste av oss.

Utøving av jakt og fiske er også populære fritidsaktivitetar i Gulen. Utbygging av vindkraftanlegg vil vera negativt for desse aktivitetane.

Eg meiner at lokalmiljøet si verdsetting av urørt natur og friluftsliv ikkje har vorte tilstrekkeleg teke omsyn til i NVE si ramme for vindkraft.

2 Kulturminne og kulturlandskap

Kulturminne og kulturlandskap er to tema som ikkje er tilstrekkeleg kartlagde og verdsett på ein slik måte at det er lagt inn i allmenn tilgjengeleg database. Det vert jobba med ein kulturminneplan som skal ta føre seg dette arbeidet. I St.meld. nr. 26 (2006-2007) -Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand-, står det at kulturlandskapet skal forvaltast slik at kulturhistorie og estetiske verdiar, opplevingsverdiar, biologisk mangfald og tilgjengelegheit vert oppretthalden. Med utgangspunkt i lokal kjennskap kan me konstatera at det er viktige kulturminner og kulturlandskap i Gulen som vil verte øydelagde ved ei utbygging av vindparkar.

Gulatinget ligg i Gulen (1000 årsstaden for fylket), -opphavet til Gulatingslova og den autentiske tingstaden der Gulatinget vart halde. Gulatinget var truleg skipa av kong Harald Hårfagre og var det største lagtinget i Noreg frå 900 til 1300 A.D. Tinget var lovgjevande, utøvande og dømmande makt, der lovområdet femna heile kysten og Hallingdal, Setesdal og Valdres. Gulatinget med tingstaden og området rundt er ein reiselivsdestinasjon. Det er øydeleggande for opplevinga av staden og kulturminnet at fjellområda rundt er utbygde med over 200 m. høge søyler med roterande venger. I AMBIO, Miljørådgivning sin fagrapport «Konsekvenser for landskap» som vart utarbeidd for Zephyr som del av konsesjonssøknad om utbygging av Dalsbotnfjellet vindkraftverk, er Gulatinget berre nemnt ein gong, og det som del av ei oppsummering i ein tabell. Det verkar då tydeleg at verdien av Gulatinget, både lokalt, regionalt og nasjonalt ikkje har kome tydeleg fram korkje hos AMBIO eller NVE.

Område i Gulen og også delar av Nordhordland, har eit heilt unikt omfang av steinbygningar der det har vorte brukt avansert tørrmuring som byggeskikk. Nokre av murkonstruksjonane og -bygningane er rekna for å vera blant dei mest avanserte og beste murarbeid som fins i dei norske bygdene (AMBIO Miljørådgiving, 2011) Mange av desse steinbygningane finn me som stølshus på fjellet, -ofte mange i lag på ein stølsvoll. Fleire av stølshusa vert nytta som hytter i dag. Å få nærområda til desse stølane utbygde med vindkraftverk vil heilt klart øydelegga verdien og opplevinga av stølsmiljøa, -med hus og stølsvoll.

I Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminne er det valt ut tre vegstrekningar i vest som skal stå som representantar for Den Trondhjemske postvei. Saman skal dei syna både utforming, byggemetodar og ulike landskapstypar som vegen går gjennom. I Sogn og Fjordane vart valet strekninga frå Postvåg i Halsvik til Rutledal i Gulen kommune. Dette vegstrekket vart freda i 2009. Utbygging av vindkraft i områda rundt postvegen vil forringe turopplevinga ved bruk av denne vegen.

Ved handsaming av konsesjonssøknaden til Zephyr, vart det understreka av Fylkeskommunen og ved private innspel at det ikkje er leita etter kulturminne i delar av det då omsøkte området. Det same er gjeldande for andre deler av analyseområde 18 i Gulen. Fylkeskommunen framheva at det er potensiale for funn av automatisk freda kulturminne knytt til utmarksressursar.

