Forsiden

Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 229230

Dato: 30.09.2019

VOLDA. Høyringsuttale vedrørande nasjonal ramme for vindkraft på land.

1. Tap av areal og biologisk mangfald er ein større trussel enn drivhuseffekten for klimaet. NVE har plukka ut stor områder som er "best eigna" til vindkraft.

Vestsida av Dalsfjorden ligg i Volda kommune. Dette er eitt av områda NVE har peika på som best eigna.Dette er eit område med stort biologisk mangfald. Her er bla store myrlandskap, som vi veit lagrar store mengder CO2.

2. I området er der mange støylar som er godt teke vare på. Desse vert brukt til rekreasjonsområder heile året.Her er attraktive områder for toppturar og turområder som gir fin utsikt ned til Dalsfjorden og bygdene.Både toppane og det lavare landskapet vert flittig brukt sommar og vinter.

3. Folkehelseperspektivet.

Det er tradisjonar langt tilbake i tid å bruke fjella som rekreasjonsområde. Eg har vore på Midtfjellet på Fitjar der ordføraren seier vindkraftutbygginga har vore positiv. Nei, Midtfjellet er ikkje eit rekreasjonsområde. Du er fanga av vegar og turbinar i alle retningar.Eg kjende sorg og uro over at naturen vår skal utbyggast slik at ein ikkje lenger har kjensla av å vere i naturen.Vinterstid er rett nok vegane dekka av snø. Då er det farlig å vere i området pga iskast,ca 300m frå turbinane.

Inngrepa i naturen kan ikkje reverserast.Vi har eit ansvar for å ta vare på naturen også for dei som kjem etter oss.

Utbygging skjer mot folket sin vilje, trua på at vi har eit godt demokrati vert svekka.

Bygder opplever splittelse og dårlig naboskap.

4. Når ein les Rammeplanen, er der mykje som ikkje er kartlagt av fagfolk, eks biologar.Den handlar mykje om kva ein trur som fins av fugl mm.

5.Forureining, produksjon og transport :

- Produksjon av sement avgir store mengder CO2

- Produksjon av stål treng store mengder energi

- Hydraulikken i vindturbinane må smørjast med olje

- Plastkompositten i turbinblada vil miste plastbitar i naturen frå første dag

- Transport frå produksjonslanda (eks Kina?).Dei store lasteskipa går på bunkersolje som er den mest forureinande vi har

- Turbinane har kort levetid. Kor mykje straum leverer dei i løpet av levetida? Kor mykje straum går med til å produsere turbinane? Eg saknar eit klimarekneskap på heile pkt 5.

6. Opprydding av området når turbinane ikkje leverer lenger. Kven skal ta kostnaden dersom eigaren er konkurs eller har flytta alle verdiane til eit datterselskap?