Forsiden

Høringssvar fra Vegard Bergane

Dato: 30.09.2019

Denne høyringsuttalen omhandlar først og fremst Kvinnherad kommune som eg kjenner best, då eg er oppvaksen i og har nær tilknyting til bygda Åkra. Mykje er likevel også relevant for dei andre områda i rammeplanen.

Delar av arealet i Kvinnherad kommune er inkludert i eitt av dei 13 områda som NVE meiner ser på som best eigna for vindkraft. Kartet over eksklusjonar viser at det er først og fremst Husnesfjella og fjellområda frå Åkra/Matre og innover mot Blådalen og Folgefonna nasjonalpark som er aktuelle område for vindkraftutbygging.

Eg vil anbefale å lese ein ekstra gong gjennom høyringsuttalen til Kvinnherad Turlag, som gir ei grundig og god skildring av desse områda.

Kvinnherad kommune står allereie for omlag 3 % av den fornybare energien på landsbasis. Dei aller fleste vassdrag som er mogleg å byggje ut er allereie utnytta til vasskraft. Vasskraftutbyggingane har lagt grunnlaget for industri i regionen. Kvinnherad bidrar med dette mykje til fellesskapet, og har ofra mykje urørt natur for velstand og klima.

Forslag til nasjonal ramme for vindkraft legg opp til enorme tap av inngrepsfrie naturområde (INON). Av omsyn til blant anna støy og sikkerheit er det sjølvsagt uaktuelt å ha vindturbinar nær der det bur folk. Sidan Noreg er eit land med svært spreidd busetnad, vil dette føre til at det er den urørte naturen som vil bli bygd ut. Berre i perioden 2008-2012 gjekk nesten 900 km² inngrepsfri natur tapt på landsbasis, og reduksjonen og oppstykkinga er størst i Sør-Noreg. Store samanhengande naturområde er svært viktige for mange artar, og økosystema her er meir robuste, til dømes mot klimaendringane.

Kvinnherad har framleis ein del inngrepsfri natur, også utanfor verneområda, og ei vindkraftutbygging vil gi ein kraftig reduksjon av slikt areal. Tilførselsvegane og oppføringsplassane vil dele opp naturområda i eit rutenett. Den kuperte topografien vil føre til at det trengs svært mykje sprenging og planering. Det vil vere uunngåeleg å unngå å øydeleggje ein del myrområde, noko som kan føre til at mykje CO² vert frigjort. Dette har det vore lite fokus på til no, og treng å utgreiast.

Kvinnherad er blant anna viktige områder for havørn, kongeørn og hubro, og områda som kan bli aktuelle for vindkraftutbygging er viktige habitat for rype og orrfugl. Erfaringsmessig kan fjellrypa i visse årstider flytte seg over større distansar, og ein vindpark i fjellområda mellom Åkra og Blådalen vil vere svært negativt for bestanden. Forøvrig er store delar av kommunen svært dårleg kartlagt når det gjeld naturmangfald, og det er sannsynleg at det finst mange fleire trua artar og naturtypar i området enn det som er registrert i dag.

Dei aktuelle områda for vindkraft i Kvinnherad ligg på fjellet, hovudsakleg mellom 500 og 1100 m.o.h. Vindturbinar, som kan vere over 200 meter høge, vil bli synlege frå store delar av regionen. Dersom ein står i ytre strok av Sunnhordland og speidar innover mot Folgefonna nasjonalpark, vil ein ha massive vindturbinar i forgrunnen. Om natta vil ein sjå blinkande lys. Det er vanskeleg å verdisetje dei negative konsekvensane slike inngrep vil ha for landskapsopplevinga, men dersom det hadde eksistert ein god metodikk for dette hadde nok slike inngrep sjeldan vore samfunnsøkonomisk lønnsame. I Kvinnherad vil ei vindkraftutbygging utvilsamt føre til redusert livskvalitet for fastbuande, og ha negativ påverknad på reiselivet i regionen.

Både Blådalsområdet og Husnesfjella er svært viktige områder for friluftsliv. Svært mange kvinnheringar nyttar Fjellhaugen skisenter og fjellområdet innover Blådalen på vinterstid. Mange stader er det bratt og skredfarleg, noko som vil seie at dei områda som er mest aktuelle for vindkraft, også er ettertrakta som skiterreng. Vindturbinar vil i praksis kunne gi ferdselsrestriksjonar grunna fare for isnedfall. Det er interessant korleis dette vil stå seg juridisk i forhold til allemannsretten. Husnesfjella er eit svært viktig nærturterreng for den meir folkerike delen av kommunen, og fjelltoppar som Ulvanåso og Englafjell er kjent langt ut over Kvinnherad sine grenser.

Det er heilt klart at det er eit behov for utbygging av fornybar energi for å få bukt med utfordringane knytt til klimaendringane. Likevel, med den raske utviklinga i teknologi som me no har er det svært usikkert om landbasert vindkraft vil vere det ein satsar på om 30 år. Naturmangfaldlova § 9, "føre-var-prinsippet", må leggjast stor vekt når det er snakk om inngrep av denne storleiken. Det er synd om forhasta politiske feilslutningar skal setje omfattande spor i landskapet som vert synlege til neste istid.

Ei vindkraftutbygging i Kvinnherad vil, uansett korleis ein gjer det, ha svært store negative konsekvensar på miljø og lokalsamfunn. Kvinnherad må takast ut av rammeplanen. Vidare meiner eg at den nasjonale ramma for vindkraft er eit blindspor, då det er få stader i landet at gevinsten av landbasert vindkraft vil vere større enn dei reelle negative konsekvensane dette har for miljø og samfunn.

Vegard Bergane, kvinnhering med mastergrad i naturforvaltning