3 Reiseliv

Sognefjorden er er verdas lengste isfrie fjord og har alltid hatt ein spesielt viktig posisjon som eit av Noregs fremste reisemål. Sognefjorden er også ein svært internasjonal destinasjon. Over 60 prosent av kommersielle gjestedøgn er utanlandske, noko som er langt meir enn det nasjonale gjennomsnittet på rundt ein tredjedel, og også meir enn dei andre vestlandsfjordane. Den storslåtte Sognefjorden er eit av områda som vil verte mest visuelt påverka av utbygging av vindturbinar innan analyseområde 18 i Gulen. Dette vil medføre at landskapskarakteren langs fjorden og innseglinga til Sognefjorden vert endra frå ubrutte fjellrekker til å innehaldea tekniske inngrep, i praksis industriområde. Vindkraftverk vil medføre negative visuelle verknadar i forhold til nærliggande områder og det viktige regionale og nasjonale referanseområdet som Sognefjorden er i seg sjølv. Påverknad på landskapskarakteren er vurdert som negativ, og eventuelle vindparkutbyggingar vil kunne få store negative konsekvensar for landskapet. Dette synet er støtta av AMBIO Miljørådgiving, men er i samband med konsesjonssøknad på Dalsbotnfjellet ikkje tatt omsyn til av Zephyr som på trass av rapporten påstår at verknadane ved innseglinga til Sognefjorden vil vere ubetydlege. NHO Reiseliv viser også til Sognefjorden som ein internasjonal reisedestinasjon, og påpeikar at 85% av utanlandske turistar oppgir at å «oppleva fjordane» er svært viktig for noregsferien. Dei visuelle verknadane ved innseglinga til Sognefjorden vil vera negative ettersom vindturbinane vil vera godt synlege frå både skip som går inn og ut av fjorden og svekka inntrykket av uberørt natur. NHO Reiseliv har gått gjennom konsesjonssøknadar og vurderingar frå NVE og er av den oppfatning at lokaldemokratiet sine innvendingar og reiselivsnæringa sine behov for at ikoniske reiselivsdestinasjonar vert ivaretatt, vert handsama svært lettvint av NVE.

I Nasjonal ramme for vindkraft har ikkje NVE teke til seg viktigheita av Sognefjorden, med ei urørt innsegling, som reiselivsdestinasjon og verdiskapar.

4 Inngrepsfrie naturområde (INON)

I St.mld. nr. 1 (2004-2005) frå Miljøverndepartementet er inngrepsfrie naturområde (INON) førte opp som eige arbeidsmål: «…Sikre at attverande naturområde med urørt preg blir tekne vare på..». I Gulen er areal med store, samanhangande område utan inngrep sterkt reduserte dei siste tiåra, på linje med det som har skjedd i store deler av landet. Dei områda som i praksis vil vera aktuelle for utbygging av vindkraft, ligg i dei få resterande INON-områda som er att i kommunen. Å sikra at desse områda ikkje vert utbygd er viktig både for å sikra biologisk mangfald, og for å ivareta føremålet i friluftslova. Riksrevisjonen har ved fleire høver (2007 og 2011) påpeika at dagens arealforvaltning bidreg til nedbygging av område som skal takast vare på. Då er det naturleg at Gulen kommune som ansvarlege for arealforvaltninga, må lyttast til av NVE når dei prøver å forvalta arealet i tråd med dei statlege retningslinene som er lagde.

Verneområde

Gulen har sju verneområde; Grima (myrområde), Ramsbarden, Kvernøyna, Sogneoksen, Guleskjeret, Lihellene (sjøfuglreservat) og Vassøyane (våtmarksområder). Totalt er ti stadar bandlagde for naturføremål i kommuneplanen, og fem av desse er innvilga som naturreservat.

To vassdrag, Ynnesdalsvassdraget og Dingjaelva, er varig verna.

Dette viser at det er naturområder av høg verdi innanfor det føreslåtte område 18.

5 Landskap

Konsekvensane for landskapet er nært knytta til kor synlege turbinane vert, og kor store inngrep som må gjerast i naturen med tanke på tilkomstvegar og oppsettingsplassar rundt turbinane, forutan leidningsnettet. Ved konsekvensutgreiinga som vart gjort i samband med konsesjonssøknadane for Brosviksåta, Sandøy og Dalsbotnfjellet, vart det slått fast at utbygginga ville ha store negative konsekvensar for fleire av områda som då ville verte berørte av utbygging. I dag er turbinane betrakteleg høgare enn det det vart søkt om i første konsesjonsrunde, og dette tilseier at konsekvensane for landskapet er mykje større no.

Utbygging av vindkraft i Gulen vil få store negative konsekvensar for landskapet.

