Høringssvar fra Marit Steinestø
Gode NVE.
Eg har lese gjennom forslaget dykkar og studert karta de har brukt som grunnlag for arbeid med Nasjonal rammeplan for vindkraft.
Mitt svar på dykkar høyringsutkast følgjer under.
· Vindindustri øydelegg norsk natur og trugar biologisk mangfald i dei områda den vert bygd ut.
· Vindindustri øydelegg verdifulle rekreasjonsområde. Menneske som har valt å busette seg nære naturen vert fråtekne livskvalitet, husa og eigedommane deira vert reduserte i verdi. Dei opplever turbinane som sterk visuell forureining, og bur dei nære nok vil lyden turbinane lagar, gje eit vedvarande ubehag. Dag og natt.
· Utbygging av vindindustri øydelegg for turist- og reiselivsbransjen.
· Vindindustri i Noreg er inga klimasak. Eg er oppteken av naturen og miljøet, og det gjer meg trist å sjå korleis denne nedbygginga av fjell og utmarker seglar inn under falskt flagg. Sjølv om nokre rekneskap syner at turbinane greier eit energioverskot i forhold til produksjon- og installasjonskostnader er nettorekneskapen framleis uklar. Samanlikna med vasskraft så kjem den verkeleg til kort.
· Vindindustrien opplever subsidiebonanza. Dei insentiva selskapa får, er utan samanlikning. Det er skattebetalarane sin pengar.
· Vindindustri representerer ingen sunn, norsk fordelingspolitikk. Vi har eit godt land å bu i. Godt eigarskap, spesielt i energisektoren har bidratt til industrieventyr, arbeidsplassar og høg sosial mobilitet. Vindindustrien er kjenneteikna av det motsette. Mindre selskap og aggressive byråkratar bearbeider kommunar og grunneigarar og sel seg ut til utanlandske investorar når papirarbeidet er gjort. Kommunane sit at med ein liten skjerv, om dei vel å ha eigedomsskatt. 80 % av turbinane som er i drift i dag er eigd utanfor Noregs grenser.
· Vindkraft reduserer verdien av eksisterande vasskraft, motverkar oppgradering av vasskraftverk og krev store investeringar i nettet.
- Det finst heller ikkje gode metodar for avfallshåndtering når produksjonstida er over.
Mi sterke oppmoding er at de ikkje berre skrinlegg Nasjonal ramme for vindkraft, men at de trekk attende dei konsesjonane som er gitt, og at de set ein stoppar for vindindustrien.