6 Biologisk mangfald

Nyare forsking slår fast at det å oppretthalda biologisk mangfald er like viktig som å redusera klimagassutslepp dersom me skal nå FN sine berekraftsmål. Artar er avhengige av kvarandre, og dersom me mister ein art, kan heile næringskjedar verta øydelagde. For kvar art som vert utrydda, svekker ein samanhengane i naturen, som me er avhengige av for mat og utvikling. Artsmangfaldet, både når det gjeld naturtypar, fugl og vilt er stort innanfor analyseområde 18 og Gulen. Norsk Ornitologisk Forening, avd. Hordaland og avd. Sogn og Fjordane, har uttala at det er mangelfull ornitologisk kunnskap om området, og det vert av fleire naturvern-organisasjonar hevda at trugselen som vindturbinar har for fugl og dyr vert bagatellisert. Det er kjent at store rovfuglar som kongeørn og havørn har relativt stor kollisjonsrisiko med vindturbiner. Dette er m.a. vist for havørn på Smøla der det frå 2005 til og med 2010 er funne 39 kollisjonsdrepte havørner. Dette tyder i gjennomsnitt 7,8 drepte ørner/år eller 0,11 ørner/turbin/år. Det er registrert havørn fleire stader i kommunen, og det utgjer også ein viktig del av eit kongeørn-territorium. For kongeørn vil både anleggs- og driftfasen medføra uønska forstyrringar og kollisjonsrisiko. Tiltaket er vurdert å ha stor negativ konsekvens for ørn. Både storlom og smålom hekkar i vatna i planområdet for Dalsbotnfjellet. Desse artane er sårbare for inngrep som ei eventuell utbygging vil medføra, og det er vurdert som svært sannsynleg at lommene kan oppgi planområdet som hekke område. Utbygging av vindkraft vil difor ha stor negativ konsekvens for desse artane. Generelt er utbygging av vindkraftanlegg vurdert til å ha stor negativ konsekvens for artane over, og middels/lite negativ konsekvens for artar som rype, andefuglar, strandsnipe og ulike vadere for utbygging på Dalsbotnfjellet. (Jfr. Konsekvenser for biologisk mangfold ved utbygging av Dalsbotnfjellet vindkraftverk, Gulen kommune, AMBIO Miljørådgivning, 2011). I den siste tida har det vorte forska meir på insektsdød i tilknytting til vindturbinar. Ein reknar med at store mengder insekter døyr når dei kjem inn i rotasjonsområdet til vindturbinane.

Samla konsekvens for planområdet som gjeld Dalsbotnfjellet er at artsmangfaldet vil endrast, og at levevilkåra til fleire artar vil forringast. Verknadsomfanget er difor vurdert eksternt til å vera middels/stort negativ. Det er naturleg å leggje til grunn at ein vil koma til liknande resultat for andre område som vil vera aktuelle for utbygging i kommunen.

Naturtypar

Gulen kommune har naturtypar som er representative for Vestlandet, og med stor variasjon frå fjell til fjord frå aust til vest. Direkte arealbeslag som følgje av vindkraftutbygging vil kunna føra til fragmentering av naturtypar og vegetasjon. Vegnett og andre inngrep vil i praksis fungere som barrierar slik at artar som har vanskeleg for å spreie seg, risikerer å verta isolert. Dette vil føra til at førekomstar av vanlege artar vil få redusert populasjon, og artar som førekjem berre på avgrensa areal i utbyggingsområdet, vil risikera å forsvinna. I dei områda det vil vera naudsynt å grøfta, vil forholda for vegetasjon kunne verta påverka i stor avstand frå tiltaket. Etablering av vegar i skrånande terreng og andre inngrep vil føra til drenering, som vil kunna redusera førekomst av råmekrevjande plantar, og føra til endringar i artssamansettinga i det påvirka området. Det vil også i nokre tilfelle vera sannsynleg at slik drenering vil kunna føra til ureining av drikkevasskjelder.

Auka ferdsel i utbyggingsområde vil kunna føra til auka slitasje på vegetasjon, og samla sett vil utbygging av vindkraft føra til negative effektar på eit område med representative natur- og vegetasjonstypar for denne landsdelen.

Den samla negative påverknaden på det biologiske mangfaldet og naturtypar er ikkje teke tilstrekkeleg omsyn til av NVE.

7 Lokaldemokratiet

Gulen kommune har ved fleire høve sagt nei til konsesjonssøknadar knytt til vindkraft. Dette gjeld både konsesjonssøknadane på Setenesfjellet i 2008, på Sandøy og Dalsbotnfjellet i 2012, og i tillegg klage på NVE sin konsesjonssøknad på Dalsbotnfjellet. Kommunen si haldning dei siste 10 åra har vore at utbygging av vindkraftanlegg som ligg i område med stort konfliktpotensiale ikkje kan aksepterast.

Den 5. sept 2019 gjorde Gulen kommunestyre dette vedtaket (KOM sak 056/19):

«Gulen kommune kjem med følgjande fråsegn til NVE sitt framlegg til Nasjonal ramme for vindkraft, datert 1. april 2019: Gulen kommune meiner at NVE sin konklusjon om lågt konfliktnivå for Gulen i analyseområde 18 byggjer på eit mangelfullt kunnskapsgrunnlag. Planen ikkje er tilstrekkeleg utgreidd og bør difor ikkje vedtakast i si noværande form. På bakgrunn av vurderingane i saksutgreiinga, ber Gulen kommune om at kommunen, samt resten av analyseområde 18, vert teke ut av NVE sitt framlegg til Nasjonal ramme for vindkraft.»

Det har heile tida vore signalisert tydeleg frå NVE og frå OED at det ikkje skal verte gitt konsesjon til utbygging i vindkraftverk i område der det ikkje er lokal oppslutnad om prosjekta. I sak om utbygging av Dalsbotnfjellet har Gulen kommune så langt opplevd at innspel og politiske vedtak ikkje er teke omsyn til.

Kommunen opplever at engasjementet mot utbygging er større enn nokon gong, slik det tydeleg vart demonstrert ved stort oppmøte og markering på fjellet med bunad, flagg og banner då Olje- og Energidepartementet var på synfaring i samband med klagen på konsesjonssøknaden på Dalsbotnfjellet. Til kommunestyremøtet den 5. sept. vart det levert inn underskriftslister mot utbygging -med 1555 signaturar! Nabokommunane både i Nordhordland og i Ytre Sogn har også gjort vedtak om å ta vare på naturen og ikkje ofra naturområda sine til vindturbin-industrien.

Skal lokaldemokratiet ha verdi, må nasjonale myndigheiter, her ved NVE og OED ta Gulen kommune og folket som høyrer til her, på alvor og høyra på innvendingane deira!

8 Samla vurdering

NVE sin konklusjon om lågt konfliktnivå for Gulen i analyseområde 18 bygger på eit mangelfullt kunnskapsgrunnlag. Dette er dokumentert ovanfor her. Det er lagt opp til at nærare vurderingar knytt til miljø- og samfunnsinteresser skal gjerast i samband med handsaming av ein konkret konsesjonssøknad. Det er mange manglar i Zephyr sin konsesjonssøknad. Zephyr har i fleire år lagt press på grunneigarane ved at dei gir kvart grendahus/-lag i området som Dalsbotnfjellet dekker, eit visst beløp for kvar grunneigar som skriv under på å «gje frå seg» areal (av fellesareal!) til utbygginga. Sameleis vert kommunen tilbydd mykje pengar viss dei går inn for utbygging. Dette kan kanskje kallast korrupsjon?

Vindkraft engasjerer, og i tida etter at framlegg for Nasjonal ramme for vindkraft vart lagt ut på høyring har debatten rasa både om Noreg faktisk har bruk for kraft i den skala som planen legg opp til, og vidare om det ikkje heller burde vore prioritert å satsa på vindmøller til havs eller å oppgradera eksisterande vasskraftanlegg (som i Noreg kan gje meir kraft enn den krafta som alle planane for vindkraftutbygging hadde gitt).

Eg vil at område 18 ikkje skal byggast ut og har gode argument som underbygg mi meining.. Gulen kommune, -og i alle fall dei 1555 menneska i kommunen som skreiv namnet sitt på listene mot utbygging vil ikkje ha utbygging av vindkraft. Eg støttar dessutan alle dei som kjempar andre stadar i landet, dei som ikkje ønskjer «sine» område øydelagde.

Det er danna lokale/regionale protestgrupper som «Nei til vindkraft i Fjaler, Askvoll, Gaular, Hyllestad og Høyanger» og «Folk for fjella» og nasjonale grupper som «Nei til vindindustri i norsk natur», «La naturen leve» og «Motvind Norge». Det går ein kraftig motvind over landet mot øydelegging av natur, spesielt kystnaturen. Høyr på kva dei meiner og ta omsyn til deira argument.

Me veit at politikarar i kommunane og fylkeskommunane her og andre politikarar har forstått kor øydelggandee vindindustri på land er og no går imot utbygging. Alle kommunestyre har sagt nei til utbygging i dei kommunane som har areal innafor område 18. Høge «tårn», vindturbinar med lange, roterande venger og sundsprengde fjell vil folk ikkje ha.

Gløym vindkraftutbygging i norske fjell, snu i tide og følg den vinden som bles over landet, er mitt råd til politikarane og til OED!

Breidvik 30.sept. 2019

Astrid Sandvik

Sognefjordvegen 2122, 5961 Brekke

Tlf 94094420

astor.sandvik@gmail.com